Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Kyrkja
Lindås kyrkje

 

 
     
Lindås kyrkje
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 22.03.2003
 

Lindås kyrkje. Foto: Scandion.
  
Lindås kyrkje stod ferdig 20. september 1865. Kyrkja vart bygd like vest for den gamle. Etter ei restaurering i 1969 fekk kyrkja nye sakresti, ny hovudinngang og ståande panel på veggane innvendig. Søndag 27. juli 1969 kunne kyrkjelyden ta i bruk den nyrestaurerte kyrkja. Frå 1980 og utover fekk kyrkjeskipet nye fargar. Arbeidet vart utført av malarmeister Kåre Rønquist.  

Historie 
Lindås er ein gamal kyrkjestad. Alt i 1315 skal Lindåskyrkja vera nemnt, men då hadde det vore samlingstad her alt i mange år. Eit steinalter under open himmel var det fyrste kyrkjebygget, men seinare vart det murt opp vegger på tre sider. Soleis fekk Alter og prest tak medan kyrkjelyden stod ute på bakken. Etterkvart kom det store tilbygget slik at også kyrkjelyden fekk vera under tak. 

Inventar 
Døypefonten er i kleberstein og truleg frå 1200-talet. I kyrkja er og deler av ei gamal altertavle med årstalet 1606. Lysekrune frå 1620. På veggene i skipet heng det marmortavler med motiv av kjente personar frå kyrkjesoga. Det er den lokale kunstnaren Katarina Saltnes som har utført arbeidet. 

I 1906 fekk kyrkja sitt første pipeorgel. Noverande orgel er på 21 stemmer og bygd av H. Jørgensen, Oslo i 1978. I 1987 etterintonerte Bruno Christensen, Danmark orgelet.  

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal