Ordinasjon i Sandnes kyrkje
Forfatter: Gunnvor Fyllingsnes
(11.03.2005)
Palmesøndag vert ein stor dag i Sandnes kyrkje.
Det er ikkje kvardagskost med ordinasjon til preste- og misjonsteneste
av ein masfjording. Men på palmesøndag skal det altså
skje.
Ved gudstenesta denne dagen vert Kjartan Sørheim
vigd til prest av biskop Ole D. Hagesæther, for å gå
inn i misjonsteneste. Ei misjonsteneste han skal ha saman med ektefellen
Eirin.
Om alt går etter planen, reiser dei i juli, saman
med dottera Kaja, til nordaust Thailand der Det Norske Misjonsselskap gjennom
mange år har støtta kyrkjelydsbyggjande arbeid og arbeid for
å nå nye med evangeliet. Der skal dei i første omgang
ha teneste i fire år.
Ved å ha ordinasjonen i heimkyrkja på Sandnes,
ynskjer Kjartan at det også kan bety at kyrkjelyden får del
i dette misjonsarbeidet på ein sterkare måte. Det ligg eit
stort ansvar på ein kyrkjelyd som får senda ein av sine ut
som misjonær.
Ikkje minst vert det eit stort bøneansvar for oss.
Det er vårt ynskje at både barneforeiningane, misjonsforeiningane
og kyrkjelyden vår kan ha god kontakt med Kjartan og Eirin medan
dei er i Thailand.
På sjølve ordinasjonsgudstenesta vil biskop
Ole D. Hagesæther og prost Helge Hitland delta saman med vår
eigen sokneprest og utsendingar frå NMS og Misjonshøgskulen
i Stavanger. Det vil elles verta musikk frå ei gruppe frå skulemusikken.
Etter gudstenesta inviterar soknerådet til festsamling
i gymnastikksalen på skulen. Her vert det servert middag og kaffi
og det vert høve til helsingar.
Me vonar mange finn vegen til Sandnes kyrkje denne palmesøndagen
og vert med på ordinasjonen til Kjartan. |