Herdla museum
Herdla museum presenterer både natur- og kulturhistoriske
emne. Under 2. verdskrig var det ein tysk flybase på øya.
I utstillingane blir det vist modellar av både fly, flyplass og forsvarsanlegg,
forutan mange gjenstandar frå krigens dagar.
Museet finn du ved Herdlevågen på øya
Herdla heilt nord i Askøy - det naturlege utgangspunkt for den som
vil bli kjent med ei spesiell øy.
Museet har også ei utstilling om korleis landskapet
på Herdla blei forma då isen smelta etter siste istid. Dette
landskapet, kjenneteikna av flatar, strender og gruntvassområde er
grunnlaget for det rike fuglelivet på øya. I utstillinga finst
informasjon om mange av dei artane som er typiske for Herdla. Det vert
også vist skiftande utstillingar i ei restaurert tyskarbrakke som
ligg i museumsparken.
Kjelde:
www.museumvest.no |