Vestnorsk Utvandringssenter
Tekst: Vestnorsk Utvandringssenter
Foto: Scandion
Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta i Radøy
kommune vart opna 4. juli 1997. Senteret har, dei siste åra, arbeidd
for å kaste lys over emigrasjonen i vid forstand, og for å
halde oppe minnet om denne delen av norsk-amerikansk historie.
Sidan har senteret trekt til seg turistar frå fjern
og nær på leit etter slekt og vener i det unike utvandrararkivet
som er knytt til senteret. Ei emigrantkyrkje, Brampton Lutheran Church,
vart henta heim frå Nord Dakota i USA, og utgjer i dag ein sentral
del av senteret.
Les meir |