Bergen
Foto: Scandion
Sagaen fortel at Olav Kyrre grunnla Bergen som kjøpstad
omkring 1070. Byen vaks på denne tida fram som ein viktig handelsplass
for fisk nordfrå. Staden låg lagleg til både for fartøy
som kom med tørrfisk frå Nordland, og for handelsskutene frå
utlandet.
Fram til 1299 var Bergen Noregs hovudstad, då denne
funksjonen vart flytta til Oslo. Ut gjennom mellomalderen spela Bjørgvin,
som byen då heitte, ei viktig rolle som bispesete og kroningsby,
og kongen budde gjerne der. Les meir |