Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Askøy
Attraksjonar
 

 

   
Erdal Telemuseum
Tekst: Scandion
08.07.08

For den som er interessert i teletekniske samlingar er Erdal Telemuseum på Strømsnes i Askøy kommune verdt eit besøk. Klenodier frå Bergen Radio har resultert i ei samling som viser utviklinga innan telekommunikasjon gjennom 100 år, blant anna sentralbord frå ulike tider, ein gamal telefonsentral, mange ulike telefonboksar, lydutstyr, måleinstrument og radiosendarar.

Ein 20 kW Telefunken-sendar frå 1935 er museets juvel, og den einaste senderen i sitt slag som er bevart for ettertida. Offisiell start for Bergen 1 frå sendaren på Askøy var 28. november 1937. I tilknytning til sendaren vart det reist to 150 meter høge radiomaster som vart eit kjent landemerke heilt fram til hausten 2000 - då dei blei fjerna av hensyn til tryggleiken.

Telefunkensenderen blei i 1965 erstatta av ein 20 kW Philips sendar som var i bruk inntil Bergen I blei nedlagt 1. november 1978 kl. 00.15

På sikt er det planar om å forbedre mastene og gjere dei så solide at dei igjen kan bli eit landemerke som vil tåle alle værforhold.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no