Rongevær - eit øysamfunn i krig
Forfattar: Scandion
Arnfinn
Haga har nemnt Rongevær i sine tidlegare bøker, men i
boka «Rongevær - et øysamfunn i krig», gjev han
ein eigen framstilling av hendingane i dette utværet som vart så
viktig i okkupasjonsåra.
Øysamfunnet Rongevær ligg lengst vest i Austrheim
kommune, nokre mil nordvest for Bergen. Frå øyar og holmar
har folk god utsikt til hovudskipsleia, som samtidig er innseglingsfjorden
sørover til Bergen.
Den første krigssommaren 1940 oppretta frakteskipper
Hilmar Langøy, saman med nokre kamerater i Rongevær, «rute»
til Shetland for både «byfolk og bønder» som flykta
den vegen, og mot slutten av krigen hadde kutterbasen på Shetland
forbindelse med Rongevær.
Boka fortel om nokre uhyre dristige pionerturar i åpen
sjø og om ein radiosender i Secret Services teneste som ein periode
opererte nettopp frå Rongevær, med god hjelp av fiskaren Rasmus
Krossøy. Det oppsto fleire dramatiske episodar, ikkje minst då
tyskarane begynte å sirkle inn sendaren. Til slutt måtte Rasmus
og familien også la seg frakte over Nordsjøen.
Arnfinn Haga (født 1936 i Sagvåg på
Stord) er kjent for sine 26 sakprosabøker om nordmenn under andre
verdskrig, og han vart i 2003 tildelt Kongens
fortenestemedalje i gull for sitt forfattarskap. Kongens
fortjenstmedalje i gull er den 8. høgaste norske dekorasjonen, etter
Krigskorset.
Arnfinn Haga arbeidde som lektor i gymnaset fram til 1975
då han vart forfattar på heiltid.
Bibliografi
Det regner i fjellet (1974)
Dette er vinteren (1976)
Arquebus kaller London (1976)
Natt på norskekysten (1979)
Kystens partisaner (1980)
Da stjernene frøs (1981)
Jernring rundt Bjørn West (1982)
Vi fløy Catalina (1983)
Landgang ved midnatt (1983)
Klar til storm (1984)
Er det du, Laurits? (1985)
Eva. Et kunstnerportrett (1986)
Da Stein-organisasjonen ble sprengt (1987)
Måne over Øygarden (1988)
Operasjon Ravnen (1990)
Mørket var min venn (1991)
Gå i dekning, Sofie! (1992)
Aksjon Telavåg (1993)
Kongens tog kapret (1994)
Hunden uler mot månen (1995)
Fristed for fredløse (1996)
Fiendtlige spor fra kysten (1997)
Alta bataljon 1940 (1998)
Valdres 1940 (1999)
Den store flukten (2000)
Skygger over Utvær (2001)
En kutter med flybensin (2002)
Raidet mot Stordø Kisgruber (2003)
I mulm og mørke - Fem års kamp mot okkupasjonsmakten
(2004)
Dramaet på Hustadvika (2005)
Kjelde:
bokavisen.no
no.wikipedia.org
|