Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Austrheim
Natur
Geografi

 


 
 
 

 

    
Geografi

Austrheim ligg lengst nordvest i Hordaland, og vart eigen kommune i 1910. Karakteristiske trekk for Austrheim er kulturlandskap med lyngheier, som i vikingtid prega kysten av Europa frå Norge til Portugal. Like karakteristisk er skjærgarden, som er sammensatt av fleire hundre holmar, øyar, trange sund og lune vikar - ei perle for båtturistar. Historia om Austrheim fortel mykje om den utviklinga som har gått føre seg i kyststråka i Sør-Noreg. Den som i dag tar turen gjennom kystlandskapet, ser mange spor: buplassar frå steinalder og tufter frå vikingtid og mellomalder, steingardar og sjøhus frå førre århundre, og ikkje minst oljealderen sine vegar, bruspenn og høgteknologiske installasjonar. 

Tiriltunge (Lotus corniculatus) vart i 1998 valt ut til Austrheim kommune sin kommuneplante. 
 

 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal