Attraksjonar
Den største attraksjon i Etne kommune er ein mangfaldig
natur, frå fjord til fjell og fonn. Langfoss, Etnefjella og Etneelva
er då viktige stikkord.
Men du kan også oppleve eit variert tilbod av andre
attraksjonar, både historiske og meir moderne som t.d. galleri, kunst
i offentlege rom og særmerkte hageanlegg. Ved sida av mange kulturminne
og bygningsmiljøet i Skånevik.
Hellerisningar
I Etne er det tillrettelagde hellerisningar på
Helgaberg på Stødle og Duesteinen og Bruteigsteinen i Stordalen.
Ved Bruteigsteinen er der infotavle, men diverre er figurane for tida litt
svakt oppmalte.
Postvegen Etne - Skånevik
Postvegen i Rullestadjuvet
Gamal ferdaveg i dramatisk fosselandskap mellom Skromme
og Rullestad i Åkrafjorden (frå om lag 1870). Vegen er under
restaurering og noko uferdig i delar. Frå Skromme kan ein gå
vidare opp stien til dei kjente jettegrytene.
Borgaråsen bygdeborg på Osnes
Natursti med infotavlar opp frå badeplassen i Honsvikjo.
Bratt bakke opp siste del. I alt er der 4 bygdeborgar rundt Etne. Der er
i dag ikkje særleg mykje att etter desse forsvarverka frå århundra
før 600 e. Kr, anna enn nedraste murar.
Den gamle Åkrafjordvegen
Veganlegg bygd ferdig av tyskarane under siste verdskrigen.
Rundt 1000 mann arbeidde her i 1940. Høgkvalitets ingeniørkunst.
Vakkert fjordlandskap. Opent frå steinkvelvingsbrua ved Skålnes
aust for Markhus, via Teigland til Tjelmeland (vinterstengt sistnemnte
del). Fine utsiktspunkt.
Gamal handelsstad på Kyrping
Viktig knutepunkt i Åkrafjorden frå gamal
tid, med samferdel og handel, vare- og tenesteproduksjon til langt ut på
lenge etter 1950. Bygningane er under oppussing til private føremål.
Gravfelt
Det ligg gravfelt og einskildgraver spreidt i heile den
vestlege delen av Etne kommune. Dei største felta ligg på
Stødle-Sørheimsterrassen (infoskilt kjem ved Stødle
kyrkje) og Grindheim/Rygg. På Ebne på Skånevikstranda
ligg eit særmerkt gravfelt ned ved sjøen. Ein av gravene har
4 steinstøtter i hjørnene (infoskilt kjem).
Industrielle kulturminne.
I samband med eit tusenårssprosjekt om Industrielle
kulturminne på Vestlandet, blei det skreve om to plassar i Etne:
Den gamle industristaden Håfoss
Sardinfabrikken i Skånevik |