Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Fedje
Attraksjonar
Hellisøy fyr
Mellom to fyr
   
 
Mellom to fyr
Forfatter: Jan Torry Sande
 (30.05.2006)

Fedje kommune ligg lengst vest av alle norske kommunar. Utanfor Fedje er det Nordsjøen som ligg og bryt mot små holmar og skjer. Her ute har folk budd i fleire tusen år. 

Dette er eit øysamfunn med ca. 700 innbyggjarar. Ein liten halvtime med ferje frå fastlandet kan ein nyte lange sumarkveldar og den spektakulære vinterstormen. Her ute er det mykje ver, uansett korleis ein likar det. På klare soldagar kan ein skimte plattformene på Troll-feltet og studere ei rekkje fugleartar som held til her. Her finn du til og med ein eigen stamme villkanin om du leiter tålmodig. 

På ein eigen holme, tett ved sydvestpynten av øya, ligg Hellisøy fyr. Det vart oppretta i 1855 og er no freda. 

Namnet Hellisøy kjem truleg av heller, som er eit utoverhengjande berg. Sjølve fyrtårnet er 32,3 meter høgt og laga av støypejern. Det er raudfarga med to kvite striper som du ser på biletet. 

I år har kystverket pussa opp tårnet, slik at det no har fine farger. På Hellisøy ligg ein fyrvaktarbustad samt to andre bygg. 

Fyrvaktarbustaden var bygd i 1903, men pussa opp og modernisert i 1968. Bustaden leiger Fedje Kommune av kystverket, men forpaktar den vidare ut til Fedje Reiselivsutvikling. Fedje Reiselivsutvikling, som er ein interesseorganisasjon for reiselivsnæringa på Fedje, leiger ut denne bustaden til eiga inntekt. 

Her kan ein overnatte i autentiske omgjevnader slik det var når fyrvaktarane budde der. Turistkontoret (tlf. 56 16 43 20) på øya formidlar leige og har ansvar for oversyn av båt og båtmotor, som ein treng for å kome seg over fyrsundet. Dette er en svært populært reisemål. Det er ein eigen fred, naturkreftene til trass, her ute i havgapet. 

Åtte kilometer nord for Fedje ligg Holmengrå fyr. Det var opphavleg meininga å bygge der først, men: Et Fyr ved Feje-osen vilde blive til langt mer Gavn for Søfarten, end om det sattes paa Holmengraa, da det søndre Løb er meget renere og sikrere end Fejefjord, hvorfor det næsten utelukkende søges av skibe der kommer fra søen eller skulle til søes (Bjørkhaug, Poulsson 1986: 228). Derfor blei Hellisøyfyret bygd først og Holmengrå kom i 1892. 
 

Holmengrå er ei kvit trebygning med tårn. Tårnet er 16 meter høgt og lyshøgda er 35,5 meter over høgvatn. Staden har ingen ankerplass eller hamn. Dette er ein svært verutsett stad, og opp gjennom historia har ein måtte utbetre ein del på grunn av dette. 

I 1940 og 41 blei fyret utsett for eld frå allierte fly og fekk slik ein del skadar. Krigen førte til at stasjonen ikkje fekk tåkesignal før i 1954. Seinare endringar er at fyret blei elektrifisert i 1955 og at det blei montert ein racon (eit instrument som svarar på signalimpulsar frå fartøy sine radarar) i 1975. No er Holmengrå automatisert og fråflytta. 

Fyret har vore nesten urørt sidan det vart fråflytta, for om lag ti år sidan. Eg kjenner ikkje til konkrete planar for kva som skal skje med Holmengrå vidare. Potensialet for turisme er til stades. Kommunen og reiselivet har uttrykt interesse for staden, men det er ein del utfordringar. Det første ein må få ei ordning på er kommunikasjon. Holmengrå er lite tilgjengeleg på grunn av vertilhøve og tilkomst. Difor vil det vere eit heilt annleis fyr å drive utleige på enn Hellisøy. På Grånen, som Holmengrå blir kalla her, blir dei som eventuelt vil leige til dels isolert – ein kan ikkje reise til og frå Fedje i ei handvending. 

Fyra er populære merke i naturen. Dei er godt synlege og spesielle byggverk i ein rå natur. Folk kjem gjerne langvegs for å ta desse bygga i augesyn og overnatting på Hellisøy er svært populært. Lenge har dei stått, som sivilisasjonens grensemerke mot den totale villskap – det opprørte hav. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no