Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Fedje
Fedje kyrkje
 

   

   
Fedje kyrkje 
Foto: Scandion

Fedje kyrkje vart vigsla 7. september 1941 
av biskop Andreas Fleischer. 

Kyrkja, som er bygd i mur og har kring 400 sitjeplassar, er teikna av arkitekt Ole Halvorsen, Bergen. 
Dette er den tredje kyrkja på denne plassen, og drivkrafta bak reisinga av den nye kyrkja var Mikal Eide. 

Altartavla og alterbordet er det same som var i gamlekyrkja, ei gåve frå utflytta norsk-amerikanarar, Bertha og Mikal Viken. Bildet på altartavla er måla av Vilhelm Bjørknes, Byrknesøy. Fyrmeister IvarTangen gjorde trearbeidet i altaret og altertavla i ledige stunder på Hellisøy fyr. 
 
I 1979 fekk kyrkja nytt orgel; eit mekanisk trakturorgel frå Dresden med 16 stemmer. Ved kyrkja er det reist ein bauta over falne frå Fedje under siste krig. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no