Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Fedje
Prisar/utmerking
Miljøprisen

 


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

    
Miljøprisen
(30.05.2007)

Retningslinjer for miljøprisen: I 2000 oppretta NGIR eit miljøfond, der delar av fondet kunne gå til ein miljøpris. Prisen er eit av fleire verkemiddel i arbeidet for å redusera avfallsmengdene. Juryen bestod av representantar frå NGIR, Naturvernforbundet i Nordhordland, Handverk- og industrilaget og Nordhordland avis. Prisen skal ha ein verdi på inntil kr 30.000,-. 

2007: Knarvik Industri og Miljø 
Grunngjeving: KIM får NGIR sin miljøpris for sitt arbeid for avfallsreduksjon og gjenvinning. Avfallsmengdene i samfunnet vårt aukar år for år, og juryen meiner det er prisverdig det KIM har fått til med sin gjenbruksbutikk. Her kan ein kvitta seg med ting ein ikkje lenger treng, og samtidig gje andre sjansen til å gjera eit godt kjøp. 

Fullt brukbare ting utgjer diverre i dag ein stor del av hushaldningsavfallet vårt, og våren er høgsesong for unødig kasting. Dei færraste er klar over miljøkonsekvensane av det dei kastar, og difor er det viktig at KIM går i framgrunnen og set fokus på gjenbruk og avfallsreduksjon. KIM er i dag med på å bidra til at stadig fleire gjev vekk brukbare brukte produkt framfor å kasta dei. 

2006: Frank Mohn AS 
Grunngjeving: «Frank Mohn AS har på ein grundig måte teke fatt i utfordringane med å få til kjeldesortering i ei verksemd med mange tilsette. Dei har analysert kva avfall dei har, informert i møter internt, og tilrettelagt skreddarsydde sorteringsstasjonar for heile verksemda. Resultata til no er «best i klassen» og viser at med god tilrettelegging, informasjon og dei rette folka til å motivera, får ein til mykje på kort tid. 

Frank Mohn har eit «ryddig» omdømme, og ei vitjing i dei mange produksjonshallane viser at verksemda har ein kultur for å tilretteleggja for HMS. No har dei gjennom denne prosessen vist at dei og har kvalitetskrav til avfallet dei produserer, og korleis dette vert handsama vidare. 

Frank Mohn har søkt råd og rettleiing for å leggja til rette for sitt eige interne avfallssystem. Dei har gått systematisk til verks og teke utgangspunkt i avdelinga på Flatøy før det vart vidareført til avdelinga på Mongstad. Slik fekk dei høvet til å tilpassa systemet internt og gjera mindre endringar før dei innførde det fleire stadar. Med ein gjenvinningsgrad på over 70% er Frank Mohn AS i ypperste klasse når det gjeld avfallshandsaming.» 

2005: 13 skular i NGIR-regionen - Hald Noreg reint 
Grunngjeving: 13 skular og i alt 1033 elevar gjorde ein stor innsats under den nasjonale Hald Noreg reint-kampanjen våren 2005. Ved å organisera ryddedagar tok desse ansvar og rydda skulane sine nærmiljø. Den lokale kampanjen i NGIR-området var ein del av NGIR sitt haldningsskapande arbeid overfor born og unge. Gode haldningar må som kjent skapast i ung alder for at ein skal få miljøbevisste vaksne. Dei skulane som melde seg på kampanjen tok utfordringa på strak arm og mobiliserte til eit miljøarbeid som mange har glede av. 

2004: Jotun AS, Manger 
Grunngjeving: Jotun AS, lokalisert på Manger, får NGIR sin miljøpris for 2004 for å ha vist ein heilskapleg miljøprofil over fleire år. Ei verksemd som arbeider med kjemiske prosessar må vera budd på å tola innsyn, både frå det offentlege og naturvernorganisasjonar. Jotun viser med sine kvalitetssikringssystem og si oppfylgjing av desse ein veldriven organisasjon som haustar godord i breie lag. Vinnaren tek avfallshandsaming på alvor, og har i tillegg arbeidd godt med HMT (helse, miljø og tryggleik). 

2003: Knarvik Senter 
Grunngjeving: Knarvik Senter har over tid arbeidd systematisk for å leggja til rette for kjeldesortering og bevisstgjering om avfallsproduksjon. Dei har ressurspersonar både i vaktmeister og senterleiar som med stort engasjement fokuserer på haldningar og resultat på dette området, og påverkar mange i sitt daglege arbeid. Dette gjer seg utslag i gjenvinningsgraden, dvs. del av avfallet som går til gjenvinning, som er i særklasse for å vera ein handelsstad, i tillegg til reduksjon i avfallsmengdene, dette i forhold til omsetnad. 

2002: Radøy Kirkelige fellesråd 
Grunngjeving: Radøy Kyrkjelege Fellesråd har vore ein drivande faktor for miljøarbeid over tid. Dei har vist eit engasjement, både internt og utad, som set miljøarbeidet inn i ein forbiletleg heilskap. Av særskilte tiltak vert fylgjande framheva; økologisk drift av kyrkjegardane, kompostering av avfallet på kyrkjegardane, ei eiga miljøside i kyrkjelydsbladet og at dei gjennomfører eit samarbeid med Miljøheimevernet sine «grønne menigheter» har sett fokus på innkjøp, haldningar om forbruk og korleis avfallshandsaminga frå kyrkjegardane og kontordrifta kan betrast. 

2001: Finn Clausen Fossafe AS, Fammestad. 
Grunngjeving: Finn Clausen Fossafe har klart å redusera avfallsmengda, hovudsakleg gips, med meir enn 50% ved å endra på produksjonsmetodar og innkjøpsrutinar. I tillegg driv verksemda med full kjeldesortering. 
 


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal