Fjell
festning
Tekst og foto: Scandion
Fjell festning vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta
og tilhørte den tyske Kriegsmarine. Arbeidet vart byrja på
ettersommaren 1942, og var ferdigstilt i den grad at kanona kunne prøveskytast
første gong 12. juli 1943. Festninga skulle verna innseglinga til
Bergen og gjekk inn i arbeidet med Festung Norwegen og Atlanterhavsmuren.
Anlegget blei bygd av krigsfangar frå ulike delar
av Europa, men sjølve nærforsvarsanlegget blei aldri ferdig.
Både norske entreprenørar og fleire norske arbeidarar deltok
frivillig på anlegget, då arbeidet var godt betalt. Anlegget
i seg sjølv er eit av dei største enkeltståande festningsanlegg
i Europa frå andre verdskrig, og er i så måte unikt.
Fjell festning blei forskriftsfreda av Riksantikvaren 6. mai 2004.
Les meir om Fjell festing på no.wikipedia.org
|