Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Hordaland

 

 

 
Fylkesmannen i Hordaland
Tekst: Scandion
 
Fylkesmann Lars Sponheim er fødd i Halden 23. mai 1957. Han har vore ordførar i Ulvik, storingsrepresentant og partileiar for Venstre og statsråd i to regjeringar. Han var nærings- og handelsminister frå 1997 til 2000 og landbruksminister frå 2001 til 2005. 
 
Fylkesmannen i Hordaland held til i Statens Hus som ligg i Nonneseterkvartalet mellom Jernbanestasjonen og Bergen Storsenter. 
 
Hovudoppgåver 
Fylkesmannen har ansvar for å gjennomføre Stortinget og Regjeringa sin politikk slik det kjem til uttrykk gjennom instruksar, lover, forskrifter og vedtak. 

Han skal fremja fylket sine interesser for sentrale styresmakter, og sjå til at statleg politikk på fylkesplan vert fagleg samordna og iverksett. 

Fylkesmannen har ei rekke direkte forvaltningsoppgåver som mellom anna omfattar miljø, landbruk, lovlegkontroll av kommunebudsjetta/kommunale vedtak og låneopptak i kommunane. 

Fylkesmannen har også ei viktig rolle som rettstryggleiksinstans og handsamar klager på kommunale vedtak på fleire saksområde. 

Kjelde: Fylkesmannen i Hordaland. 

Fylkesmenn 
2010 - Lars Sponheim
1998 - 2010 Svein Alsaker 
1984 - 1998 Håkon O. Randal 
1966 - 1984 Lars Leiro 
1949 - 1966 Mons Lid 
1934 - 1949 Gjert Lindebrække 
1929 - 1933 Ernst Andreas Johannesen 
1918 - 1929 Kristian Friis Petersen 
1898 - 1918 Hroar Olsen 
1878 - 1897 Claus Nieuwejaar Worsøe 
1869 - 1877 Niels Mathias Rye 
1860 - 1869 Hans Thomas Meinich 
1850 - 1860 Nils Vogt 
1834 - 1850 Jens Schydtz 
1831 - 1834 Edvard Hagerup 
1829 - 1831 Georg Jacob Bull 
1825 - 1827 Christian Magnus Falsen 
1815 - 1825 Wilhelm F. K. Christie 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no