Knarvikmila
Tekst: Scandion
Den første Knarvikmila vart skipa til i 1983. Denne
gjekk laurdag og det var berre 10 km som stod på programmet. Sundag
var det landskamp i friidrett for kvinner mot Be-Ne-Lux-landa med ein innlagt
VM på 10000 meter for kvinner.
Sidan dette har Minimil, 5-kilometer, naturløype,
KnarvikMila Xtrem, konferansar, konsertar og utstilling kome til, og tilskipinga
strekkjer seg over 3-4 dagar.
Knarvikmila, eit mosjonsløp, folkefest og viktigt
kulturarrangement i Nordhordland, vert arrangert av FIL-AKS77 i Knarvik
kvart år i september. Det er eit av Noregs største mosjonsløp
med over 5000 deltakarar.
I 2006 vert Knarvikmila arrangert for 24. gang og går
frå 31. august til 3. september, med sjølve Knarvikmila, søndag
3. september. Arrangementet omfattar både konferanse, barneløp,
ungdomsløp, naturløype og asfaltløpa som går
over 5 og 10 kilometer.
Helge Brekke, sjef for Knarvikmila, fekk under 20-årsjubiléet
i 2002 Kongens fortenestemedalje i sølv for samfunnsnyttig og framragende
innsats for barn og unge. |