Knarvik
Foto: Terje Opdal
Knarvik er kommunesenter i Lindås kommune og regionsenter for
Nordhordland.
Hugsar ein tilbake til før 1965 - var Knarvik ikkje
stort meir enn eit ferjeleie i utmarka. I 1956 vart ferjeleiet flytta frå
Isdalstø til Knarvik. For dei reisande betydde det at reisetida
vart halvert.
Ved den landsomfattande kommunereguleringa frå 1.
januar 1964 vart Knarvik peika ut som administrasjonssenter i Lindås
kommune.
I 1965 vart Knarvik også vald ut som eit såkalla
prøvesenter.
Tanken bak var eit nytt nasjonalt planprogram der ein
prøvde å bremse tilflytting til dei mest sentrale stroka og
byggja opp regionale og vekstkraftige senter.
Midt på 1970-talet kom det verkeleg fart i utbygginga
i Knarvik. Mellom 1964 og 1987 vart det bygt over 500 nye bustader.
Forretningsbygg vart reist, og Knarvik vart eit skulesenter
for regionen. Administrasjonen i kommunen vart flytta til Knarvik frå
bygda Lindås, nord i kommunen.
Opninga av Nordhordlandsbrua i 1994 førde til stor
vekst i området. Etter at brua var nedbetalt i desember 2005, har
det opna opp for ei utviding av kundegrunnlaget sørover mot Bergen.
Innanfor ein avstand på 5 km på sørsida av brua bur
det rundt 15.000 menneske.
Det som i dag er ei stor utfordring vidare for Knarvik
som vekstsenter er E39 - som fører til store trafikkproblem i området
- noko som det vert arbeidd med å finne ei løysing på.
Møtestad for handel og kultur
Næringsliv og offentlege instanser har etablert
seg på begge sider av E39, som deler regionsenteret. På nedsida
av europavegen finn ein også skysstasjonen, trafikknutepunkt for
busstransport i distriktet.
Knarvik Senter
Knarvik Senter vart opna 28. juni 1978.
Utbygginga kom i gang etter at Lindås kommune la
ut området Kvernhusmyrane til handels- og serviceformål. Tildeling
av tomtar og utbygging skjedde i regi av det kommunale selskapet Lindås
Tomteselskap L/L.
Den vidre utbygging av Knarvik Senter skjedde i to fasar
fram til 1991.
Det som i åra etter dette synte seg å bli
meir og meir etterlengta både av næringsliv og kundar var eit
glasstak over det resterande fellesareal. Det stod ferdig i oktober 2003
og dekkjer meir enn 4000 kvm. Knarvik Senter AS står i dag som eigar
og disponerer fellesarealet.
Knarvik Senterforening har ansvaret for marknadsføring
av senteret - internt og eksternt. Det rike kulturlivet i distriktet får
vise seg fram på Senterscena.
I Knarvik Senter vert det lagt stor vekt på aktivitetar
som skaper trivsel, som bl.a mote-visningar, barnas dag, brudemesse, Strilajazz
og nattopent. Lindås Kulturskule, som også held til i senteret,
har fast konsert siste torsdag i månaden.
Utbygging
1965 - Nordhordland yrkesskule
1967 - Knarvik gymnas
1974 - Knarvik sjukeheim
1977 - Lindås rådhus
1978 - Knarvik senter
Frem til opninga av Nordhordlandsbrua i 1994 var ferjesambandet
Knarvik - Steinestø, landets mest trafikkerte.
Knarvikmila, som er eit av dei største mosjonsløp
i Noreg, vert arrangert kvart år i september.
Kjelder: knarvik-senter.no |