Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Kjentfolk
 

 


 
 
 
 
 
 
 
 

 

   
Aslaug Låstad Lygre
(13.06.2006)
Forfatter: Nynorsk Wikipedia

Aslaug Låstad Lygre (1910–1966) var ein lyrikar frå Lindås i Hordaland. Diktinga hennar er prega av dei små tinga vi burde setja pris på i dagleglivet, ikkje minst av vakre, harmoniske naturskildringar. 

Aslaug Låstad Lygre gav ut seks diktsamlingar, alle i den intime, personlege og somme tider melankolske stilen som kjenneteiknar henne som lyrikar. Ho debuterte som diktar so seint som i 1943, med samlinga No blømer alle rosene. 
Gjennombrotet kom med dei litt tungsindige dikta i samlinga Den einsame roaren (1952). Sitt mest kjende dikt, «Sumarnatt», skreiv ho nokre år tidlegare, omgjeven av døyande menneske på Luster sanatorium, der ho var innlagd for tuberkulose. 

Geirr Tveitt har laga melodi til «Sumarnatt» og fleire andre av dikta til Aslaug Låstad Lygre. 

Bibliografi 
No blømer alle rosene (1943) Diktsamling 
Eld av steinar (1948) Diktsamling 
Den einsame roaren (1952) Diktsamling 
Rit di rune (1957) Diktsamling 
Fest i september (1960) Diktsamling 
Primulakveld (1964) Diktsamling 
Dikt i utval (1978) 
Dikt i samling (2005) 

Kjelde: Nynorsk Wikipedia 
 
 

 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal