Ostereidet kyrkje
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.11.2003
Ostereidet kyrkje. Foto: Scandion.
Ostereidet kyrkje vart innvigd 18. desember 1988.
Kyrkja er bygd i betong etter teikningar av arkitektkontoret Einar Lunde
AS ved arkitekt Bengt Suleng.
Kyrkja ligg i skrånande terreng i lia ned mot fjorden
litt nord for Ostereidet. I form er den ei einskipa kvadratisk kyrkje med
saltak. Tårnet har form som ein open takryttar, med synlege klokker.
Gavlfløyen inneheld ein sal som kan opnast mot
kyrkjerommet ved hjelp av foldevegg. Den andre fløyen inneheld sakresti,
kontor m.v. Kyrkjerommet har rekkjer med armstolar på kvar side av
ein midtgang frå inngangsdøra fram til podiet. I kyrkja sin
underetasje er forsamlingsrom med kjøkken, garderobe, toalett, reiskapsrom
og bårerom.
Kyrkja har ikkje regulær altertavle, men ei tavleliknande
utsmykking som står på podiet inn mot veggen bak alteret. Over
alteret heng ei kvadratisk bronseplate med ei framstilling av den korsfesta
Kristus i svakt relieff. Plata er laga av Tor
Lindrupsen.
Kyrkja har to klokker, levert av Olsen & Sønn
klokkestøperi, Nauen pr. Tønsberg. Den største klokka
har innskrifta "Gloria in excelsis Deo", den minste "Et in terra pax ("Ære
være Gud i det høyeste og fred på jorden"). På
den største klokka skal namnet på to brør som kosta
klokkene stå.
Kyrkjegarden, med plass til 233 graver vart laga i bakken
nedanfor kyrkja i 1986.
Ostereidet kyrkje høyrer innunder Osterfjorden
prestegjeld. Det vart utskilt frå Hamre og Hosanger, og oppretta
som eige prestegjeld i 1967. Prestegjeldet omfattar også Hjelmås
Kapell, Vike og Mo sokn. |