Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Prisar/utmerking
Fortenestemedalje

 

  
Kongens fortenestemedalje i Lindås kommune
(13.04.2007)

Kongens fortenestemedalje vart stifta i 1908 av kong Haakon 7. til belønning for fortenester innan kunst, vitenskap og næringsliv, samt for utmerka forhold i offentleg teneste. Medaljen vert utdelt i gull og sølv. 

2007
Asbjørn Åsgard får H.M. Kongens fortenestemedalje i sølv for sin store innsats for kultur og historie. Han har bl.a skrive skulesoga i Lindås i to bind, soga om helsestellet i kommunen, og fått historia om Katharina Saltnes fram i lyset.

2007 
Jostein Vike får H.M. Kongens fortenstmedalje i gull for langvarig samfunnsganglig virke for distriktsutvikling og næringsutvikling i Nordhordland, samt engasjement og innsats for å ta vare på kulturelle og historiske særpreg i regionen. Fylkesmann Svein Alsaker stod for tildelinga under ei tilstelling 11. april på Alver Hotel. 

2005 
Olav Hannisdal får kongens fortenestemedalje i sølv for sin aktive innsats på mange områder. I sitt yrkesaktive liv var han m.a. lærar - og han arbeidde mange år i lokalavisa Strilen - som han var med å starta. Han har også vore aktiv i menigheitsarbeid og i fråhaldsrørsla i Nordhordland. Ordførar Tove Brandvik stod for tildelinga under ei tilstelling på kyrkjelydshuset på Lindås lørdag 10. desember 2005. 

2005 
Maria Sivertsen, frå Alversund, får Kongens fortenestemedalje i sølv for utmerka samfunnsinnsats gjennom eit langt liv. Fylkesmann Svein Alsaker stod for overrekkinga under ei høgtideleg stund i Sandviken i Bergen torsdag 24 november. Maria har gitt fleire store pengegåver til ulike gode formål bl.a. 1 million kroner til Barneklinikken på Haukeland Sjukehus og 100.000 kroner til oppussing av Alversund kyrkje. 

2005 
Ove Jan Paulsen får kongens fortenestemedalje i sølv for sitt engasjement på mange områder for å bevare eit godt miljø i Lindås-bygda. I tillegg til sitt daglege arbeid som rektor har han bl.a. vore med i mange lag og organisasjonar - og har vore dirigent for Lindås Songlag i 21 år. Ordførar Tove Brandvik stod for tildelinga under eit arrangement lørdag 24. september 2005. 

2004 
Olav Grov får Kongens fortenestemedalje i gull for sitt arbeid med å leggja til rette for industri på Mongstad. Grov får også medaljen for sin innsats i lensmannsetaten der han var tilsett frå 1941 til han gjekk av med pensjon i 1987. Dei siste sju åra som lensmann i Lindås og Meland. Han var også ordførar i Lindås tidleg på 1970-talet. Medaljen var utdelt av fylkesmann Svein Alsaker under ei høgtidleg tilstelling på Lindås Brygge 24. mai. 

2004 
Karsten Larsen fekk Kongens fortenestemedalje i sølv for sin innsats for lokalmiljøet i Alverstraumen. Larsen fekk medaljen under ei tilstelling på Alver Hotel, der ordførar Tove Linnea Brandvik stod for utdelinga. Larsen arbeidde som bakar i heile sitt yrkesaktive liv. Utanom jobben var han engasjert i ungdomslaget i bygda. Som 18-åring overtok han som formann, eit verv han hadde i over 20 år. 

2003 
Tor J. Bjørgaas får kongens fortenestemedalje i sølv for det store arbeidet han har lagt ned i forbindelse med Nordhordland Veteranbåtlag og arbeidet med å få D/S «Oster» restaurert. Fylkesmann Svein Alsaker stod for tildelinga under ein høgtidleg seremoni ombord på «Gamle dampen» som låg ved Shetland Larsens Brygge i Bergen laurdag 6. september 2003. 

2003 
Vidar Lehmann får kongens fortenestemedalje i gull for det store arbeidet han har lagt ned i forbindelse med Nordhordland Veteranbåtlag og arbeid som prosjektleiar med å få D/S «Oster» restaurert. Han får også honnør som lege innan internasjonalt humanitært arbeid. Fylkesmann Svein Alsaker stod for tildelinga under ein høgtidleg seremoni ombord på «Gamle dampen» som låg ved Shetland Larsens Brygge i Bergen laurdag 6. september 2003. 

2002 
Helge Brekke får Kongens Fortenestemedalje i sølv for eit framragande og samfunnsnyttig arbeid, hovudsakleg for barn og unge. Ordførar Odd Tøsdal overrekkjer medaljen under Knarvikmila. 

2001 
Magne Fosse får Kongens fortenestemedalje i sølv for 50 års aktivt medlemskap i Alversund musikklag, som dette året kunne feire sitt 100 års-jubileum. Tildelinga skjedde 17. mai under den tradisjonsrike korpsfrukosten i ungdomshuset i Kvamsvågen. 

2001 
Astrid Fjellanger får Kongens Fortenestemedalje for meir enn 62 år samanhengande innsats i Lindås songlag. Dei siste 40 åra også som leiar og pådrivar i Lindås Fråhaldslag. Astrid har og meir enn 40 års innsats i Lindås Sanitetsforening. 

2001 
Karstein Daae Stene får Kongens Fortenestemedalje i sølv for eit omfattande og samfunnsnyttig arbeid gjennom lang tid. 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal