Frivilligprisen i Lindås kommune(11.03.2007)
2006 - Bjørn Olav Benjaminsen
Prisvinnaren har valt å bruke tid og krefter i
Lindås Ungdomslag si revygruppe, faktisk i mange tiår. Personen
er musikar, skriv tekstar, sørgjer for lyssetting og kulissar, han
instruerar i barnespel, skodespel, musikkspel og revyar. I eit slikt allsidig
og omfattande arbeid er det viktig å kunne planleggja godt – det
kan denne personen veldig bra.
Prisvinnaren legg ned utruleg mykje tid og engasjement
i ungdomsarbeidet på Lindås, sjølv om han ikkje bur
på Lindås. I somme periodar rundt premierar trur ein at han
bur fast her i Haugatun. Han har eit inkluderande vesen og er mellom anna
initiativtakar til samarbeid mellom Lindås opplærings- og aktivitetssenter
og Lindås Ungdomslag. (Utdrag av begrunnelsen for kandidaten.)
2005 - Birger Heggernes
Denne mannen er lett å be. Prinsippet hans har
alltid vore at det er frivillig og godt, å kunne glede andre. Lindås
Røde Kors hjelpekorps hadde uvurderleg nytte av denne personen sitt
engasjement i oppstarten av det lokale Røde Kors i 1977. Til neste
år blir det altså 30 år sia, og det vil sei 30 år
med aktiv innsats!! Tid å sjå tilbake på, dvele ved,
mimre – og bruke som god basis og erfaringsgrunnlag for vidareutvikling
av organisasjonen. Mannen er sentral i oppbygging, opplæring, leiing
og beredskap i Røde Kors. Slike folk er limet i organisasjonen og
får ting til å halde saman og vere ein trygg base for ungdomen,
medlemar og lokalbefolkninga. (Utdrag av begrunnelsen for kandidaten)
2004 - Arne Johan Seim
Det er aldri nei i hans munn. Nesten kvar helg finn du
han rundt i distriktet, kjøyrande på ungdommar som skal vere
med på skytestemne. Han ordnar med skyss, avtaler med foreldre, held
greie på tid og stad, passar på våpen og ammunisjon.
Slik har han halde på i år etter år. Utan han hadde det
berre ikkje fungert. Han meiner at tolmod er nøkkelen når
du skal ha med ungdom å gjera. Han lytter til kva ungdomen har å
seie, og han synes det er viktig at ein har det kjekt saman. (Utdrag av
begrunnelsen for kandidaten.)
2003
Øystein Hagesæther fekk Frivilligprisen
2003. Prisen blei utdelt av vararordførar i Lindås Kåre
Gaulen. Juryen valde å heidra Øystein Hagesæther, for
engasjementet som han viser korpsrørsla i Nordhordland. Tildelinga
skjedde i samband med ein konsert som Musikkens Venner arrangerte i storstova
på Nordhordland Folkehøgskule. På konserten var Eikanger-Bjørsvik
Musikk hovudattraksjonen, saman med Måltrastene.
2002
Tor J. Bjørgaas frå Ostereidet. Utdelinga
blei foretatt i Nordhordlandshallen i samband med kulturdagane i Lindås,
og utdelar var ordførar Odd Tøsdal.
2001
Astrid Gausereide Fjellanger frå Lindås.
Utdelinga blei foretatt i grendahuset Haugatun og utdelar var ordførar
Odd Tøsdal.
2000
Inger Helen Midtgård frå Leknes. Utdelinga
blei foretatt i lokalane til frivilligsentralen og utdelar var ordførar
sin representant Anders Gjerstad.
1999
Solveig Johnsen frå Lindås. Utdelinga blei
foretatt i lokalane til frivilligsentralen og utdelar var ordførar
Odd Tøsdal.
1998
Brita Eikanger frå Knarvik. Utdelinga blei foretatt
på Strilatun og utdelar var ordførars representant Nils Holmås.
|