Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Prisar/utmerking
Likestillingsprisen

 


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

    
Likestillingsprisen i Lindås kommune

2006 
Liv Gjerde Eikanger vart tildelt Lindås kommune sin likestillingspris under kommunestyremøte torsdag 22. juni 2006. Ho får prisen for aktiv innsats innan fagrørsla og Hordaland telefonstyrarlag. Gjerde Eikanger var også medlem av fylkestinget frå 1980 - har to periodar i Lindås kommunestyre frå 1972 - der ho jobba aktivt for å få fleire kvinner engasjert i politikken. 

2004 
Magnhild Haugen (70) mottok 29. april Lindås kommune sin likestillingspris for sin mangeårige kamp for like rettar for kvinner og menn, både i arbeidslivet og i det offentlege rom. Prisen i år var ein spegel med nydelege utskjeringar. 

2003 
Inger Helen Midtgård fekk Lindås kommune sin likestillingspris 2003 for politisk og fagleg engasjement for likestilling. Midtgård er også aktiv for å skape eit godt miljø i heimbygda si. Ordførar Odd Tøsdal overrekte prisen under den årlege 8. mars markeringa. Prisvinnaren fekk ei sølvskål med gullmønster, laga av gullsmed Hilde Rongevær. 

2002 
Ragnhild Kvalvågnes får likestillingsprisen 2002 under den årlege 8. mars feiringa i Knarvik. Ragnhild har 12 år bak seg i kommunestyret. Ho har vore i fylkestinget, vararepresentant på Stortinget, leiar i Senter-kvinnene i Hordaland og aktiv i både helselag og bondelag. 

2001 
Torill Høyland får likestillingsprisen for sitt mangeårige arbeid for likestilling og likeverd mellom kvinner og menn. Prisen er eit maleri av kunstnaren Gro Fyllingsnes, og vart overrekt av ordførar Odd Tøsdal. 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal