Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Prisar/utmerking
Medaasprisen

   

   
Ivar Medaas
( 02.06.2006)

Ivar Medaas (9. april 1938 - 7. januar 2005) var ein visesongar og felespelar frå Nordhordland. Medaas budde i Alversund i Lindås kommune. I 1963 fekk han gjennombrot som artist med songen «Dar kjem dampen». Medaas sette melodi til songen, som var skriven av Ragnvald Hammer. 

Han og kona Kari var kjende under namnet Vestlandsduoen som song på strilamål. I 2002 fekk dei målprisen. Medaas opptrådde òg saman med Dizzie Tunes, Wenche Myhre og Øystein Sunde. 

Fram til 1955 budde han i Alversund, men flytta så ei tid til Oslo. Fem år seinare debuterte han hjå Jens Book-Jenssen og arbeidde deretter på Chat Noir i fire år, og så på ABC Teatret og Oslo Nye Teater i eit år kvar. 

Han blir hugsa for visene «Draumen om fred», «Sildefiske på Doggerbank» og «Dar kjem dampen». Ivar Medaas gav òg ut ei plate med tekstar av Herbjørn Sørebø. 

Medaas vart rekna som ein av dei beste til å lyfta fram kulturen til strilane. 

Medaas fekk hjerneslag i 1995 og vart sidan sittande i rullestol, men i 1997 hadde han trena seg so godt opp at han kunne vere på scena att. Kjelde Nynorsk Wikipedia 

Medaasprisen

2008 Olav Stedje
2006 Arne Bøe, frontfigur i Heimalanne.
2005 Odd Nordstoga frå Telemark.
2003 «Honndalstausa» Unni Løvlid. 
2000 Linda Fosse
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal