Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Samferdsle i Lindås
Samferdsle i Nordhordland

 

 
Fyrste bilen på Lindåshalvøya
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 11.09.2002

Den fyrste bilen i Lindås - ja, truleg på heile Lindåshalvøya - kom Hjalmar Fonnebost med i 1923. Han var då alt ein velrøynd sjåfør, og hadde køyrt bil både i Bergen, Oslo og Stavanger. Førarkortet hans har nummeret 117. Han var såleis tidleg ute der og. 

Denne artikkelen stod å lese i BNR NYTT nr. 3 - 1983. 


Her frå Hundvin kai starta den fyrste rutebilen opp i 1928. 

- Tidi ho renn som elv mot ôs, fort skiftar sumar med vetter! 

Du kor sanne desse orda er. Det er diktarpresten Anders Hovden som skriv dei slik i fedrelandssalmen sin, og det ligg livsvisdom og lang røynsle bak. Når vi sjølv tek til å tenkja og filosofera over farne tider, må vi seia nett det same. 

For 55 år er no gått sidan vi som 6-åring stod på Hundvinkaien ein sumarmorgon i 1928, og såg den fyrste rutebilen til selskapet verta heist i land. Det var selskapet sin største båt - «Masfjord» - som kom ekstra oppom kaien med bilen denne dagen. 

Og småguten som bivåna storhendet hadde fått sete på hjå ein godlynt mjølkekøyrar, som skulle på meieriet med mjølka frå sitt køyrelag. 

Berre det å få sitja på var eit storhende, når ein sjølv voks opp på ein liten gard utan hest. Og når ein så råka til å få sjå «Masfjord» også, hadde ein gjort eit storvarp utan like. Men at ein på toppen av det heile skulle få sjå ein rutebil som kunne ta 11 personar (med sjåføren) var eit eventyr ein aldri hadde drøymt om. Vel hadde småguten sett nokre bilar før, men dei låg i ein heil annan klasse. No var det sjølve framtida som melde seg. 

Den fyrste bilen i Lindås - ja, truleg på heile Lindåshalvøya - kom Hjalmar Fonnebost med i 1923. Han var då alt ein velrøynd sjåfør, og hadde køyrt bil både i Bergen, Oslo og Stavanger. 

Vi kan elles nemna at førarkortet hans har nummeret 117. Han var såleis tidleg ute der og. 

Hjalmar Fonnebost var fødd på garden Fonnebost i Lindås den 18. oktober 1894. Han gjekk i sitt 29. år då han kom attende til heimbygda si, og ville livnæra seg av drosjekøyring og bureising. Men den staute og kraftige ungdomen fekk ein snev av den folkesjukdomen som gjekk på den tid, så han måtte opphalda seg på Lyster sanatorium eit års tid. Då han så kom heimatt frisk og sunn, gifte han seg med si eiga Maria, som gjennom heile livet vart han ein god og trufast fylgjesvein og medarbeidar. 

Bilen Hjalmar Fonnebost kjøpte i 1923 var ein T-Ford, som han med litt velvilje kunne pressa 4 personar inn i, utanom seg sjølv. På Lindås budde det både lækjar, lensmann og prest, så ein del køyring vart det å få. Men Fonnebost - eller han Hjalmar - som alle sa, såg at han kunne korta båtruta munaleg ned for dei reisande, dersom dei gjekk i land på Hundvin og køyrde vidare med bil til Vågseidet, Fjellanger, Haukås, Lindås eller Fonnebostsjøen. Difor sette han i gang ei regulær rutekøyring på denne strekkja, og litt etter kvart kom det også andre bilar til. 


Selskapet sin fyrste rutebil frå 1928 - ein Chevrolet - som på folkemunne vart kalla «Stella Polaris». 

Vegen mellom Hundvin og Fonnebostsjøen var mest den einaste gode vegen i kommunen på den tid. Vegen vart bygd i åra 1909—18. Då var han komen fram til Fonnebost. Etter kvart vart han lengd heilt ned til Fonnebostsjøen. 

Denne vegen fekk også den fyrste vegtunnelen i Nordhordland - ja, kanskje i heile Hordaland. Tunnelen stod ferdig i 1912. I den samanheng kan vi nemna at ein av dei som stridde drabeleg for tunnel var Anders Konglevoll, ein føretaksmann på så mange omkverve. 


Den gamle tunnelen gjennom Bruvollåsen, rundt 2 km ovanfor Hundvin kai. 

Før denne tunnelen kom gjennom Bruvollåsen, gjekk gamlevegen om Åsenden og Hetlehovde, eller gjennom Skaret, for dei som budde «inne» i gardane. Nyevegen mellom Hundvin og Fonnebostsjøen var av høg standard og mogen for bilferdsle, noko dei andre vegane i Lindås ikkje var. 

Selskapet såg at det låg ei utvikling og framtid i bilruteferdsla, så i 1928 fekk det konsesjon på ruteferdsla mellom Lindås og Fonnebostsjøen. Same året fekk det og konsesjon på ruteferdsla mellom Hundvin og Myking, men her på ein langt dårlegare veg. 

Selskapet tilsette Hjalmar Fonnebost som sin fyrste sjåfør, og han var det som etter kvart bygde ut bilrutene i Lindås og den luten av Austrheim som ligg på fastlandet. Hjalmar Fonnebost var ein framsynt og venesæl mann, som ville berre det beste for dei reisande. Han fekk etter kvart medhjelparar og nye sjåførar, og dei fyrste av desse var Karl Nævdal, Jakob Stene og Torstein Hansen. Seinare kom den eine etter den andre, og Lars Sundsbø - som tok til i 1937 - skriv vi om på ein annan stad i bladet vårt. 

Vi vil koma attende til dei fyrste bilrutene i seinare blad, for denne gongen er det pioneren framom alle dei andre - han Hjalmar - vi vil dra fram. Vi er ikkje i tvil om at bilferdsla ville ha kome til Lindås og Nordhordland om han Hjalmar ikkje hadde vore. Men vi trur at ho ville kome på eit langt seinare tidspunkt. 

Det må alltid pionerar til skal ei sak vinna fram. Det må vera folk som har både tru, mod og styrke. Og desse eigenskapane hadde han Hjalmar. Hadde han ikkje hatt dei, hadde han aldri tort å slutta i ein god og fast jobb, og kasta seg ut i ei heilt ukjend framtid med lån og skuld. Men det gjekk. Han såg lenger enn dei fleste, og han våga. Difor fekk han og Kongen sin fortjenestemedalje i sylv for innsatsen sin. 

Etter kvart som rutebilferdsla vart utbygd, fekk Hjalmar Fonnebost meir og meir administrative oppgåver. Han vart fyrstesjåfør og dirigerte dei andre med stø og trygg hand. Selskapet fekk såleis dra nytte av evna og kunnskapane hans til han gjekk i sitt 73-ande år. Då tok han avskil, og fem år etter - den 11. februar 1972 - døydde han i heimen sin på Fonnebost. 

Vi som har hatt den gleda å kjenna han frå våre barneår, og også har arbeidd saman med han, har mykje å verta takksame for. Han praktiserte service, lenge før ordet vart kjend og kom på folkemunne. Alltid hadde han eit godord og ein varm smil, og dei reisande følte seg heime i bilen når han Hjalmar køyrde. Difor trur vi at han mange gonger lengta attende til sjåførsetet etter at han fekk meir administrative oppgåver. 

Og selskapet har ovleg mykje å takka Hjalmar Fonnebost for. Han var på sitt omkverve føregangsmannen - og saman med andre slike i selskapet - høver Vinje sine ord: 
- Dei åtte det som du må hava 
om ein gong du skal verta stor. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal