Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Masfjorden
Aktivitetar Fjelltrim Sørsida |
|
|
|
|
(21.03.2007) Forfatter: Knut Fr. Sørheim Fjelltrimmen på Sørsida kan etter kvart seiast å ha tradisjonar, for me har no runda heile 25 år. Opp gjennom åra har det vore tusenvis av besøk på ulike postar rundt omkring i skogs- og fjellområda våre. Folk har etter kvart vorte betre kjent i fjella, turane har gjeve oss mykje og god mosjon - og ikkje minst : Me har fått mange flotte naturopplevingar med på kjøpet.
Dersom ein er innom 10 eller 15 postar, har ein samstundes gjort seg fortent til premie. Talet på premierte deltakarar har variert ein del, men frå 1995 til 2005 låg talet mellom 90 og 128. Men når det gjeld 2006 vart det ein nedtur i høve til premierte deltakarar; det var berre 53 personar som hadde gjort seg fortente til premie. Med tanke på den fine sommaren me hadde i fjor, kan det verka litt merkeleg. Men det er nok utan tvil meir attraktivt å liggja i sjøen eller i vatnet når me først får ein slik ”Syden-sommar”. I tillegg la me i fjellvandrarkomitéen merke til at folk var heller trege med å koma seg i gong med turar på vårparten, og utover hausten vart veret av det heller dårlege slaget.
Studerer ein talet på totalt besøk på postane, ser det heile heldigvis noko lysare ut. I fjor var det faktisk 2720 besøk på postane, og det er det 5.beste resultatet i fjelltrimmen si historie. Laurdag 17.mars vart det arrangert fjellvandrarfest på Fjon grendahus. Det var i underkant 70 personar som møtte opp til fest, og dei fekk med seg diverse programinnslag, god mat – og sjølvsagt premieutdeling. Me er allereie i god gong med å få ut nye postar for sesongen 2007. I lokalavisene og på oppslag er oversikta over onsdagsturane kunngjort. På Sørsida har me åtte postar som også er onsdagsturar, og bortsett frå den siste som no vert nemd,er alle postane lagde ut. Desse postane er : Totlandssetra, Lykjelen, Torsteinshytta, Håvarden, Mjangerssetra, Blådalsvatnet, Melshovden og ”Okslæ” ovanfor Einestrand. Kanskje kan det verta nokre turar i påska ?
Me i fjellvandrarkomitéen håpar på at talet på premierte deltakarar skal verta høgare igjen for sesongen 2007. Me registrerer at folk er vortne meir medvitne på å mosjonera og å halda seg i form, og me vil leggja forholda til rette for at det kan vera aktuelt å ta ein tur ut i naturen. Det skal ikkje vera vanskeleg å klara 10 postar, så det kan vera ei realistisk målsetjing for mange. Få gjerne med deg andre på tur, anten det er på ein dagstur eller på ein kortare kveldstur. Frå midten av mai kan du kjøpa kart m/informasjon hjå Marit Krossøy, Terje Rasdal eller Oskar Fredheim/Wenke F.Ekren. Då står det berre att å ynskja alle god tur ! Fjelltrimresultat 2006 Aldersgruppe 16 år og over: Fullført 15 postar:
Fullført 10 postar:
Aldersgruppe opp til 16 år: Fullført 15 postar:
Fullført 10 postar:
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |