Bjørn West - museet
Forfatter: Jonas Riisnes
Bjørn West var ei geriljaavdeling på om lag
250 mann som mot slutten av krigen opererte i masfjordfjella bak fienden
sine liner. Etter 8. april 1945 vart heile styrken samla i fjella aust
for Matre, og med hovudkvarteret på Stordalen fjellstove. I 1941
var tyskarane komne til Matre med russiske krigsfangar for å grave
sand.
Dei oppretta ein fangeleir med 200 krigsfangar og 30 fangevaktarar.
Dermed kom grensa mellom Bjørn West-området og fienden til
å gå nettopp på Matre. Ja, Bjørn West-karane som
heldt til på Litlematrestølen var stundom så nærme
at dei såg ned på huset der den tyske kommandanten på
Matre, Karl Wagner, budde. I dette huset var det også vaktkontor,
og det var forbi denne vakta folk frå Stordalen og Fosse måtte
innom for å vise pass når dei skulle til handelsmannen eller
på postkontoret på Matre.
Dette heilt spesielle huset er det nå som vert det
framtidige Bjørn West-museet i Masfjorden, etter tilråding
frå eit samrøystes interimstyre, med representantar frå
seks kommunar, Lindås sogelag og Masfjorden sogelag.
Huset er bygd i 1912, og er av fleire grunnar verneverdig.
Hordaland fylkeskommune har teke arbeidet med ominnreidning av huset til
museum med som eit tiltak under -Prosjekt Vestkyst. Dette arbeidet tok
til i november 1991 for midlar som er stilte til rådvelde av Miljøverndepartementet.
Arbeidet vert leia av ein arkitekt som arbeider for -Prosjekt
Vestkyst, og som grunnlag for planløysinga nyttar han delvis eit
forslag utarbeidd ved Forsvarsmuseet.
Forsvarsmuseet har og lova å gi fagleg hjelp og
støtte til oppbygginga av Bjørn West-museet, og har teke
det med på sin arbeidsplan for hausten 1992 og 1993.
E - VERKMUSEET
I 1985 bygde BKK eit heilt nytt kraftverk ved Hommelfossen.
Den gamle stasjonen med røyrgate vart då nedlagt og freda.
Kring den freda kraftstasjonen og ein nyrestaurest mindre gardsstasjon
- på 8 kW - for Fossegardane oppe ved Brydalsfossen, bygt i 1947
og i drift til 1957, vil ein nå prøve å få til
eit kraftverkmuseum. Ein lærar i Masfjorden har i år i oppdrag
å lage eit undervisningsopplegg for dette.
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden
sogelag / Masfjorden mållag. |