Forord
Dette sogeheftet om Masfjorden er vorte til i samarbeid mellom
Masfjorden sogelag og Masfjorden mållag som er 100 år i år.
Dei to laga har fått god hjelp hjå pensjonistar som har skrive
om eigne opplevingar og mangt dei hugsar frå oppveksten på
heimegarden. Me får skildra gardsdrift, seterdrift og sildefiske
i gamle dagar.
Det er teke med litt om korleis me i dag prøver
å ta vare på minna om folkelivet i bygda, og om korleis me
vil gjere kunnskap om kultur og næringsliv tilgjengeleg
for turistar og andre interesserte. Me vil peike på
det viktige arbeidet som vert
gjort for å etablera museum i bygda vår,
både av einskilde eldsjeler, og i organisasjonssamanheng.
Ein prolog og nokre dikt har også fått plass.
Ragnild Jung har vore hovudansvarlig
for utval av stoff og Rune Garmann for formgjeving og
utskriving - med god hjelp
av Aud-Helen Daae.
Desember 1991.
Ragnhild Jung
Jonas Riisnes
|