Gardsmuseum i Trodalen
Forfatter: Jonas Riisnes
Olav S. Trodal har på garden sin eit heilt spesielt
hus der han i dag har eit rikhaldigt gards - museum. Sjølve huset
er frå 1820 og har to fulle etasjar i ei lengd som gjev plass til
to stover, eit kjøkken og eit tilbygg etter kvarandre. Huset er
bygt i det ein kan kalle Austlandsstil. Ideen fekk oldefaren, Hans Matre,
då han var i militærteneste ved svenskegrensa i 1814.
Tre masfjordingar var den gongen austpå, og det
vart bygt 4 slike hus i indrefjorden då dei kom heimatt. I tillegg
til huset i Trodalen står det framleis eit på Matre og eit
på Hogsvær. Det er i tilbygget Olav S. har museum med ei svært
så mangfaldig tingsamling. Kulturstyret i kommunen har vist interesse
for samlinga og har løyvd midlar til både reparasjon av huset
og til alarmanlegg.
Også Fylkeskonservatoren har gått inn for
å berge samlinga for ettertida. I juni 1991 var to mann frå
fylket i Trodalen i tre veker og utførde gjenstandsregistrering
/ museumskatalogisering. Nesten tre hundre gjenstandar vart registrert,
og dette er omlag halvparten av det som er der. Registreringsarbeidet er
planlagt å fortsette i 1992.
Samlinga er tatt med i oversikt over Norske museum på
landsbasis, og har der fått signaturen OTS-samlinga.
Det er nesten utruleg for eit breidt felt denne samlinga
spenner over. Mellom anna finn ein tekstilar som klede, dukar og sjeldne
teppe, eit rikt utval av kister og skrin, nesten alle mulige sortar verktøy,
kjerald, reidskapar og maskiner, og alt ein trengde for å kunne kara,
spinne, renne og veve. Av fangsreidskapar finst det ei sjelden fangstong
for storvilt som ulv, gaupe og jerv, ei svanehals - revesaks og to fotsokser.
Olav S. Trodal har ofte besøk av folk som vil sjå
samlinga hans, og i turistguidar for Nordhordland står det at omvisning
kan avtalast over telefon 366233.
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden
sogelag / Masfjorden mållag. |