Jubileumsprolog
Forfatter: Brita G. Haugsdal
Prolog til 10-årsjubileum for Nordbygda pensjonistlag
på Stordalen Fjellstove 25. juni 1991.
Gode vener og grannar, ja gode pensjonistar
No er me her ! på Stordalen Fjellstove. Masfjorden
si perle.
Som inste gard til grensa mot Sogn.
Slik har det vore sidan grensa kom
Ta skorne av, Du er på heilag grunn
Kjenner du lufta, so lett og frisk, so rein og sunn.
Ei hylling til Stordalsfolket me no vil gjeva
til folket her inne som levde her, bar og streva
frå tidleg morgon til seine kveld
Dei fann sin hugnad i livet her inne, mellom dei ville
fjell.
No er det høgsumar med sol, regn og lyse netter,
men tenk deg å bu her - utan veg - i den lange
mørke vetter
Vegen var lang til Matre då
dei måtte på sine føter traska og
gå
ei heil dagsreis det var, og alt ein hit på ryggen
bar.
Um hausten alt måtte vera i hus
før snøstormen kom med sus og brus
Då var det best å sitja inne, og kanskje
på rokken spinne
og bjørkeveden knitra på grua, varma og
gjorde stova lun.
Her var høgt til fjells, med nær himmel
dei fann sin Gud, langt frå verda sin vrimmel
Og TRU dei fann på sin post: Han Torgeir nekta
å gå frå dyra
då fienden kom, dei skaut både hesten og
kyra
til sist dei alle husa brende, og Torgeir fann også
her sin ende
Han gav sitt liv for folk og land, me alle vil heidra
minnet hans
Tvillingane Magnus og Sverre med huslydane sine
kom heimatt til berre ruiner
Men pågangsmot dei hadde, tok oppatt stellet,
søkte um hjelp og fekk bygd dette hotellet.
No er det køyreveg over grensa til Sogn
så no kan ein køyra med bil og campingvog,
Me kom hit med buss, for mange av oss eit stort pluss,
me har ikkje bil og sertifikat, - då er det ekstra
delikat
å vera pensjonist, få køyra i turbuss
som turist.
I det skal ingen vera gamal, anten er dei ELDRE eller
PENSJONIST
I vår ungdom var kårmann og kårkona
dei ELDRE på garden - eller
GAMLEFOLKET
Mange kårfolk på større gardar hadde
gode kår og levde godt
Men einslege gamle og slike som ikkje hadde kår
eller pengar,
var ille ute - dei eigde knapt si eiga pute
måtte fara på legd - frå gard til gard
Sitja i ei krå - utan sitt eige rom å få
Det sosiale var fattigkassa, men den ville dei aller
fleste trassa.
No har me folketrygda som mest kjem til alle hus i bygda
No har heimehjelp og heimesjukepleie kome til
nokon ser fram til å verta pensjonist
då er dei framfødd og kan gjera som dei
vil
Andre synes det er heller trist: Gå frå arbeid
og ingen ting
ha og ta seg til.
Men no kan og dei eldre få meir å gjera;
Reisa på Pensjonistkurs og meir få læra.
Fleire reisebyrå ynskjer å få
dei eldre til å reisa for meir å sjå
men og for pengane deira å få.
Det er ikkje til å tru at verda kunne seg slik snu
Men pengar er ikkje alt
Helsa og hjartefred me og må ha med
om gamle eller pensjonistar me er
Og så lyt me læra å kapitulera
om ikkje høyrsle og syn vil fungera
og redusera der kreftene ikkje alltid strekk til.
Men gildt det er å reise på tur - og vere
saman i festleg lag
for LAGET vårt feirer ti-års-jubileum i dag.
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden
sogelag / Masfjorden mållag. |