Kringlebotten gard
Forfatter: Åslaug Matre
Den som ferdast inne i vilde fjellet vil vel undra seg
om dei brått kjem over far etter folk frå gamal tid. Radt fram
til midten av 1940-åra var eit handfast far etter dei som hadde levt
her inne. Eit liv i nøysomheit som dei som lever i vår tid
snautt kan drøyma om.
Like til våren 1945 sto det gamle "rare" tømmerhuset
i Kringlebotten. Det hadde vore vern om dei som levde her inne i einsemda,
og vorte påbygd etter kvart som dei trong plass.
Dei siste fastbuande flytte frå Kringlebotten i
1924, og det var besteforeldra mine. Dei hadde vore ein flokk i huset på
12 sysken, far og mor, og som vanleg var: besteforeldre. Ikkje rart at
huset vart bygt i fleire høgdenivå.
Ein hadde ikkje boremaskin å hjelpa seg med om fjellet
"skaut rygg" og kom opp i dagen. Då fekk ein før laga eit
trinn opp og fylgja fjellryggen. Soleis hadde huset etterkvart vorte 20-25
meter langt og med tre forskjellige høgder.
Dette monumentet klarte Hitler sine lakeiar å setja
fyr på då dei kom seg inn i dalen i dei siste krigsdagane.
Segnet fortel at det var ein ulivdsmann frå Modalen
som
tok til herinne. Kva hadde so han å hjelpa seg med i villfjellet
? Ein kan tenkja seg at kan måtte fara til skogs for å berga
livet. Ikkje hadde så mykje i "panken" sin. For i det heile å
berga seg, måtte han vel ha ei slags øks og ein kniv ?
Eg har vidare tenkt at det måtte vera vår
eller sommar då han kom fram på Åsen og såg ned
i dalen som seinare fekk namnet Kringlebotten.
Kanskje har han funne ut at han var rimeleg godt gøymd
her inne i den hola med fjell som stengde frå Modalen og Fossen,
og vatnet som stengde frå Matresida. Den fyrste mannen kjende vel
eit slags tryggleik her inne i denne gryta.
Det kan vel neppe seiast at den same kjensla rådde
grunnen for dei som stod vakt herinne i 1945. Heile Kringlebotten gard
var i dei dagane forlegning for Bjørn West, og 30-40 mann hadde
tilhald her. Ein av dei som sto sentralt i vakthaldet, sa det slik: "Eg
hadde kjensle av at eg var i ei gryte, og venta berre på at tyskarane
skulle leggja loket på".
Kvar fann den fyrste mannen levemåten her inne i
auna ? Der var aure i vatnet, og etter gamalt av var det tilhald av vilt
inne i dalane til Grønlia og Fagerdalen.
Eg høyrde bestefar fortelja om jakt i dalane på
hjortedyr, og jakt på åsen etter rjupa og orre som der var
nøgda av. Dei seinare åra har det meste vore eit hende at
ein har funne fugl, men hjorten er komen inn att i dalen.
Ein får tru det var eit "forsyn" som gav tilgang
på mat i fjellet den gongen det trongst. Idag er jakt berre til tidtrøyte
og ein sport. Den gongen var det mest eit naudsynt tilskot til livberga.
Den fyrste som starta her inne hadde nok ikkje mykje å
hjelpa seg med hverken til fiske eller jakt. Det er utruleg, men han overlevde,
og hadde skaffa seg familie, seiest det. År etter hadde nok rykte
om at ulivdsmannen var i live nådd bortom fjella, og ein julaftan
kom det brått tre mann og skulle "gjere opp" med modølen.
Han tok då kona og borna og stengde dei inne i løa, og tok
seg so av oppgjerdsmennene. Etterpå rodde han langs stranda på
heimavatnet, og kvitta seg med "gjestane" der. So seier soga.
Det rare var at isen kunne liggja tommetjukk på
vatnet overalt, men nett eit stykke langs vasskanten bortimot Krokstadelva,
la aldri isen seg, og det skulde vera der dei ubedne gjestane vart gøymde.
Då bestefar var heime, sto det eit "målehus"
nett på den plassen. Og eg tykte det var spennande å fylgje
med når han om morgonen skulle avstad og "lesa av". Det var etter
at Matrefallene var komen inn i biletet, at den målinga tok til.
Elles er det vel å tru at den fyrste mannen tok
den verste støyten. Seinare måtte det vel gå på
fram, må ein tru. Då bestefar budde her inne, hadde han år
om anna 7-10 mjølkekyr på båsen, og smale i garden.
Sauen måtte ein vel ha på ein slik plass, skulde ein halda
seg med klær.
Når alt arbeidet utomhus var ferdig utpå hausten,
måtte kvinnfolka setja seg til rokken. Når so garnet var ferdig,
var det å ta fatt på strikking av sokkar, vottar og underklær.
Veven sto på norste kammerset og var i bruk heile vinter og elles
i året når ein hadde tid til å sitja der.
Det skulle vevast vadmål til karaklede, og noko
tunnare som heitte einskjefta til kvinneklær, og elles skulle det
mange ulltepper til so mange senger. Ein måtte vera sjølvberga
på ein slik stad.
Rart å tenkja på at kampen for levemåten
var so hard at dei vel aldri hadde tid til å kjeda seg. Ikkje hadde
dei fritidsproblem heller! Karane hadde sitt å gjera. Dei hadde ei
mengd med utløer der utslåttehøyet vart samla. Dei
kunne liggja på utslåtten lant avlaid heile veka til endes,
sumar som haust, for å samla det naturen gav dei. Så var det
vinterarbeid å få det heim på vinterføre når
ein kunde bruka ein lett slede å draga det på.
Elles var det å få ved til husane, og det
skulle mykje til. Fyrst var det eit slit å halde varmen i eit stort,
gjese tømmerhus vintersdag. Elles måtte ein ty til veden heile
året. Ein hadde ikkje anna å hjelpa seg med, skulde ein få
koka mat og varma vatn.
Eg minnest ikkje meir enn ein stor etasjeomn som skulde
skaffa varme i den store stova. Røyret som gjekk forbi sovesalen
i andre høgda, var det som skaffa varme deroppe. Det var ei god
opning omkring, som vel var for å få varmen opp, og for at
det ikkje skulde vera fare for brann når ein stormfyrde på
det kaldaste.
Ute i kjøkkenet var det ei grue til vass- eller
grautgryta, og den vart såleis brukt kvar dag. Framfor grua kom fjellryggen
i dagen. Godt tilpassa om ein var uheldig med ei glo.
Eg vil tru det var litt av eit byte då det vart
alvor av å bryte alle band og fara heimanfrå.
Bestefar og bestemor vart med eldste sonen som kjøpte
seg ein gard oppi Sunnfjord. Etter nokre år då utbygginga tok
til for fullt inne i Odda, flytte so dei dit, der fleire av slekta hadde
busett seg før. Tilslutt var sju av syskenflokken og foreldra samla
der inne på Tokheim. Eg har undra meg mang ein gong om dei ikkje
lengta innatt i stilla, sjølv om livet vart "lettare" i
industribyen. Mykje vart tapt i all uro både dag
og natt.
Her inne er menneskje sitt strev med å hausta det
naturen gjev avlyst av rappe seiskjeftar som et seg inn i fjellheimen.
Dei vert slepte inn i Fossdalen om våren og sanka heim seinhaustes.
Omlag 3000 "slåttekarar" tek seg av slåtten der fjellfolka
før streva frå vår til haust. Men framleis litt naturen,
fjella og stilla der - so vår tids menneske kan nyta ei sundagsstund
i dei traktene. Tenk litt på dei som levde og sleit her inne, og
trass i strevet var nøgde med tilværet.
GOD TUR !
------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden
sogelag / Masfjorden mållag. |