Namngjeving i Masfjorden
Forfatter: Jon Hope
Namngjeving har det gjennom tidene alltid vore. Ei enkel
hending kan ha vore bakgrunnen for eit stadnamn. Frå den tid me budde
i lærarbustaden på Solheim skule, gav borna våre namn
til ein stein nede i Solheimsdalen. Steinen vart heitande Trædalssteinen.
No er steinen borte.
Han gjekk med til fyll då Vegvesenet utvida vegen
i 80-åra....
Bakgrunnen for namnet er dette: Johannes Trædal
budde i Furebotn. Han kjøpte seg sykkel etter siste verdskrigen,
men sykla ikkje ned brattaste dalen, for oppatt måtte han gå
likevel. Sykkelen sette han difor frå seg bortunder steinen. Dermed
namnet. Alle visste no kvar det var. Slik kan vera opphavet til liknande
namn.
På Fosse hadde dei ein åker som dei kalla
Gunhildåkeren. Truleg ei tenestejente eller ei eldre jente som fekk
bu på garden etter å ha tent der lenge. Det fortelst forresten
at på Fosse hadde dei svært mange potetåkrar. Somme seier
100 stykke. Men det var ikkje mange potetstø i kvar. På Fosse
var det myrlendt. Potetene vart sette på dei turraste plassane, oppå
steinar og likande. Det vert sagt at dei ein haust ikkje fann siste åkerlappen.
Dei leita og leita, men til slutt måtte dei ta potetkipa og gå
heimatt. Men då kom åkeren til syne. Han var under kipa.
På Solheim var der ein åkerlapp som vart kalla
Lasseåkeren. Han var ikkje stor, ca. 5 kvadratmeter. Namnet kom av
at Lasse Brendsdal som budde på Solheim og dreiv som skreddar, hadde
fått brukt ein jordflekk mellom nokre berg til å setja poteter
i. For Ola Solheim, eigaren av garden, hadde denne flekken liten verdi,
men skreddaren fekk poteter som hjelpte godt på i hushaldninga.
På Indre Hope er det to bruk. Dei fann korkje fure
eller eik i eigen skog. Dei var likevel ikkje i beit. Dei gjekk der desse
trea var å finna, den eine i Trodalsmarka, og den andre i Stegalvikmarka.
Men dei spurde aldri om lov, etter det segna fortel.
Eg skal fortelja om han som rodde ut på Stegalvikstranda.
Han fann seg ei høveleg fure, hogde, kvista henne og løypte
ho nedgjennom lia. Det var bratt og såg ut til å gå greitt,
men då tok fura ein annan veg enn hopsmannen rekna med, og da gjekk
ikkje bære te enn at fura rende rett gjennom båten hans. For
å koma seg heimatt, måtte stakkaren fram til folk i Stegalvik
og fortelja korleis alt hadde gått til. Båt fekk han låna,
men denne segna enda med at han gjorde det visst ikkje oppatt.
Då eg fortalde far denne segna som eg hadde funne
i årbok 1952 for Nord-og Midthordland sogelag, kunne han leggja til
at Lars Stegalvik hadde ein gong fortalt med han at innafor Stegalvik var
det ei løype som kaltest Hopsløypa. Samanhengen verkar truverdig.
Far min hadde eit herme etter naboen som både fortel
at denne hadde god kunnskap i botanikk og borna hans var spørjelystne
og ville læra om vokstrane. Dei spurde: Ka e dette for noke, og ka
e datta for noke. Og faren svara: Dette e geisk og datta e turt. Geisk
og turt. No må de håtta da: Geisk og turt.
Då eg skulle freista finna ut meir om desse plantane,
viste det seg at geisk fannst ikkje i dei plantebøker eg hadde til
rådvelde, og byrja tvila på sanninga i dette herme.
Løysinga fekk eg ein gong eg synte ein del ljosbilete
for bygdefolket. Då sa plutseleg Gerhard Haugsdal: Du verden kor
mykje geisk. Biletet viste yngste guten vår midt i ein bakke full
av geiterams.
Dermed kunne me og vita grunnen til Geiskegjelen, dalen
på Haugsdalstranda attimot Stegalvik.
Dette var då nokre døme på namngjeving
i mitt nærmiljø, og så let eg stafetten gå vidare
til andre.
------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden
sogelag / Masfjorden mållag.
|