Om bruken av naturressursane i Masfjorden
Forfatter: Eivind Kvinge
Ein må vel kunne seia at allmakta har vore raus
på handa den gongen Kvingegardane vart skapte. Med front mot Austfjorden
ligg desse gardane innanfor med vågar, viker, vassdrag, med vatn,
elver og fossar, barskog, lauvtrelider og fjellskog med fjellbeite, både
for sau og storfe, og med fjellslåttar i tidlegare tider.......
Desse naturressursane har vore til nytte, til gagn og
glede, ikkje berre for bygda her, men også for tilstøytande
kommunar og bygdelag. Om dette skal ein koma attende til seinare.
Men fyrst noko om fiske og fangst
Fiske med snøre, dorg, setjegarn og liner vart
drive av einskildpersonar. Mest kvar gardbrukar her dreiv slikt fiske,
og dette var berre til eige bruk. Fiske for sal måtte drivast med
notbruk, det eg her vil kalla kollektivt fiske, fordi det var så
ressurskrevande at heile grender måtte gå saman om slike tiltak.
Her måtte ein skaffa kastenot, låsenøter,
notbåt, spelbåt med turvande utstyr, og nothus med alt utstyr
som måtte til for turking og barking av nøter.
Etter kasting var det ikkje mange dagane noti kunne liggja
i båten før ho vart hengd til turking. Denne gjekk føre
seg ved at nota vart lagd i folder over ragjer - lange, runde, kraftige
stenger som vart lyfta oppunder nothuslemmen, og lagd til rettes der. Desse
ragjene måtte plasserast med høveleg avstand slik at lufta
kom godt til mellom notfoldene.
Barking av nøtene måtte gjerast på
føresumaren, i god tid før sildeinnsiget kom. Det tidlegaste
eg minnest vart det til denne barkinga nytta heimabark. Eg hugsa han far
losta - tok never av bjørka på førsumaren, når
saftspenninga i trea var på det høgste. Barken løste
godt frå trestamma også på denne tida. Denne avbarkinga
måtte gjerast året før den skulle nyttast.
Men etter som losting og avbarking etter kvart tok slutt,
vart det til at ein kjøpte barken frå byen. Barkesåane
som var nytta var lagga kjerald laga av 1-toms plank. Storleiken var ca.
100 - 150 l.
Det fyrste eg kan minnast, det vil seia dei fyrste 1920-åra,
var her berre 2 notlag på Kvingo. Det var Sørkvingo notlag
og Nordkvingo notlag. Etter kvart vart det fleire lag. På Sørkvingo
var der ein drivande kar som heitte Ole T. Lidal, i dagleg tale her kalla
Lidalen. Han var ein føregangsmann når det galdt dette med
notbruk og sildefiske. Han var den fyrste her som nytta motordriven notbåt
til landnotfisket. Noko seinare skaffa han seg skøyta og snurpenot.
Denne Lidalen hadde alltid bruk for arbeidsfolk, og det var ingen vanskar
for han å få tak i dei nothundar han trong til kvar tid.
Etter kvart vart her fleire notbruk. På Sørkvingo
var det : gamle Sørkvingo notlag, så var det Lidalen, og så
Rausialaget - ein slags fusjon av Åbakken og Nygård. Nordkvingo
notlag vart delt i Birkebeinarane og Baglarane - eit slags historieplagiat.
To gonger for året var her hovudinnsig av sild.
Fyrste innsiget kom i tida, slutten av mai til fyrstninga av august. Største
mengda av dette innsiget var brisling. Denne kunne vera meir og meir oppblanda
av bladsild av ymse storleik, dess større innblanding av bladsild
i brislingen, dess lågare pris. Den minste silda vart kalla mussa.
Var brislingen rein for bladsild, og hadde rett storleik, slik sardinfabrikkane
ville ha den, d.v.s. 9-11 cm. total lengde, hadde denne mange gonger så
høg pris som bladsilda. I tidlegare år var her ofte innsig
av rein brisling. Ja, eit av dei fyrste krigsåra - 1940-åra
sto her i lås samstundes 60000 skjepper rein brisling i Austfjorden,
innanfor Brumneset ved Elvik. Det var då fleire snurpenotlag frå
heile Vestlandet som tok del i dette fisket.
Største innsiget av bladsild kom gjerne om hausten
og fyrste del av førejulsvinteren. I denne perioden var det meir
konsentrert innsig i fjordane. Såleis høvde det seg slik ein
haust at her på Kvingevågen var samla alle snurpenotbruk i
Hordaland, ialt 140 bruk samstundes. Kvart bruk hadde 2 motorfartøy,
ei skøyta som hadde snurpenot på dekk, og så eit mindre
fartøy som vart kalla fylgjar.
Dette vil seia at det på Kvingevågen den
gongen var 280 fartøy. Her var altså ein skog av master, av
skrog ein mur, for å referera til Svolderslaget. Ein kunne gå
på fartøy samanhengande tvers over heile Kvingevågen.
Når det galdt landnotlaga her på Kvingo, så
vart fjorden og vågen alltid overvaka når silda synte seg.
Den eller dei som fyrst fekk sjå innsiget, gav straks melding til
alle dei andre luteigarane. Eg kan hugsa frå min barndom, me dreiv
med slåttonna på eit innmarksstykke kalla Akstegøto,
litt oppmed vestsida av Kvingedalsvatnet. Næraste naboen vår,
han Erik Norst, kom med bod til han far at silda sto og kokte nede på
Nordkvingevågen. No var der 3 luteigarar på Kvingedalen også
som måtte få greia på dette. For å sleppa å
gå dei 2 km. opp på Kvingedalen, fann han Erik Norst på
at dei skulle ropa opp til dei frå der dei sto i Akstegøto.
No var han Erik Norst så veldig høg i røysta, og me
ungane flytta oss i god avstand frå han før han byrja ropa.
Men du verden, det vart mest som det står i ein julesong: -All himlen
er full av dens lyd.
Det var som grunnen skalv under føtene på
oss når han Erik og han far ropa -Mæ notæ- tre gonger.
Me kunne høyra atterljomen kor han rulla millom
Kjibotshamrane og Kvingedalslidene og nådde dei der inne, som ogso
gjekk og stræva med slåttonni, Det gjekk ikkje lenge før
dei tre karane der oppe : han Joans, han Martin og han Gjert, kom i fullt
drev ned gjennom Kvingedalsvegen for å vera med på sildeeventyret.
Seinsumaren 1924 var her eit sers rikt brislingsfiske,
og prisen var høg, kr 13,- pr. skjeppe (20 l).
Dette var ein sers god pris i den tida. Mange ungdomar
her i grenda tente seg nokre kjærkomne kroner den gongen. Noteigarane
kvitta seg med all notskuld, og hadde i tillegg ein god notlut og mannslut.
I dei dagar var det vanleg å laga spikjeblisling,
som vart nytta gjennom heile vinterhalvåret. Men beste middagsmaten
var likevel kokt, fersk brisling attåt nypoteter. Då fekk ein
jamen sanna det ordtaket som seier at -augo er større enn magen.
Folk flest i dag har nok vanskar med å sjå
skilnad på bladsild og brisling. Her er ei rettesnor :
Bladsilda har ein blåleg glans i røet, brislingen
har ein gulgrøn glans. Brislingen har eit kortare og meir avrunda
hovud enn bladsilda. Er du enno i tvil så prøv dette : Stryk
bladsilda etter buken frå sporden mot hovudet, og buklina er glatt.
På brislingen kjennest buklina som om du dreg fingeren etter ei skjærfil.
Men før eg forlet dette sildetemaet, må eg
fortelja om eit minne eg har frå sumaren 1940.
Me hadde kasta - fangsta - mykje sild kringom i Austfjorden,
så her var ofte føringsbåtar som henta sild til sardinfabrikkane
kringom på Vestlandet.
Så var det ein dag der kom ein slik føringsbåt
like frå Ålesund. Mannskapet ombord var to sunnmøringar,
båe i 20-års alderen. Det var ein velhalden og stor båt,
utstyrd med ein 50 hk. Rubbestad-Wickman motor. Det merkelege her var at
desse to sunnmøringane eigde, og var skuldlause på denne båten.
Korleis slikt kunna ha seg, tru - ville du kanskje vita.
Jau, desse karane hadde i fleire år, trass i sin
unge alder, drive torskefiske borte på Newfound - landsbankane. Ikkje
rart at dei skalv av pågangsmot, der dei stod på båtdekket
framføre oss.
Konklusjon : Å du, å du, for ein nasjonal
velstand, dersom heile Mor Noreg hadde vorte busett av slike kapasitetar.
Også på etterjulsvinter var mannfolka her
på Kvingo opptekne med sildefiske, men no som mannskap eller lutarar
i vintersildfiske, anten på Fedje eller på Haugesundskanten,
det siste ofte kalla Sørafiske. Fisket som gjekk føre seg
like over nyttår ute på Fedje, vart kalla Storsild- eller vintersildfisket.
Dette var gyteferdig sild. Etter gytinga drog silda søretter kysten
til Haugesundstraktene, og her var det vårsildfisket gjekk føre
seg. Dette siste fisket kunne vara fram mot slutten av mars månad.
Etter kvart drog vintersilda lenger og lenger nordetter
kysten på si gytevandring, like til Nordmøre, og reiskapane
som nå vart nytta var drivgarn og snurpenot. Det ein kalla vårsildfisket
vart det heilt slutt på. Det maksimale kvantum oppfiska vintersild
nådde ein vinteren 1956. Det gjekk føre seg utanfor Bremanger
kommune i Sogn og Fjordane, og flåten som låg ute i havet talde
600 snurparar og 1500 drivgarnbåtar. Heile havet såg ut som
ein by av ljos, og det oppfiska kvantumet nådde 13,6 mill. hl.
Dette gav også arbeid til tusener av trottuge hender
i land.
Den tida vintersildfisket gjekk føre seg på
Fedje, vart det nytta fartøyskøyter - lossementer - inne
frå fjordane, og dei som rusta ut desse båtane kunne få
i oppdrag å skaffe pålag halvparten av mannskapet for vinteren.
På desse skøytene var der 13-15 personar, så her var
det ikkje noko som kunne kallast overdådigt.
I min grøne ungdom var eg 3 vintrar på fiske,
det var i 1931/32 og 33. Fyrste vinteren hadde eg kr 75,- i lut, andre
vinteren kr 33,33 og siste vinteren kr 133,- så her var ein nøydd
å laga munnen etter matsekken.
Kvernhuset hans far
Her på Kvingo har det vore kvernhus frå eldre
tider. I Nord-kvingeelva var her registrert 2 flomkverner i 1721. Her var
vassdrag med to, etter tilhøva då, store basseng : Kvingedalsvatnet
og Blådalsvatnet. Desse to vatna vart seinare oppdemde, og kvernane
vart no kalla åregangskvernar.
Kvernesteinane, som hadde stor diameter samanlikna med
andre kvernsteinar her i bygda, var komne frå Selbu i Sør-Trøndelag.
Forutan å mala eigeavla korn, kom her korn til maling frå Fedje,
Austrheim, Fonnes og Byrknesøy. Det var helst havre dei kom med.
Malinga tok til kvart år i oktober månad og varde til litt
utpå etterjulsvinteren. Her var 4 eigarar i Øvre kvernhuset,
og 5 eigarar i Nedre. Det vart male både dag og natt. På dei
bruka der det enno var arbeidsføre kårkallar, var det helst
desse som sat i kvernhuset. Jobben med å sitja i kvernhuset vart
delt pålag likt mellom eigarane, og kvar som mol tok mot betaling
av sine -klientar. Ein kveld i romjula samlast parteigarane i kvart kvernhus
til eit rekneskap for malinga og til eit godt måltid mat, der dei
gjorde gjeldskurd på julematen som var att.
Desse samkomene vart kalla kvednebyte.
Kring 1930-åra vart det slutt på denne leigemalinga.
Den hadde vore ei kjærkommen inntekt for brukarane her i vinterhalvåret.
Litt om skogen her i grenda
Ein naturrikdom her på Nord-Kvingo var all skogen.
Medrekna fjellskogen var her ca. 7500 dekar, fordelt på 5500 dekar
barskog - furu, og 2000 dekar lauvskog av ymse slag. Forutan brensel og
byggevyrke av ymse slag til eige bruk, vart det også seldt mykje
lauvved - famneved og byggematerialar som skurdtømmer. Dette siste
til dei skoglause bygdene ut ved kysten. Nordkvinge- garden hadde eiga
grendesag, der dei kunne foredla alt byggevyrke frå skogen.
Det var i vinterhalvåret arbeidet i skogen gjekk
føre seg. Framdrifta av skogsvyrket var med hest, slede og drog,
og ein var alltid avhengig av snø. Denne kunne vera ei mangelvare
sume vintrar. Til vinterkøyringa i skogen måtte hestame vera
skarpskodde. Dette var jernsko med stålbroddar under, så dei
kunne festa på issvullar og klake i brattingane.
Det sa seg sjølv at myrar og dike måtte
vera hardfrosne så dei kunne bera oppe hest med lass. Men her fanst
også dike som aldri fraus til. Dette kom seg av at der var oppkomevatn
i djupna. Her seig hesten nedi og fekk ofte eit sværa strev med å
koma seg laus att. Slike opne dike vart kalla -Nerilæge.
Greineveden av felte tre var det siste som vart henta
frå skogen på etterjulsvinteren. Men ofte kunne det vera slutt
på snøen då.
Det vart oss ungane sin jobb då å bera veden
heil på ryggen, på føresumaren. På steikande solskinsdagar
kunne dette verta ein varm jobb. Eg var berre 7 år fyrste gongen
eg måtte til skogs på slik vedbering. Og dette dreiv me på
med i heile vår barndom. Me var 3 brør her som held lag i
dette arbeidet, ein 1 år eldre, ein 3 år eldre bror og eg.
Ofte la me på så tunge bører at me måtte krypa
på knea rundt til me fann ei høg tuva der me kunne hæva
odd opp i ståande stilling. Men aldre så gale at det ikkje
er godt for noko: Eg har aldri havt verkande og vond rygg.
Eg hugsa ein føresumar med steikande sol kvar dag.
Me 3 karane dreiv og bar ved oppe frå Hesthovden, og ned til Mammonskardet,
ein høgdeskilnad på 150 m. Frå Mammonskardet og heim
var det køyreveg. No har natura ordna det slik at migemauren vert
så steikande irritert i sterk sol, og dette gjev han til kjenne på
ymse vis. Mellom anna gav han frå seg ei lukt så sterk at det
sveid i nasa på oss, der me kom pæsande og strævande
med dei tunge børene, ofte med sprakenåler nedetter den blodlaupne
ryggen, og med eit fjes som var både raudt og opptrutna av solsteik
og migemaulukt.
Ja, slik var vår barndom, slett ikkje nokon dans
på roser. På den tid hadde ikkje samfunnet vårt etablert
desse sarte og abstrakte skapningane som kallast barneombud.
Utnytting av fjellet
Det fyrste fjellskogen vart nytta til, var byggevyrke
og ved på sætra. Her i sætertraktene var det ogso fyrst
ein fann skog. Fjella heimanfor vart nytta til utslåttar, så
skog av noko omfang kunne det sjølvsagt ikkje verta her så
lenge ein dreiv og slo i fjellet. Næraste nabofolket vårt,
han Erik Norsk og ho Adna, var dei siste her på Nordkvingo som slo
i fjellet. Det var like før siste hundreårsskifte. Der var
ei mangd utmålte slåtteteigar oppe i Klefjellet. Graset vart
firt på løypestrengar ned i Gjelæ, der det vart turka
på hesje og lagre i 2 løer til fram på vinteren. Når
fyrste snøen kom kunne høyet transporterast heim via hest
og slede og løypestrengar.
Fyrst når denne slåtten tok slutt i fjellet,
kom skogen eksplosivt, slik at det i siste krigen vart khogge fleire hundre
famner bjørkeved i Klefjellet. Men desse same fjelltraktene, og
mykje lenger innover, vart også nytta til sumarbeite for sau, noko
dei vert mykje nytta til enno.
Kvar brukar her på Nordkvingå sende mykje
sau til fjells om sumaren, og i tillegg vart det teke mot mykje leigesmale
frå Austrheim kommune og frå delar av Lindås. No var
ikkje desse leigarane utåtifrå alltid så spreke til å
få sauene sine heimatt frå fjellet om hausten åleine.
Då var det godt å veta at dei -innfødde- på Nordkvingo
kunne hjelpa til.
Eit minne frå min barndom : Desse karane som kom
frå dei ytre bygdene og inn til Kvingo, i eitt eller anna ærend,
det være seg korn til maling, henting av skogsvyrke eller leigebeiting
av sau, dei vart med ei fellesnamn kalla -Utåtekadlane. Kvar av desse
kadlane hadde sin sokalla kontaktmann på Kvingo, og samarbeidet mellom
desse vart ofte så vært og kjært at denne kontaktmannen
vart kalla: - Han far.
I denne samanheng var det at han far vår fekk eit
brev frå ein slik utåtekadl. Denne kadlen var truleg ikkje
så skarp i dette med rettskriving. Me ungane lurde oss til å
lesa dette brevet. Der stod det soleis: Jeg vil høne med dig om
du fan kan skaffe mig en tnistalank og et pav fevingsavev te båtnipen
da jeg va så ynest fanlegen. O J Binkenes.
Han far som var meir skriftlærd enn kva me ungane
var, kunne resonnera seg til kva tankar som låg bak desse skriftteikna.
Mannen ba om ein kubbe - ein treskolørk - altså eit emne til
å laga tresko av, og eit emne til å laga 2 årar til færingsbåten
sin. So enkelt var det heile.
Litt om sæterdrifta på Nordkvingo
Sæterdrifta her tok truleg til kring 1740/50-åra.
I Masfjorboka heiter det at - i 1723 var her intet sætter, så
alt den gongen var ein byrja å registrera dette med sæterdrift.
Dei fleste sæterhus på Nordkvingo var ombygde i 11890-åra,
og laftetømmeret i veggane syner at det har vore nytta fleire gonger
før. At ein ikkje byrja med sæterdrift her endå tidligare,
skuldast vel at her var bjørn oppe i fjellskogen då.
Frå fyrst av var der 7 sæterhus på Nordkvingo,
og desse var plasserte i rekkjestil. Der var 4 hus i ei rekkje, og 3 hus
i ei. I min barndom var der berre 6 hus att, og i 1925 var der berre 5
att. Desse siste var haldne i hevd, ogso etter at sæterdrifta var
slutt. Seinare er det kome til 5 nye hus, så no er der i alt 10 stølshus
på Nordkvingesætra. Underskrivne var den siste som hadde kyr
der oppe. Det var i 1948. Seinare er sætrane vortne nytta berre som
ferie- og rekreasjonsstad.
I god tid før buferdsdagen gjekk dei som skulle
vera sæterjenter for sumaren opp til fjells og sette i tette. Dette
vil seia at dei la alle lagga trekjærald til bløyt i sætertjørna.
Stemper, askar, stampar bøtter og ryggbøtter var alltid så
oppgisna etter bruken sumaren før. Difor måtte dei fyrst leggast
i bløyt før bruk.
Buferdsdagen, som oftast var ein måndag, vart kyrne
henta frå heimeutmarka der dei hadde beita frå våren
av. Då kyrne fekk sjå at me ikkje hadde ryggspann med saltprins
på oss, og heller ikkje mjølkebytta i armkroken, skjøna
dei kva som var i gjære. Som Vinje sa det: -Dei hava mannavit.
Med nokre høge raut samla bjøllekyra heile
buskapen rundt seg, og så bar det i fullt firsprang heimover så
moldspruten sto til vers. Like utanfor innmarksgjerdet lengst nord i Nordkvingegarden
er der ein bakketopp med ei flate i lendet som kallast Venninjæ.
Her var standplassen og utgangspunktet for bufærda. Alle buskapane
som no var samla her, vart mjølka. Mykje folk med ryggbører
og mange kløvhestar var også på plass. Så sette
heile buferdsfylgjet seg i bevegelse. Både folk, kyr og hestar var
veltrimma til denne ferda. Det bar oppover brattingar, bakkekneikar og
kleivar, haugar, myrar og skogsåsar, gjennom gjel og over urdar.
Etter pålag 1 1/2 time var fylgjet nådd fram til Blådalsvatnet,
og her måtte dei fleste taka seg ein pust i bakken og turka sveitten
av panna si. Her på denne kvileplassen var skilje mellom heimabeite
og fjellbeite, og her vart ein liksom trollbundet av natura. Ja, ein kunne
mest koma i same stemning som Garborgs Helge Håland : -Det var som
fjelli dei hadde flutt seg, det var som leiene hadde snutt seg.
Ja, ofte seinare har eg på denne staden byrja syngja
den norske folketonen: -I fjor gjette eg geiten, og då til undertonar
frå båreskvalpet mot strandsteinane i Blådalsvatnet.
Men det var enno ein tredjepart att av vegen fram til
sætra. Hardaste kneiken på heile vegen, var over Gummeleitet.
Det fyrste som måtte gjerast når ein var framkomen, var å
få kløva av hestane så dei fekk turka sveitten og beita
litt. Det var salt, bein og separatoren som vart klyvja opp. Desse beina
var torskebein som vart innhyses turka om vinteren. Me fekk dei tilsende
i hl.kassar frå dei før nemnde Utåtekadlane. Når
kyrne fekk slike bein og noko riskesalt sto dei rolege medan dei vart mjølka.
Det fyrste som måtte gjerast inne i sætre,
var å montera separatoren på eit, til dette bruk, tillaga bord.
Separatoren måtte stå heilt i vater. Etter eit godt måltid
mat og eit par timar kvild, var det å taka på heimattveg.
Sæterjenta sitt arbeid var fyrst og fremst å
gå på stølen. Ja, so heiter det når dei gjekk
ut i marki for å mjølka kyrne. Var kyrne langt borte og høgt
oppe, tok denne turen gjerne fleire timar. Komen attende til sætre,
var det å separere - skilja fløyte og skummamjølk.
Når fløyten var sur, skulle det kinnast smør. Dette
var omlag ein gong kvar veke. Når skummamjølka var sur vart
ho blengd og laga anten til gamalost, kvitost eller det som me her i grenda
kalla øssjuka, det er ostestoff (osttjukka). Når denne øssjuko
vart finsmuldra var ho ypparleg på rømmekolla. Saupet som
vart etter smørkinninga, vart innkokt til prim og nytta som pålegg
på kake og skiver.
Tur om anna måtte ein til sæters og henta
noko av denne -Drotten. Det var alltid noko som måtte takast med
oppover, det kunne vara bein, salt eller ymse matvarer.
Var der mykje som skulle heim, måtte ein gjerne
taka kløvhesten med. Surmjølka vart kløvja heim i
lagga, ovale trekjærald som kallast retleflasker, som tok pålag
30 l kvar. Anna utstyr for kløvjing av bein, salt, klæde og
ymse vatvarer, var meiser. Dette var ovale ringar som tre, og då
helst hassel. Desse ringane var så knytte saman av ymse tauverk,
på ein spesiell måte.
Kløvutstyret elles var: reitlesal, brystgjord,
bukgjord, og rompekjøvle. Salen hadde 2 krokar på kvar side
som retleflaskene eller meisen vart hengande opp i, ei på kvar side.
Brystgjorda skulle halda kløva på plass når hesten gjekk
i motbakke, rompekjøvlet når han gjekk unnabakke, og bukgjorda
skulde hindra at kløva trilla rundt på hesteryggen. Det siste
ein gjorde før kløva vart hengd på plass, var å
strama godt til bukgjorda. Her måtte ein vera brennande snar når
hesten hadde pusta ut - altså når lungevolumet var i minimum.
Av mat som vart bore til sæters, var litt brød,
og så mjøl som vart laga til ausekaker. Desse vart steikte
på hella i grua. Ymse godt av drotten på sætra vart nytta
i desse ausekakene, så dei var jamen velsmakande til sine tider.
Ein gong for veka, og det var som oftast på onsdagar, kom alle sæterjentene
heim ein tur. Dei hadde då med seg kaffimjølk og ymse anna.
Så tok dei matvarer med seg oppatt. Kvar onsdagskveld vart det sett
opp rømmekolla, som måtte vera laupen - modna - til helga
kom, for då venta ein som oftast folk opp.
Barnesundagen var borna si helg å få koma
til sæters. Sjølve husbondsfolket hadde si helg, og så
var det helga for ungdomane. Til denne helga kom det gjerne ungdomar frå
andre grender. Det var alltid ungdomshelga sæterjentene hygde seg
mest til - og mogeleg ikkje så rart. Dette å få rømmekolla
med litt sukker på og den før nemnde øssjuka på,
sette deg i same stemning som Vinje var i, då han åt -Grauten
på Grut.
Ein skalv gjennom heile kroppen av sær njoting.
Skilje mellom helgane for borna, husbondsfolket og ungdomen
vart meir og meir utviska. Det vart ungdomane stort sett som tok overhand.
Og dei kom ikkje til sæters for å sova bort sumarnatti.
Eg hugsa eingong frå min eigen grøne ungdom.
Der var fullt av folk som låg i sætre vår. Me låg
på golvet i alle klæda og med store vedskier til hovudpute.
Den gongen låg eg så vondt at eg måtte heile 5 gonger
utanfor sætre for å kvila meg.
Her på Nordkvingo var det vanleg å taka kyrne
til fjells pålag ei veka ut i juli månad. Så vart dei
tekne heimatt mot slutten av august. Pålag mot slutten av juli månad
skulle kyrne skifta beite. Fyrste tida beita dei i sætertraktene
og oppe i Storevasseggene. No skulle dei takast ut på Klefjellet.
Her måtte dei drivast gjennom eit -pass- som kallast Råsna,
og her trong sæterjentene noko hjelp heimanfrå. Som oftast
var det me ungane som vart send avgarde den kvelden.
Det var noko til sveittejobb å taka seg oppover
dei bratte Storevasseggene i solsteiken. Komne opp til passet Råsna
vart me møtte av ein svalande vind som turka sveitten av panna vår.
Denne vinden kom opp frå Storevassdalføret. Under ein fjellvegg
like ved Råsna og i nordhall, låg der ein liten rest att av
ei snøfonn, og her sto det nygrodd, tirande grønt gras i
fonnkanten. Ut under fonna kom der bekkar med kaldt, klårt vatn,
der ein kunne få svala tunga si.
Langt nede mot Storevatnet er der enno murar att etter
dei gamle Kleivesætra. Ho mor mi fortalde at der var ei gamal sæterjente
på Kleivsætra som -gjekk att. Tidleg kvar morgon slo ho i berget
utanfor sætra med staven sin for å vekkja sæterjentene.
Denne historia gjorde at eg seinare alltid tykje der låg ei trollsk
stemning over lende og landskap innover Storevassdalføret. Dertil
vart det liksom aldri klårt for meg kven denne gamle sæterjenta
var som for slik og herja med staven sin.
Men så endeleg i ein songtime i barneskulen fekk
eg løysing på gåta. Det var i eit vers frå diktet
-Ku-lokk av Arne Garborg. Seinare i livet har det vorte slik at kvar kong
eg kjem over dette verset i Haugtussa, så kjenner eg meg atter som
barn oppe i Råsna. Eller kvar gong eg har kome oppatt til Råsna,
så høyrer eg atter dette vidunderlege verset:
-Å, kyri mi gode, å kyri mi !
Her skal du vel trivast i grøne li,
her sildrar kjelda med surl og skval
og graset er mjukt og skuggen sval
Ja Nordanås -li-i, der er det godt
der gjæter huldri kvar einaste nott.
Det var nok huldra som vart lei av å gjeta buskapen
om natta, og som difor vekte sæterjentene på gamle Kleivesætra
med staven sin.
Sæder og skikkar har endra seg mykje gjennom tidene.
Soleis ogso med sæterlivet. Eg har late meg fortelja at like før
siste hundreårsskifte var det slik at sæterjentene spanderte
kvitostsneier på unggutane som kom til fjells, og di betre dei likte
guten, di tjukkare ostesneier fekk han. Det var liksom tjukna på
kvitostsneiene som vart måleeininga for kjærleiken. Slik hadde
unggutane eit vake auga med kven som fekk dei tjukkaste sneiene. Han onkel
Andreas var visstnok ein stram gut i sin ungdom, og han hadde truleg fått
veldig tjukke ostesneier, dersom han hadde møtt opp på sætre,
men han Andreas reiste tidleg nord til Andvik der ei syster hans var gift.
Ogso i dei dagar var det slik at ungdomane møttest ved kyrkja. Ei
grannejente her lika han Andreas so veldig godt at ho ville gjeva han ei
veldig tjukk kvitostsnei. Ho hadde ikkje kome til med dette om sumaren
oppe på sætre. I von om å treffa han Andreas med kyrkja,
reiste ho dit ein preikesundag, og ho hadde ostesneia med seg. Men han
var diverre ikkje med kyrkja den dagen. Ho gjorde eit forsøk nr.
2, men heller ikkje då vart han Andreas å freffa med kyrkja.
Ein sundag seinare emna ho seg til eit tredje -forsøks-heat, men
då var ostesneia hennar så oppturka og krølla av elde
og ille medfart at husets folk nekta henne å taka sneia med seg.
Han Andreas reiste seinare til Bergen og vart gift der,
og ho ostedama reiste til Amerika og vart gift der.
Ja dette var litt om sætreskikkane i farne tider.
Ved heimreisa frå sætra om hausten var det
like folksamt som ved reisa opp. Mykje folk var møtt fram på
Venninjæ for å taka mot bufærdsfylgjet. Kveldsmaten den
dagen var bufargraut - det var ekte rjomegraut. Ho som hadde vore sætrejente
fekk ein ekstra skål med bufargraut, og som ho kunne spandera på
kven ho ville.
No er sæterlivet slutt. Rart er det å tenkja
på at dette miljøet har vore motivet til det sartaste og vakraste
me har i dag av norsk lyrikk og tonekunst.
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden
sogelag / Masfjorden mållag. |