Seterdrift i Masfjorden
Forfatter: Jonas Riisnes
Fjellviddene har alltid vore eit viktig ressursgrunnlag
for folket i Masfjorden. Det var med og ga masfjordingane ei økonomisk
sikring som øykommunane vanta. Utnyttingsgraden av desse ressursane
var størst på den tida seterdrifta nådde sitt høgdepunkt.
Det var i første halvdel av 1700-talet at einskilde gardar i Masfjorden
tok til å nytta fjellbeita.
På denne tida var det mykje rovdyr i fjellet, særleg
bjørn og ulv, som nok skapte eit problem for mange bønder.
Ei av oppgåvene til seterjenta og gjetaren var å verne buskapen
mot villdyr.
Men på 1820-30-talet byrja ein å få
bukt med rovdyra, og då fekk seterbruket ein oppsving. I hundreåret
1820 til 1920 kan ein seie at seterdrifta blømde i Masfjorden.
Ein del setrar har namn etter plassen dei ligg på,
som til dømes Steinsdalen, Norgilsbotten og Hyttemarka. Men dei
fleste har namn etter garden dei høyrer til som t.d. Mollandssetra,
Eikemostølen, Litle Matrestølen og Nordkvingestølen.
Dei fleste setrane i Masfjorden ligg i eller like over
tregrensa, som kan variere frå omlag 350 meter i dei ytre områda
til 600 meter inst i fjorden. Unntak er Baugesetra og Bergsvikstølen
som ligg i tett barskog.
Fleire gardar hadde særs lang seterveg. Garden Arekletten
leigde beitemark fyrst i Bukkedalen ved Stordalsvatnet, og sidan i Hyttemarka
ved Fosse. Først måtte dyra førast med båt inn
til Matre, sidan opp dei bratte Fossekleivane og til slutt den lange vegen
inn til setra. Enkelte gardar hadde eigen
kyrebåt som kunne ta opp til 8 kyr i ei vending.
Elles nytta dei ymse slag båtar som t.d. notbåtar. Kløvhesten
tok dei stundom med på dampen.
Duesund hadde i mange år seter for både kyr
og geiter på Feten ovanfor Haukeland ved Storevatn, og Rambjørg
hadde seter i Steinsdalen.
Kyrne var vanlegvis på setra i 12 veker, frå
jonsok til midt i september. I denne tida var det budeia som hadde ansvaret
for dyra og alt arbeidet som fylgde med. Ein gong i veka eller kvar fjortande
dag, det varierte litt med avstanden til setra, kom folk frå garden
opp med kløvhest for å henta heim budrotten. Den var smør,
prim og gamalost.
I 1920-åra vart nokre få setrar i Masfjorden
nedlagte, medan dei fleste heldt fram med drifta til siste verdenskrig.
Dei siste var endå i drift til utpå 1950-talet.
Då dei slutta med seterdrift, vart ei rekkje tradisjonar
borte frå bygdesamfunnet i Masfjorden. Alle skikkane, gjeremåla,
arbeidsprosessane og heile den materielle kulturen, husa og reidskapen
vart gradvis historie.
Dei fylgjande forteljingane om seterlivet i Masfjorden
skildrar det slik dei som sjølve var med, opplevde det.
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag |