Stadnamninnsamling i Masfjorden
Forfatter: Jonas Riisnes
Innsamling av stadnamn i Masfjorden er noko det har vore
arbeidd med i lang tid. Før krigen vart det gjort skulebornoppskrifter
i listeform so finst på Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen
(UNB), og det er laga kartotekkort over namn henta frå eldre kart.
I 1953 laga Daniel Dvergsdal 816 kort som er kartfesta for Masfjorden og
Fensfjorden.
I 1980-åra laga fleire gymnasiastar frå Masfjorden
særoppgåver om stadnamn i heimbygda si. I 1980 byrja Masfjorden
mållag å registrere namn på lister med karttilvisning
og viktige opplysningar.
Førsteamanuensis Oddvar Nes heldt då eit
rettleiingsmøte på Nordbygda skule. I fleire år samla
Mållaget inn namn på lister og mykje arbeid vart gjort, spesielt
i Nordbygda, Andvikgrend og i ein del av indrefjorden. Men desse namna
vart ikkje kartfesta med nummer slik forskriftene krevde, og heile arbeidet
stoppa etter kvart opp.
På initiativ frå Fylkeskommunen i mars 1987,
skulle det takast eit krafttak for å få gjort ferdig stadnamninnsamlinga.
Masfjorden kommune fekk då tildelt lærar Odd Helge Birkeland
som sivilarbeidar i 14 månader for at han skulle prøve å
fullføre arbeidet. Han tok til i april 1988 og arbeidde fram til
juni 1989.
Då han slutta var det fleire gardar som hadde fått
tilsendt kart og lister med oppmoding om å skrive opp og kartfeste
namn - og som ikkje hadde levert desse attende. I oktober 1990 tok Masfjorden
Sogelag på seg å føre stadnamn - innsamlinga vidare.
Totalt er no ca. 60 kartblad ferdige og det er ca. 7000
namn som er førde på eigne lister for kvart einskilt kart
og gjevne nummer som er påført kartet. Namna skal også
lesast inn på lydband, og 26 kart med lister og lydband vart levert
Nordisk Institutt i juni i år. Nordisk Institutt lagar kopiar av
det heile som me får i retur. Kopi av dei leverte listene og lydbanda
har me alt fått att, medan kopi av karta vil koma seinare.
Det står att ein god del namn å lese inn på
lydband og for ein del kart er det heller ikkje samla inn namn enno. Fleire
av desse er over fjellområder, og 13 av karta er det uvisst om me
kan skaffe.
Sogelaget reknar med å ha heilt avslutta namninnsamlinga
våren 1992. Talet på namn som er samla inn på dei ymse
gardane er svært ulikt, og det tyder nok på at mange stader
rundt om på bøar og i skog og mark, er ikkje dei gamle namna
i bruk lenger. Eit par unntak har eg lyst å nemne.
Laura Skuggedal på Kalhovda hugsa svært mange
namn på dei to gardane, Stykket og Nystykket.
Og Marta Herøy hugsar namn på ikkje mindre
enn 15 åkrar på Mollandsøyna. Dette tyder vel på
at ikkje alle åkrane har vore så store, og -tauseåkeren-
har truleg vore tenestejenta sin litle lapp.
Dersom skuleelevar og andre i framtida ynskjer opplysningar
om namn på dei ymse gardane i Masfjorden, så vil alt innsamla
materiale vere tilgjengeleg i det brannsikre arkivet til museet på
Sleire.
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden
sogelag / Masfjorden mållag.
|