Ådneburen - eit merke på så mangt
Forfatter: Ragnhild Jung
Ådneburen, eller rettare Ådnebrukistå,
gjekk lenge for å vera det høgaste fjellet i Masfjorden. Men
om no dette ikkje stemmer heilt - Torhogen er litt høgare - så
ligg Ådneburen slik til at han er lett synleg. Det vert fortalt at
sjøfolk brukte han som "med" fordi han var synleg langt til havs.
Når ein ser fjellet frå vest eller nordvest,
liknar det på ei kiste, og eit hol i bergveggen på austsida,
tett ved vegen når ein går opp Nordlandsdalen, er "lykleholet".
Eit gammalt sagn fortel at meistertjuven Gjest Bårdsen
ein gong kom forbi Ådneburen på ei av sine mange ferder då
han rømde frå "lensmann og prest". Han hadde eit skrin fullt
av sylv med seg, og dette gøymde han i ei urd på sørsida
av Ådneburen. Når sola står i syd kl. 12, skin ho rett
i lykleholet på dette skrinet, og då blenkjer det av sylv !
Soga seier at mange har rota i urda og leita, men skrinet har ein endå
ikkje funne!! Om nokon vil på skattejakt, så er det endå
sjansar.
Frå nordsida av Masfjorden i Nordbygda, ser ein
Ådneburen godt, og den fyrste snøen legg seg alltid der. Når
det vart kvitt i Ådneburen, visste folk at no var vinteren nær-.
Ein eldre mann på Rambjørg hadde ei regle
om dette: Den kvite mannen i Ådneburen, han spør: "Har du
ved ? Har di laga deg te ? For no kjem eg - !!
------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag. |