Der Masfjorden tek til
Forfatter: Ragnhild Jung
Historia du her kan lesa er fortalt av Malmfrid Kabbeteigen,
f. Duesund, og handlar om dei som budde på nyrudningsbruket Vikedalen
på øya Holsnøy. Ragnhild Jung (1913-2006) skreiv det
ned - og historia stod å lese i sogeheftet «Fjon frå
fjell til fjord,» årgang 1992.
Der Masfjorden tek til
Masfjorden har ei mengd med øyar, og på 8-9
av desse har det budd folk, det vil seie at der har vore drive gardsbruk.
For sjølv om folk fann mykje av levemåten på sjøen,
var ei eller to kyr og nokre sauer ein svært viktig del av det dei
trong for å livnære seg.
No er det berre på den største av desse øyane,
Holsnøy, at gardsbruka vert drivne. Men her og har det «turka
inn», frå tidlegare 6 til no to gardar.
Namnet, slik det no står på kartet, er vel
ei fornorsking av det tidligare Holsnøen som Masfjordboka nyttar.
Forklaringa på namnet er at det kjem av «hals», «..som
betegner øer delt i to deler, der forenes i en hals, en senkning
i høyden eller sammenknibling i bredden» (etter O. RYGH).
Forfatteren av Masfjordboka, Lars Nordland, meiner at
det burde skrivast HOLSØY, fordi folk seier Holsøynæ,
eller berre Øynæ. Dette gjeld berre for garane nordst på
øya som alle no er fråflytta og ikkje vert drivne som sjølvstendige
bruk lenger.
«Det beste av bøen» vert hausta av
naboar. To av desse bruka (frå først av berre eitt) kan ein
finne i bøkene heilt frå midten av 16-hundretalet. «Provematrikel
1721 Halsøen. Saar 3 Td., høster 9 TTd., føder 13
Nød, 12 Faar. Selveiergaard, ligger ved Søen. Skarp og tungvunden
jord. Ingen herlighed. Taaler ingen forhøielse.» (Frå
Masfjordboka)
Det nordlegaste bruket, Vikedalen, var eit nyrudningsbruk
frå slutten av 1800-åra. På dette bruket voks det opp
ein syskenflokk og nr. 13 i rekkja; Malmfrid Kabbeteigen, f. Duesund, no
busett på Austlandet, tek oss med både til eldre og litt nyare
tid.
SLEKTA OG GARDANE
Mor var svært flink å fortelja om gamle dagar
og om slekta langt attende, så eg har lyst å byrja litt med
det. Oldeforeldra mine i Halsøy heitte Erik og Gjertrud. Dei fekk
tre jenter : Sina, Henrikka og Kristiana. Den siste døydde då
ho var 8-9 år. Oldefar var flink båtbyggjar. Det var fleire
av etterkomarane hans som og prøvde seg med det, den siste var oldebarnet
hans, Harald Halsøy. Han bygde både robåtar og motorbåtar.
Oldefar drukna på ein segltur frå Fonnebostsjøen
og heim, berre 47 år gammal. Då oldemor vart enkje, styrde
ho garden med hjelp av tenarar. Eine «drengen» heitte Ivar
og var frå Oppedal i Gulen. Han vart gift med dottera i huset, Sina,
og dei tok over garden. Systera, Henrikka, vart gift med Jakob Vågset.
(Jakob drukna då D.S. Masfjord sokk ved Solesjøen i 1918,
men då var Henrikka død lenge før).
Husa der dei to systrene fyrst budde, stod nokso nær
einannan. Dei delte då garden mellom seg, og sidan flytte Ivar og
Sina huset litt lenger nord. Der var to husmannsplassar og, ein i søre
enden av garden og ein i nordre. På den i sør, Stokkemyra,
budde ein som heitte Martinus Matre, på den i nord, budde Anders,
bror til oldefar. I daglegtale vart han kalla «Anders i Myra».
Fjøsgrunnane på denne plassen var der då eg voks opp.
Etter at husmennene døydde, kom plassane under garden att.
Sina og Ivar på det nordre bruket fekk mange born.
Den eldste av desse heitte Kristiana, det var mor mi. Andre av jentene
vart gifte i nabolaget og fekk familie etterkvart. To brødre døydde
av tuberkulose berre 23 og 27 år gamle. Det vart den yngste, Magnus,
som tok over garden.
Morfar var svært glad i å fiske, og fiska
vel mest med snøre. Men han hadde og garn og not, og kasta både
fisk, sild og makrell. Mor fortalde at på bryllupsdagen hennar fekk
dei sjå ein makrellstim i fjorden. Dei for ut og kasta og fekk mykje
makrell, så sløgde dei - og kokte makrellhovud til kvelds
!!!
Mormor var fødd med ein hoftefeil, men ho var eit
«arbeidsjern», arbeidde både ute og inne. Eg hugsar at
då ho var over 82 år var ho med og grov opp poteter. Ho arbeidde
så roleg, men ho grov og plukka like mykje poteter som me andre.
Far min kom frå Duesundøy, men besteforeldra
hans budde i Duesund og heitte Kari og Ola. Kari vart kalla «Godmor
Dusen», om det var eit anna namn for bestemor, eller om det skulle
vera «Gudmor», veit eg ikkje. Men det vart sagt at ho bar dei
fleste av borna deromkring til dåpen ! Det var sonen deira, bestefar
min, som flytta til Duesundøy og vart husmann der. Der var det mest
haugar og stein - med ein og annan grøn flekk innimellom. men dei
hadde både kyr og sauer.
Dei var mykje ute på fjorden og fiska til husbruk.
Far fortalde at eingong han var med far sin og fiska, fekk dei ein pigghå.
Farfar skar av «luffen» på ryggen av
håen, den var som ei rasp og var difor fin å bruke som sandpapir.
Så kasta han pigghåen på sjøen att, og far, som
var så liten at han ikkje forsto betre, kasta «sandpapiret»
i sjøen og !!
Farfar tok og imot notbinding for eit firma i Bergen.
Det vart vel nokre kroner attåt, og gutane måtte vera med å
hjelpa til. Alle måtte vera med og dra lasset.
Besteforeldra mine på farsida, Johannes og Magli,
hadde fire born, tre gutar og ei jente. Ein av gutane var Hans, far min,
som kom til Halsøy og fann seg kona der.
NYRUDNINGSMANN OG LÆRAR
Mor og far gifte seg i 1892, då var far lærar
på Føyna, ei lita øy utanfor Karmøy. Dei budde
der til 1894, og eldste syster mi vart fødd der. Då dei flytte
heimatt, truleg hausten 1894, hadde far fått lærarposten på
Halsøy, Duesund og Mollandseid.
Dei fekk og kjøpe eit stykke utmark av mormor
og morfar. Det var mest haugar og kjempestore steinar. No er det visst
berre att ein av «dei store». Han låg på eit berg,
so han var ikkje i vegen for dyrkinga. Me borna tykte det var så
moro å kliva opp på han og sitje der.
Første huset dei hadde, fekk dei etter husmannen
på Stokkmyra. Han var nok død då, så det budde
ingen der. Huset vart flytta til det som vart kalla Vikedalen. Det var
ikkje stort, og då det etter kvart kom mange born til, måtte
det påbyggjast.
Ved sida av lærararbeidet skulle det no dyrkast
jord, og det var hakke, spade og «steinbukk» som var redskapar
då. Alt gjekk med handemakt, så det seier seg sjølv
at det ikkje gjekk fort. Det var ikkje vanskeleg å finne stein å
ha i grøftene, det var berre å skyte sund nokre store steinar
eller bergknausar. Nei, fort gjekk det ikkje, men det vart då både
åker til korn og poteter, og for til kyr og sauer. Høyet vart
bore inn i børetog, så me var vel kjende med hodlane, som
no er vorte kommunevåpen i Masfjorden.
Kornstaurane vart borne inn med kornbanda på. Floren
og løa vart og for liten, for det vart fleire dyr og større
avling etter kvart., så i 1918 måtte det byggjast nytt og større,
og i 1926 måtte løa forlengjast.
Far hadde lærarposten Halsøy, Duesund og
Mollandseid til i 1914, då måtte han slutta på grunn
av sjukdom. Men han hadde nokre vikarpostar sidan. Den første var
visst Eikemo - Fossdal krins. Då rodde han til Eikemofossen og var
borte heile veka, han budde på Fossdalshaugen, eller Lønshaugen
i dagleg tale. Det var skule om laurdagane og i den tida, så han
kom heimatt om laurdagskvelden og reiste att sundagskvelden eller måndag
morgon. Han rodde i allslags ver. Etterpå var han i Kvamsdal ei tid,
kor lenge, veit eg ikkje. Men eg veit at dei som vart konfirmerte i 1921
hadde gått i skulen til han. Siste vikarposten hadde han på
Hosteland. Me skyssa han til Hosteland sundag kveld og henta han att laurdag.
Der var han til 1924.
Mor og borna måtte ta seg av arbeidet heime då
far var så mykje borte. Men so sant han hadde stunder heime, braut
han jord og skaut stein og knausar. Me borna måtte vera med så
snart me kunne gjera nytte for oss.
Det var nok mor og dei eldste av borna som måtte
ta tyngste taka. Skogeteigen vår ved Skjelsundet var ikkje så
stor, så me kunne ikkje hogga så mykje, korkje til ved eller
materialer til bygging. Då var det å kjøpa på
rot hjå andre, og fara på hogst der.
Fiska gjorde me til husbruk, og det kom nok vel med i
hushaldet. Me hadde både snøre, liner, trollgarn og kastegarn.
Og alle måtte vera med å hjelpa til.
Eg gløymer ikkje når me låg ute på
«Vikane», utom Hosteland og såg etter makrell. Var det
stilt, var «smikka» forferdeleg plagsom. Når det vart
for gale, rodde me litt utpå, frå land, for der kom ikkje smikka.
Me kunne ofte få gode fangstar med makrell, eller det var brisling
eller bladsild.
Elles fekk me fisk av ymse slag, og alt vart nytta av
folk eller dyr. Når me fekk mykje pigghå i garnet, hengde me
han opp til turking. Kyrne likte den so godt når dei kom ut om våren.
Til ein slik stor huslyd var det mangt som skulle til,
så mykje måtte og kjøpast. Skulle me til handelsmannen,
var det å ro til Hosteland, eller ein og annan gong til Sandnes.
Me budde på «øyalandet», så båten
var viktig i alle samanhengar. Tungvint og slitsamt, ville ein kalla eit
slikt liv no. Men ein lærdom fekk me med ut i livet som ein ikkje
lærer på skular: Me lærde å arbeida !!
Vikedalen var nyrudning, utmark som vart til dyrka jord.
Men kanskje var me ikkje dei første likevel ? Då dei braut
i ein bakke ovanfor naustet, fant dei tekn som tydde på at her hadde
budd folk før : fleire flate steinheller som etter hustuft, og dei
fann fiskestein, truleg brukt til «søkke» på snøre.
Også eit fint bryne, slikt som me kalla «hein», var funne
der. Kanskje var det meir og, men desse tinga hugsar eg. Så soga
om Vikedalen strekkjer seg gjerne lenger attover i tida enn dei snart hundre
åra som er gått sidan foreldra mine tok til å dyrke jord
der. Så kan ein spyrje : Var dette arbeidet til fånyttes ?
Kjem det ei tid att, så jord der ein kan så og hauste atter
vert brukt ?
(Fortalt til Ragnhild Jung av Malmfrid Kabbeteigen, f.
Duesund).
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 / Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag |