Forord
Forfatter: Jonas Riisnes
Etter positive attendemeldingar om - Fjon frå fjell
til fjord 1991, vågar Sogelaget og Mållaget å gje ut
eit nytt hefte med lokalhistorisk stoff. Mange har sagt at dei ser det
særs verdfullt at det vert gjort alvor av å samle og skrive
ned noko om vår nære fortid i vår eiga bygd. Sjølvsagt
vert ikkje alt av like stor interesse for alle. Men ved å ta fram
ymse strøk i bygda kvar gong, vonar me at dei fleste finn noko av
verdi.
Dette heftet har mykje om -Det gamle Sandnes- frå
den tida staden på ein særleg måte var knutepunkt i bygda,
med kyrkje, administrasjon, industri og samferdsla m.m.
Me har bedt folk som voks opp der først på
dette hundreåret om å gje sine intrykk av staden og miljøet
i ei tid som var annleis enn no. Men også i dag er Sandnes plassert
på kartet. Det har me bedt rektor på Sandnes skule skrive litt
om.
Mange bygningar på Nordland og Totland syner merke
etter industriverksemd, både i mindre og litt større format.
Det kunne kanskje trengast nye initiativ no ?
Og så eit attersyn over småbruket, som ikkje
berre var ein arbeidsplass, men ei livsform. Kanskje noko å tenkje
på no det er blitt moderne med bygdeturisme ? Kva med ei sæter
som levande kultur i landskapet.
Ei oppmoding til Dykk som les dette heftet : Kjenner de
til hendingar, eller til personar som sit inne med lokalhistorisk stoff,
så ta kontakt med oss. Helst : skriv det ned og send inn !
November 1992
Jonas Riisnes
Masfjorden Sogelag
Ragnhild Jung
Masfjorden Mållag
--------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag.
|