Me fekk det høgt og fritt
Forfatter: Ragnhild Jung
Denne setninga frå «Gud signe Noregs Land»
høver få stader betre enn på Stallane. Garden ligg omtrent
midtvegs mellom ytre og indre Masfjorden opp mot fjellet ovanfor Eikemo.
Dette var Eikemosætra frå først av, men i 1798 vart
garden «oppteken som plass», fortel Masfjordboka, B 1.
Først var det berre eitt bruk, men snart vart det
delt i to, så der budde to familiar. Det ser ut som om «brukarane»
har skifta.
Etter at jorda vart privat eigedom i midten av forige
århundre, dreiv eigaren begge bruka. Seinare vart dei kvar for seg
enten bygsla bort, eller selde. Dei som kjøpte, budde der lenger
eller kortare tid. Bruk nr, 1 (etter br.nr.) vart så fråflytt
for godt i 1951. Men på bruk nr. 2 var det drift like til 1967, då
Søren og Dorthea Kalhovde flytte til Solheim.
Dorthea, eller Thea, som ho heitte til dagleg, er no 86
år (1992), og ho fortel gjerne om åra på Stallane, korleis
dei kom dit, og daglegliv ute og inne, arbeid og strev, men og glede og
trivnad. For dette var Heimen som ho og Søren skapte for seg og
borna. Så no let me Thea få ordet:
KORLEIS ME HAMNA PÅ STALLANE
Me gifte oss i 1936, men hadde då ingen gard å
flytte til. Søren hadde fått som ein slags lovnad på
at han skulle få kjøpa den garden som far hans bygsla på
Kalhovda. Så første tida budde me der, hjå svigerforeldra
mine. Me hadde ingen ting for oss sjølve, så me arbeidde saman
med dei, og gjekk i «sama matanøytet», som ein sa. Eg
vart som eit slags tenestejente, og Søren hadde litt vegarbeid -
når det var noko å få. Ein vinter etter at me hadde fått
første barnet vårt, stelte eg floren, men budde då på
eit lite rom der eg både sov og laga mat til meg og jentungen,
Me venta på å få kjøpa garden,
men då det vart klårt at me ikkje fekk det, tok me til å
sjå oss om etter ein annan stad, for gard ville me ha. Eg var vaksen
opp på gard og kunne ikkje tenkje meg anna arbeid enn å stelle
med jord og dyr.
I 1938 reiste Søren på arbeid inne i Hardanger.
Der var det og ein frå Stallane. Han var flytta derifrå, så
på det bruket stod husa tomme og garden var ikkje driven. Karen,
søster mi, og mannen hennar hadde snakka om å kjøpa
der. Då eg høyrde det, sa eg at dit skal no ikkje eg gå
for å besøkje dei ! Men - så vart det EG som hamna på
Stallane.
For då Søren kom heim hausten 1939 fortalde
han, at no hadde han kjøpt gard på Stallane. Me budde på
Kalhovda den vinteren og, men førebudde flyttinga til våren.
Husa var fine og i god stand, så det var triveleg å «møblera»
med det vesle me hadde av innbu. Det var slikt som Søren hadde laga
på snikkarskulen.
Alt måtte berast til gards, så eg bar dei
tinga eg greidde, dei tyngste måtte Søren ta. Han var og i
skogen heile vinteren for å hogge ved. Me skulle starte opp med geitesti
til sommaren. Far min hadde ein flokk geiter og skulle vere i lag med oss
om dette. Noko geiter leigde me og.
Den 10. april i 1940 skulle me flytte opp. Men det såg
«spøkje ut» for flyttinga: Søren vart innkalla
til militæret, det var krig !
Men då han møtte på Solheim, viste
det seg at han «stod ikkje på lista.» Han var mellom
dei som tidlegare vart «fritrekt», som dei sa. Og så
vart det flytting med oss. Det låg endå snø der me gjekk
med kvar vår «børa» oppover motbakkane. Eg bar
småjenta som då var 3 år, i ein ryggsekk. Men så
hadde eg «eit lite» til i magen ! Ho vart fødd nokre
månader seinare. Eit lite minne frå den «turen»
sit fast: Eg sokk gjennom skaren, og fekk ikkje skoen laus att, så
eg måtte hive av ryggsekken med småjenta i og ta av meg skoen
før eg fekk foten laus. Søren kom nedover att og hjelpte
meg med børa.
Ja, det vart nok mange bører i dei 27 åra
me budde på Stallane. Der var ei taubane som vart bygt for å
få opp varer med. Men ho var vanskeleg å styre med. Ein gong
om sommaren kom det nokre byfolk som skulle vere hjå oss eit par
veker, og sakene deira vart tekne på taubana. Ho fekk eit «lune»
så alt vart hengjande oppi lufta. Søren måtte bruke
mest heile dagen for å få tak i det att. Han vart så
forarga, at taubana vart ikkje brukt meir. Utanom det me sjølve
bar på eigen rygg, klyvja me på hesten - då me fekk oss
hest.
Dyr hadde me ikkje med oss då me flytte opp, dei
fekk me i mai, omtrent ein månad etterpå. Eg fekk ei kyr og
ei kvige heimanfrå, dessutan hadde eg 4 geiter som var mine, og 3-4
sauer. Søren hadde og med nokre dyr heimanfrå, så etterkvart
ol me oss til ein buskap. På det meste hadde me fem kyr, eit par
kviger og ein okse, me fødde over 20 geiter om vinteren og 8-9 sauer.
Dette var etter at naboen flytta så me slo begge bruka. Men så
lenge me hadde det eine bruket, det som me kjøpte, slo me og i marka
om sommaren. Markeslåttane var borti Sollifjellet tvers over «gilet»
vest for Stallane.
Den første sommaren hadde me ei som kokte geitosten,
sidan kokte eg sjølv. Dette dreiv me med like til i 60-åra.
Men attåt matstellet og ostekoking var eg ute og arbeidde med høyet,
enten det var ver å turke på marka eller me måtte hesje.
Då måtte eg og hjelpe til å ta streng på hesjane.
Me hadde hesjar på omtrent 30 staur, og det hende at eg hesja i tre
slike på ein dag. Eg har alltid vore snar å arbeide, og det
kom vel med. Ein sommar eitt halvt år hadde eg tenestejente, ho skulle
sjå etter ungane og gjere litt innearbeid, ellers greidde eg meg
utan. Litt hjelp måtte no til når eg låg i barnseng.
Eg fekk vel ei vike fri då.
Hausten 1940 kom jenta nr. 2 til verda. Då budde
det folk på nabobruket, så størstejenta sprang bort
og fekk nabokona til å komme til meg medan Søren gjekk for
å hente «hjelpekona». Jordmor hadde eg ikkje den gongen.
Men då det siste barnet kom til verda nokre år etterpå,
kom jordmora opp. Naboane frå Eikemo, Lonshaugen og Fossdalen kom
med «sengjemat», det var vanleg den gongen. Og det såg
ikkje ut til at dei kvidde seg med vegen på Stallane.
Om vinteren var det no litt rolegare, men arbeid hadde
eg nok av då og. Det måtte kardast og spinnast, spøtast
og vevast. Ja, spøta gjorde eg mykje om sommaren når eg gjekk
og mjølka kyrne. Eg spøta med eg gjekk til kyrne og elles
når eg venta til nabokona var ferdig med sine kyr. På heimvegen
fekk spøtet kvile, for då hadde eg mjølkebøra
på ryggen.
Men eg hadde også vev oppe om vinteren, eg vov både
vadmål, einskjefta og kvitlevev. Det som skulle vere til klede, vart
sendt til fargeriet på Sandnes for farging og «bereiing».
Så var det å ta fram symaskina, eg sydde både til ungane
og meg sjølv, ja, bukser og skjorter til mannen og.
Den einaste skulen eg hadde gått på utanom
barneskulen, var syskulen. Men det var verkeleg ein god og nyttig skule.
Når eg tenkjer attende, tykkjer eg at me var flinke med alt, me var
så sjølvhjelpne med det meste som me trong. Men så hadde
me og mykje av lærdomen med oss heimanfrå, iallefall hadde
me lært å arbeida.
Søren var i skogen om vinteren, for det gjekk mykje
ved til ostekoking om sommaren. Likevel hadde me alltid turr ved i skykkja
om vinteren og, så det var ikkje vanskeleg å få fyr i
ovnen.
Når borna skulle i skulen, måtte me fylgje
dei ned til Bårdevatnet og skysse dei over vatnet, så måtte
dei hentast på ettermiddagen. Så lenge der var naboar som hadde
skuleborn, byttest me om dette arbeidet. Me var alltid så redde for
dette vatnet, særleg når isen låg lenge. Vatnet har fått
namnet sitt etter ein som drukna der, seiest det. Heldigvis gjekk det bra
i alle dei åra me hadde skuleborn.
Då borna vart vaksne og reiste ut i verda, og Søren
tok til å skranta - helsa var ikkje lenger som ho hadde vore - då
måtte me sjå det i augene at me måtte flytte frå
Stallane. Vinteren 1967 var eg der oppe åleine medan Søren
bygde på huset me skulle flytte inn i på Solheim. Han kom oppatt
med helgane, men elles gjekk eg der og stulla med ei kyr og nokre sauer,
og sjølvsagt hadde eg handarbeid. Eg hadde no og hatt mine plager
i den tida me dreiv garden, eit gammalt «slit» i ryggen, betennelse
i eit kne så eg måtte opererast, og andre ting. Men eg reiv
det av meg så sant eg kunne gå i arbeid, det var den beste
medisinen !!
Ja, eg låg ikkje ein heil dag, utanom når
eg låg i barneseng, i alle dei åra me var på Stallane.
Om eg ikkje var så god, gjekk eg likevel i floren, og la meg nedpå
att etterpå. Jamen har eg arbeidd! Takkar til at eg har rukke både
her og der !!
Men eg gjekk lettare på Stallane enn til Solheim
likevel. Det var så triveleg deroppe. Og sol hadde me heile året.
Ho seier det eine dotra mi og: Stallane, det er heime det !
Slik fortel Thea si soge, om livet på ein fjellgard,
utan veg eller andre «bekvemmeligheter». Og i dei 25 åra
som har gått sidan ho flytta derifrå, har ho vore lengre enn
kortare tid der oppe kvar sommar. For garden eig ho endå. Søren
døydde for mange år sidan no.
Dersom ein er heldig, kan ein i juni månad verte
møtt av Thea utanfor huset der ho helsar : «Velkomen på
Stallane!» Endå om ho no er begynt på sitt 87. år.
Men så har ho og eit herleg humør, den same Thea.
Og eit fint «valgspråk» for livet tok
ho med seg heimanfrå, frå si eiga mor :
«Tålmodig må du være
og alltid godt i lag
for livet krever tålmod
og ofte tunge tak.»
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag |