Den gamle messehakelen
Forfatter: Jonas Riisnes
Få i Masfjorden har visst om at me på Sandnes
har ein meir enn tre hundre år gamal messehakel. Den vart ved eit
tilfelle funnen av Agnar Areklett i ein skrothaug ved det gamle våpenhuset
då dei restaurerte Sandneskyrkja i 1960-åra. Korleis den først
kom til Masfjorden, veit me ikkje.
Me veit heller ikkje kvar den har vore oppbevart i alle
år til den hamna på skrothaugen der Areklett fann han.
Areklett som skyna at det var eit heilt uvanleg funn
han hadde gjort, gjekk neste dag til Bergen museum med hakelen, og ein
konservator der sa med ein gong: -Dette er eit fransk stoff frå 1600-talet.
Han gav kvittering for hakelen til Areklett, som nokre dagar seinare fekk
telefon frå kunstindustrimuseet i Oslo. Der hadde dei ved hjelp av
mikroskopering av stoffet datert det til 1660.
Hakelen er av ullstoff med eit mønster som er tydeleg
den dag i dag, og fargen har vore purpurraud. Messehakelen heng i dag i
prestegarden i Masfjorden, og vert teken vel vare på av sokneprest
Knut Sørheim.
12. juni 1988 var den utlånt til festgudsteneste
på Akershus slott i Oslo i høve 400-års jubileet for
Kong Kristian den 4.
Både Dronning Margrethe og Kong Olav var til stades,
og teologiprofessor Helge Fæhn som forretta gudstenesta, bar messehakelen
frå Masfjorden.
Hakelen vart også båren av biskop Per Juvkam
under innvielsen av Sandneskyrkja etter fullført restaurering i
1960-åra.
-----------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag |