Sandnes Skule - eit attendeblikk
Forfatter: Odd Birkestrand
Sandnes Skule vart bygd i 1964, og var sentralungdomsskule,
først for heile kommunen, sidan for Nordbygda og Sørsida
fram til 1980. I desse åra var elevtalet på skulen jamt over
150-200, og ein kan jamen lura på korleis ein fekk plass til alle
desse elevane !
Etter desentraliseringa i Masfjordskulen har elevtalet
ved Sandnes skule halde seg rundt 60. Skulebygget ber i dag preg av å
vera 28 år gamalt, og ei utbygging er sårt tiltrengd.
Ein kan jo spørja seg kvifor det er plassmangel
i dag, med 64 elevar frå første til niande klasse, når
ein veit kor mange elevar ein klarte å stua inn for nokre år
tilbake. I så måte kan dette vera eit godt bilete på
utviklinga i løpet av dei siste 20 åra, både når
det gjeld arbeidsmåtar, fagleg-pedagogisk innhald og tenkjemåtar
kring eleven i norsk skule. Men om dei fysiske tilhøva på
Sandnes skule er forelda og nedslitne, er det likevel eit rikt og livskraftig
miljø ein finn her, både i klasserommet og aktivitetar knytte
til skulen.
I løpet av det siste tiåret har einskildelevar
og elevgrupper markert seg i ulike samanhengar, både lokalt , regionalt
og nasjonalt. Eit tilbakeblikk vil syna ei rad med gode prestasjonar, og
det på fleire ulike område.
Sandnes skule vart vel først kjend for sjakkmiljøet
på skulen. I 1991 vann skulen NM for barneskulelag, ein svært
oppsiktsvekkjande siger, mykje p.g.a. den låge alderen til deldakarane.
Eit par jenter hevda seg snart i toppsjiktet i jentesjakk, med landslagsdeltaking,
EM i Jugoslavia og OL i Luzerne. Etter nokre år i dvale har sjakkinteressa
no blomstra opp att, og i dag har Sjakklubben 27 medlemar som er elevar
ved skulen. I 1991 vart sjakk-NM for jenter arrangert på Sandnes,
og ei av Sandnesjentene tok ein fin 5. plass. Barneskulelaget kvalifiserte
seg til NM i år, og fekk ein 17. plass i Moss.
I dei siste åra er det vel Sandnes skulemusikk som
har gjort mest for å plassera Masfjorden på kartet. Med NM-
sigrar i 2. div. i 1989 og 1990 starta korpset ein lysande karriere som
enno ikkje er avslutta. I fjor tok korpset steget over i 1. div.. og kom
på 2. plass. Etter førsteprisen i Haukås - festivalen
i fjor er spaninga på topp framfor denne konkurransen i november,
og ikkje minst framfor NM for skulekorps til sommaren.
I 1988 vart ei kammergrupper frå Sandnes skulemusikk
noregsmeister i ensemblespel. Reprise på denne bragden fekk me i
vinter, då ei kammergruppe tok NM - gull i yngste klasse i «Store
Studio», og vann sin klasse i Haukåsfestivalen. I tillegg har
ein hatt finalistar i NM, solospel, i fleire år.
1992 har hittil vore eit toppår for korpset. Etter
å ha sagt neitakk til EM- deltaking i Skottland, drog korpset til
Sevilla for å representera Noreg på EXPO-92. Før musikantane
sette seg på flyet til Spania, fekk dei med seg «Statoil-prisen»,
for så å koma heim til mykje mediaomtale, Vestlandsrevy og
Frukost-TV. Spaniaprogrammet har korpset no spelt inn på kassett
- og med dette er julegåvetipset for i år lansert !
Men elevane vad Sandnes skule driv ikkje berre med musikk
og sjakk. I løpet av dei siste åra har det dukka opp mange
litterære talent : Skriveglade elevar har vore premierte og fått
rosande omtale i regionale skrivekonkurransar, og ein elev er representert
i novelleantologien «Hallo i spegelen». Siste skot på
stamma er sjette og sjuande klasse, som i vår vann den landsomfattande
lese- og skrivekonkurransen «Les-91», og som i desse dagar
reiser til Oslo og BOK- 92.
Så kan ein lura på om den sportslege dimensjonen
manglar fullstendig på Sandnes skule. Nei, ikkje heilt ! I fjor vann
dei tre elevane i 6. klasse tur til Cup-finalen i Oslo etter 100% deltaking
i Knarvik - mila.
Kva kan så årsaka til så mange fine
prestasjonar vera ? Me har allsidige, arbeidssame og flinke elevar, positive
og engasjerte foreldre og eit stabilt og dyktig lærarpersonale. I
tillegg har kommunen lagt tilhøva godt til rette for kulturelle
aktivitetar av ulike slag. Det lokale næringslivet og ulike organisasjonar
skal også ha ros for positive haldningar når det gjeld å
støtta opp om tiltak som treng ekstra finansiering. Barne og ungdomskulturen
er avhengig av gode støttespelarar, og det har me mange av, syner
det seg.
Journalist Sveinung Onæs konkluderte i ein artikkel
i BA slik : « Jovisst, Sandnes er Norges ledende kulturlandsby».
Slikt er hyggjeleg å lesa, ikkje minst når ein les det i ei
byavis.
Ein legg for ofte vekt på dei negative sidene ved
å veksa opp i ein utkantkommune, med få eller snevre fritidstilbod
for ungane. På Sandnes kan ein rett nok ikkje dansa ballett, symja,
spela ishockey eller gå på diskotek. Likevel skulle det vel
ikkje vera tvil om at ungane på Sandnes har gode oppvekstvilkår,
og at dei får sjansen til å oppleva mykje, dersom dei sjølve
er innstilte på det.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Henta frå Fjon frå fjell til fjord nr. 2
1992 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag |