Den siste viking i Kalvedalen
Forfatter: Eivind Kvinge
Sæterdrifta er av gamal dato i landet vårt.
Ved siste århundreskifte var det kring 144000 sætrar (stølar)
i Noreg. Truleg var dette talet endå høgare noko tidligare.
Men frå denne tida tok det smått til å minka med sæterdrifta
dei fleste stader, og dette skuldast dei nye og meir rasjonelle driftsformene
i jordbruket som etter kvart kom.
Det var særleg dal - og fjellbygdene på Austlandet,
og fjord - og fjellbygdene på Vestlandet som nytta sæterdrift.
Masfjorden herad med sin fjellheim og tilstøytande
fjellområde austanfor var typisk sæterregionar, og for dei
som hadde eigen fjellhage, og stutt veg til sæters, må ein
rekna med at sæterdrifta tok til alt i 1740 -åra. På
garden Nordkvingo byrja dei med sæterdrift truleg kring denne tida.
Gamle materialer som er nytta oppatt i stølshusa, ombygde før
siste hundreårsskifte, tyder på dette. Her finn ein naglehol
og slitasje av tidens tann i eldgamalt tømmerlaft.
Ymse bruk på gardane Hodneland og Sæverås
i Lindås hadde sætrar i eigen fjellhage austanom Kvingefjella.
Desse folka hadde lang veg til sæters. Dertil var vegen sers bratt
og kronglut på sine stader. Fyrst vart buskapen transpotert i båt
over Austfjorden fram til ei vik i Nordkvingevågen som kallast Holo.
Herfrå byrja den 10-11 km. lange turen til Kalvedalen. Turen tok
pålag 6 timar. På varme dagar kunne denne turen opplevast som
eit einaste svettelaug. Etter pålag 1 km. kom buferdsfylgje like
framom Nordkvingegarden. Frå Heibotten, noko lenger framme, byrja
oppstigninga for godt. No bar det over Husefjellet, framom Blådalsvatnet,
Gummeleitet, Nordkvingesætra og til Blområsa. Herfrå
skulle fylgje få ein elddåp - i ordets rette forstand - Storevasseggene,
der lendet stig frå 375 til 630 m.o.h. inne ved Råsna. Her
er vegen berre reinvaska berg. Med solsteik i ryggen var dette som å
vandra i ein bakaromn.
Frå passhøgda Råsna, vidare innover
langs vestsida av Storevatnet, og fram til Kalvedalen, er landskap og lende
slik at eg treng ikkje ramse opp noko detaljnamn. Her er det nemleg at
-Vindsusen syng kvar linnversnatt, så eg har gjeve det samnamnet
Fjell-Noreg.
Ein av dei som bygde sæter i Kalvedalen var Berge
Martinusson Hodneland, i dagleg tale på Kvingo kalla - Hødlandspresten.
Her er hans vita :
Berge M. Hodneland var fødd 15. sept. 1881 på
b.nr. 2 på Hodneland. Han var den siste i ein syskinflokk på
sju. Han gjekk misjonsskule og språkskule 1903 og 1908, og vart så
ordinert til misjonsprest i 1908. I åra 1910 til 1932 var han misjonær
på Madagaskar. Han var gift i 1912 med Aagot Malene Bredal f. 1890
d. 1915. Vart attg. 1925 med Betty Wilh.dtr. Wexels Madsen f. 1893, d.
1945. Med fyrste kona hadde han 2 døtre, Orlaug f. 1913 og Aagot
f. 1914, d. 1947. Med siste kona hadde han fire søner og ei dotter.
Dei tre fyrste borna : Orlaug, Aagot og Wilhelm Andreas var fødde
på Madagaskar, dei fire siste kom til verda på Hodneland.
Hødlandspresten var fødd og oppvaksen på
br.nr. 2 på Hodneland, av foreldre Martinus Monsson Mjanger og Olina
Nilsdtr. Hodneland.
Dette med hugen til jorda, til husdyr og sæterdrift,
fekk han liksom inn med morsmjølki. Like frå han var 2-3 år
gamal, var han med mor si om sumrane i Kalvedalen. Dette må ein kunne
seia var ein barnehage der Vår Herre sjølv var styrar.
I 1910 fekk Berge tildelt eit stykke jord frå br.nr.
2 heimebruket. Dette stykket fekk br.nr. 8, og vart kalla Sekkjena. Her
dreiv han med mest alle slags husdyr. Der var kyr, sauer, geiter, gris,
høns, ender, gjæs og kalkun m.m. Ogso nede på Madagaskar
dreiv misjonspresten med ymse slags husdyr.
Nå hadde bruka på Hodneland lite heimebeite
for buskapen. Eg kan hugsa ein sumar at Hodneland flytta til sæters
15. juni, og buferda heimatt det året vart ikkje før 11. sept.
Dette vart ei sætertid på 88 dagar, altso mykje lenger tid
enn det som var vanleg på Kvingegardane.
Hødlandspresten bygde eiga sæter i Kalvedalen
i 1928. Det var folk frå Kvingo og Kvingedalen som tok på seg
transport og bygging. Her oppe vart det så drive med kyr frå
1928 til 1970, altso lenge etter at det var slutt med sæterdrifta
i andre kringliggande fjellområde. Dei siste åra var det Helene,
yngste dotter til presten som hadde ansvar for sæterdrifta. Ho driv
framleis med sauer i Kalvedalen.
Når me i tidligare år var på Nordkvingesætra
om sumrane, kunne me oppleva å sjå Hødlandspresten borte
på Myrberghaugen, undervegs til Kalvedalen, og då med ei tung
bør på ryggen. Me liksom fylgde han med augo, etter at han
hadde teke fatt på Storevasseggene, i steikande ettermiddagssol.
Kvar tok han kreftene og drivkrafta frå tru, denne gamle mannen ?
Då kunne ein jubla i hjarta noko slik : -Å, du Fjell-Noregs
trauste son!
Dei siste 2-3 sumrane Hødlandspresten var i Kalvedalen,
tok han fly opp, og så gjekk han til fots nedatt til Kvingo. Siste
gongen han var oppe, det var ettersumaren 1967, då hadde han med
seg eine sonen. Dei hadde teke fly opp, og så tok dei gamlevegen
til fots nedatt til Sørkvingo.
Ved Gjeljebakken i Sørkvingevatnet hadde dei liggande
robåt, men så rauk det opp med storm på vatnet så
dei måtte taka land i ei vik kalla Edna. Herfrå tok dei seg
fram gjennom utmarka til Sørkvingo, der dei fekk hus hjå Ola
Brendsdal og kona. Dei var då i ein forkommen tilstand.
Det var aldri vanskar med å få husrom for
Hødlandspresten på Kvingo. Her hadde han vener over alt. På
Nordkvingo hadde han eit syskinborn, som i dagleg tale vart kalla ho Severin
Marta. Her rasta han ofte, undervegs opp eller heim frå Kalvedalen.
Eingong sa ho Marta dette til han : -Du vert no vel liggjande
oppi Kalvedalen te slutt du Berje, slek so du fær. -Ja, korfør
ikkje, oppi Kalvedalen skudle det vel væra ein roleg plass å
få si siste kvila, svara Hødlandspresten. Ein kunne tenkja
seg at ein mann av hans ambisjonar ville føretrekkja å verta
lagd i vigd jord, men her var det nok andre kjensler som spela inn. Oppe
i Kalvedalen der han som barn hadde vore saman med mor si fleire sumrar,
og der han so mange gonger hadde kjent varmen frå mor sine hender,
der, og nettopp der, var det i sanning den av sjølve Skaparhanda
vigde jord.
Etter at Hødlandspresten vende heimatt frå
misjonsmarka, styrde han tur om anna, ymse soknekall i Nordhordland. Såleis
var han ofte å møta på vegen, til eller frå slike
kyrkjelege tenester. Her i grenda var han mykje nytta til å forretta
i brudlaup og gravferder.
Granneheimen, forsamlingshuset på Sørkvingo,
var det fyrste bedehuset som vart bygd i Masfjorden. Det var misjonsprest
Hodneland som pinsedag 1927 vigsla huset til dette bruk.
Hødlandspresten døydde laurdag 8. februar
1969, og vart gravlagd laurdag 15. februar. På førehand hadde
han sagt frå kven som skulle vera i gravferda.
No kviler han i heimbygda si jord ved Myking kyrkje i
Lindås : Misjonæren på Madagaskar - bondesonen frå
Hodneland - DEN SISTE VIKING I KALVEDALEN.
-----------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag |