Føreord
Forfatter: Ragnhild Jung og Jonas Riisnes
FJON FRÅ FJELL TIL FJORD 1993 er tredje heftet
Mållaget og Sogelaget i Masfjorden gje ut. I dette heftet tek me
for oss utviklinga av skulen i Masfjorden, og dei fleste som fortel er
denne gongen frå Nordbygda. Alt i 1849 og lenge før Masfjorden
vart eigen kommune, prøvde ein i Nordbygda å komme bort frå
omgangsskulen til fast skule på Risnes. Tidlegare skulesjef Olav
Midtbø kallar det ein her prøvde seg på for litt av
ein revolusjon.
I Masfjorden er soga om skulen også soga om vegen.
Å be ungane kome til eit skulehus på Risnes når det ikkje
var veg dit, gjekk dårleg. Difor måtte første skulehuset
bygt på Risnes i 1865, flyttast til Torsvik i 1887, og seinare til
Frøyset i 1928.
Men det hindra ikkje at dei i 1885 faktisk gjekk attende
til omgangsskule for Risnes, Frøyset og Torsvik.
Og striden var hard. Stortingsmann og ordførar
H. B. Wergeland som satsa på 4-delt, fast skule på Frøyset
vart av den grunn ei tid sett utanfor alt styr og stell i kommunen.
Korleis det var å gå i skulen i Nordbygda,
både før og etter det kom skulehus, kan du lese om i dette
heftet.
Matre si forvitnelege soge om turisme, planlagt storindustri,
kraftutbygging, sand og okkupasjon har fått eit eige kapittel.
Eivind Kvinge har skrive om gravlag og dei mange gravplassane
me har i Masfjorden, og det er teke med eit sitat frå ein liksetel
som vart lesen opp ved ei gravferd der presten ikkje kunne vere til stades.
Nokre forteljingar og nokre dikt er også tatt med.
Me takkar alle som har skrive, fortalt eller på
annan måte har hjelpt oss med tekst og bilete til dette heftet. Ein
spesiell takk til Rune Garmann som har stått for formgjeving og utskriving
og til Aud-Helen Virkesdal Daae som har skrive det heile på diskett.
November 1993
Ragnhild Jung
Jonas Riisnes
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag. |