Gravplassar og gravferder i Masfjorden
Forfatter: Eivind Kvinge
Ein må gå ut frå at den fyrste gravplassen
som vart tilrettelagd her i Masfjorden, var ved Sandnes kyrkje, som då
var annekskyrkje under Lindås. I fylgje Masfjordboki måtte
dette vera ein gong på 1300-talet. Dei fyrste gravplassane vart kalla
kyrkjegardar, truleg for det dei vart lagde attmed kyrkjene.
Dette var også ei tenleg ordning, etter som dei
som søkte kyrkja til gudstenester, på same tid kunne vitja
grava til sine døde.
Frå dei ymse bygder i kommunen kunne det verta store
avstandar fram til denne einaste gravplassen på Sandnes. Meinis inne
i fjorden, og uver av ymse slag kunne skapa store vanskar for gravfylgjet,
etter som det i den tida var robåtar, trekeipingar og firkeipingar
som vart nytta. Det vart såleis trong for å planlegga fleire
gravplassar.
I Amundsbotten like sør for Sandnes vart det 3.6.1849
vigsla ein såkalla kolerakyrkjegard, men denne vart aldri nytta til
dette føremålet. Den vart nytta som kjelpekyrkjegard medan
det vart føreteke ei omvøle på Sandnes kyrkjegard.
Solheim kyrkjegard vart vigsla av prost Hveding i 1862.
Den 17.4.1908 vart Frøyset kyrkjegard vigsla. Gravplassen på
bruket Vangen i Indre Haugsdal vart godkjent av soknestyret 29.10.1918.
Skjerjebakken gravplass ved Mjangersvågen vart vigsla
av sokneprest Sigurd Berg 20.10.1920. Så til slutt kom det søknad
frå Hosteland 16.5.1929 om gravplass der.
Dette med gravlag veit dei yngre generasjonane av i dag
lite om kva det var for noko. Truleg var denne institusjonen fleire hundre
år gamal. Gravlaga var skipa for å sikra at der alltid var
folk nok til å føra den avlidne fram til gravplassen og til
å få vedkomande gravlagd. Det var naboane til den avlidne som
då måtte syta for at dette vart gjort. Kommunikasjonen her
i Masfjorden var for det meste sjøvegen, og då i robåtar
av ymse storleik. Til desse trongst det mange handfaste karar som høyrde
til gravlaget. På gravplassen vart kista med den avlidne førebels
sett til side, på ymse gravplassar på ei stor steinhelle, som
var lagd til rette til slikt bruk. Ei slik svær steinhelle ligg framleis
på den gamle (men no så forsømde og gløymde)
hjelpekyrkjegarden i Amundsbotten like ved Sandnes skule.
Her var ikkje fast tilsette gravarar i denne tida, så
då var det gravlaga som måtte gjera denne jobben. Slike gravlag
var truleg å finna i kvar einaste grend i Masfjorden. På Kvingo,
her eg høyrer heime, var det eit gravlag på Sørkvingo,
og eit på Nordkvingo. Dette siste femnde om sjølve Nordkvingegarden
(hovudbruka), Kvingebakken og Kvingedalen, då alle desse sokna til
same sjøstrand med naust, og seinare dampbåtkai med post.
Sume huslydar på Sørkvingo gravla sine døde
ved Myking kyrkja i Lindås, så seint som i min barndom. Dette
var vel ein skikk eller ein leivning etter tidlegare tider då dei
same sokna til denne kyrkja.
Desse gravlaga i si gamle form ebba ut etter kvart, men
framleis låg der eit økonomisk ansvar på desse laga
i mange år framover. Det var såleis laga som skulle kosta den
døde i grava. Dette med transport av kista og gravferdsfylgje fram
til gravplassen, og likeså å betala gravaren, var vedkommande
gravlag sitt ansvar. No er alt dette slutt, etter at dei pårørande
og det offentlege tok over kostnaden med gravlegging.
Det fyrste som måtte gjerast når ein i nabolaget
var død, var at ein av dei pårørande gjekk frå
hus til hus og -bad i begravelse. Dette måtte gjerast med andakt
og ærbødigheit, og vedkommande måtte gjeva seg god tid.
Som oftast var det ein av kårfolka (gamlefolka) som var død,
og folk ville gjerne veta kva, og kor lenge dei hadde kontakt med vedkommande
før han eller ho slokna.
Her i gravlaget på Nordkvingo vart dei bedne to
frå kvart hus. Dertil vart dei bedne slektningane til den avlidne
frå fjern og nær. Såleis kunne dette til sine tider verta
store gravferdsfylgje. Tilreisande slektningar kom ofte ein eller to dagar
i førevegen, og desse måtte då innhysast, og då
ofte hjå naboar, som måtte vera budde med ei hjelpande hand.
Til ei gravferd, med så mykje matståk, trongst
det alltid ei kunnig kokke. I min barndom var det ho Maria på Næset
frå Sandnes som var kokka i dei fleste gravferder på Elvikstranda.
Det vart heller mykje eting slike dagar. Når folket var møtte
fram, så pålag kl. 10.00 på føremiddag, vart det
servert kaffi med brødmat attåt. Så var det middagsmat
når folket var komne heimatt frå kyrkja eller gravplassen,
etter det nonsmat - eit kaffimåltid med finare brødmat attåt,
og så seint på kvelden vart det servert graut - ein slags mellomting
mellom mjølkegraut og rjomegraut.
Ofte gjekk klokka fram til 12 før gardsfolket kom
heimatt frå slike lag. Etter fyrste matykta føre middag vart
kista med den døde boren fram i tunet, der det vart halde ei andakt
og så minnetalar av ymse slektningar og naboar. Kista var pynta med
granbar og kransar. Ein krans måtte der alltid vera frå det
tilhøyrande gravlag. Ofte var det læraren i vedkommande grend
som held andakta. Så vart kista boren, eller køyrd fram til
bryggja der fartøy låg og venta for vidare reise fram til
kyrkjegarden.
Ut frå tunet gjekk der to mann føre kista
og song ei gravsalme. Der vart også sunge ei salme av heile gravfylgjet
då båten gjekk frå bryggja. Folk som ein møtte
på vegen stansa, tok huva av, snudde seg mot fylgjet og folda hendene.
Når båten gjekk ut vågen, sto der folk på haugane
og vinka med kvite lommedukar. Det vart alltid synt stor vyrnad for den
som var byrja på si siste reis.
Her på Kvingo var det den skikken at medan gravfylgjet
var på Skjerjebakken, vart alle borna på garden bedne inn til
eit matmåltid. Her vanka det då ymse mat som ikkje var noko
kvardagskost. Me fekk vittenbergskjever med brunost på, julebrødskjever
med sukker på, og dertil lefser av ymse slag.
Dei som skulle stella til gravferd måtte gå
kringom på gardane og låna kjørl og kokekar. Her var
ingen institusjonar på den tid som leigde ut slike ting. Det kunne
ofte verta eit problem å få desse lånte kjørla
på rett plass, når dei skulle berast attende. Eit kvende med
klårt hovud måtte alltid halde greie på -kva var kva,
og kvar var kven sitt.
Når gravfylgjet kom attende frå kyrkja eller
gravplassen, vart det servert middag. Dette var i dei fleste tilfelle sosekjøt,
altso oppskore bruna og kokt kjøt som flaut i mykje sos. Etter maten
var ein eller annan fruktdessert. Pålag med nonstider eller litt
seinare var det eit kaffimåltid. No var det god tid fram til kveldsgrauten.
Denne stunda vart nytta til andakt og samrøda. Sume råka her
på gamle kjenningar, så då vart det alltid mykje å
tala om.
Alle som kom frå gravlaget i grenda, hadde med seg
nysilt mjølk og rjome. Dette skulle vera som eit slags -tilslagsmateriale
til kveldsgrauten. Spanna som denne mjølka og rjomen var boren i,
vart fyllte med ymse kostelege matvarer, noko som foreldra skulle hava
med seg heimatt til borna. Denne matporsjonen vart kalla -Nøring.
Me borna fekk ikkje blund på augo før mor og far var komne
heimatt med denne nøringa. Tanken bak det heile var at ingen skulle
svelta slike dagar.
Denne skikken var også å finna andre stader
på Vestlandet. Så seint som i 1955 høvde det seg slik
at eg vart med i ei gravferd i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Då
fekk eg slik nøring med meg heimatt til borna.
Fyrste gravferda eg hugsa til, var her hjå næraste
grannen vår på Nordkvingo. Ei dotter i huset var død,
tretten år gamal. Ho døydde 13. okt. og vart gravlagd 20.
okt. 1920. Det vart ein dag med strålande ver. Ho var den fyrste
som vart gravlagd på Skjerjebakken ved Mjangersvågen. Eg hugsa
ho låg i ei svart kiste, og dette vart både fyrste og siste
gongen eg såg ei svart kiste. Kistene i den tida vart alltid laga
på dugnad av snikkarkunnige naboar i gravlaget.
Ein må rekna med at dei same gravferdsskikkane var
å finna over heile Masfjorden herad.
-----------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag. |