Husmenn, plassmenn og inderstar
Forfatter: Ragnhild Jung
Orda i overskrifta er nok borte frå "vokabularet"
vårt i dag. Men slær me opp i Gards- og slektssoga, Bind 1
av Masfjordboka, finn me dei under dei fleste gardsbruk. På fleire
gardar som er nedlagde og fråflytta for lenge sidan, finn ein at
der var "Plass under garden".
Skriftleg vart denne bruksforma kalla "bygsel", eit ord
me kjenner og i dag.
Ein "Plassmann" eller "Husmann" var ein som på visse
vilkår fekk nytta jord som ein annan, oftast ein gardbrukar i nærleiken,
åtte. Eigaren skulle gjerne ha godtgjersle i form av visse arbeidsdagar
i året, helst i onnene, når det var bruk for mange hender i
arbeidet. Plassmannen dreiv så sitt vesle "plass", med ei eller to
kyr, nokre sauer, poteter og slikt til eige livsopphald for seg og sin
huslyd. Huset åtte han kanskje sjølv.
Det er utruleg kvar folk kunne "klore seg fast", berre
det fanst nokre grøne flekker mellom berga og steinurane. Som døme
på korleis ein gard vart verdsett for ca. 250 år sidan, kan
eg sitere frå Masfjordboka: Gardsnr. 58 Stegalvik, Matrikkeltakst
1723.
"Peder Hofmand med Bøxel tilhørende. Intet
Husmandssede. Intet sætter. Brendevedskog. Intet fiske. Ingen flomquern.
7 mil fra Bergen. Ligger så afsoles at intet kan afles. Neppe stå
til beboelse. Saar slet intet. Føder 4 kior, 2 ungnød".
Garden Stegalvik vart likevel lenge driven. Siste eigar
var Lars Stegalvik. Både han og yngste sonen hans kom bort då
D/S Masfjord gjekk ned i 1944. No er garden fråflytta og attgrodd.
Stegalvik er eit godt døme på at og på ein slik stad
slo folk seg til som plassfolk. Masfjordboka gjev oss desse opplysningane:
"1822, festeseddel fra Lars Johannessen Stegelvig til Ole Monsen Ræchnæs
på en Plads med ret til havn for 3 kjør og 8 smaler. En skauteng
fra Skaugedals merkeskjell til en liden elv udenfor Stegelviknesset. Svare
4 dagsarbeide aarlig samt vise sig ordentlig og retskaffen imod sin eier,
da skal dette Bevis være gjeldende baade på hans og hans Kones
levetid. Skulde han derimod vise sig uriktig eller oppsetsig mod sin eier,
da skal han have Bygselen forbrudt". Dette var i 1832.
Plasset vart kalla Hogen eller Lurkhogen, og låg
heilt nede ved sjøen. Kanskje var ikkje dette det magraste "plasset"
i Masfjorden. Med sjøen framfor og lier og fjell bakom, var det
vel råd å livberge seg, etter dei krav som folk i den tid sette.
Men sjølvsagt var plassmannen svært avhengig
av kva eigaren tykte om han. For dei ofte store barneflokkane var der heller
inga framtid. Dei styrande ville gjere livet tryggare for husmennene, og
i 1928 kom det ei lov som gav dei rett til å kjøpe "Plasset"
dei brukte. Dette nytta mange seg av, men det gjekk ikkje alltid utan "sverdslag".
Mange eigarar tok jorda innatt under hovudbruket. Særleg vart dette
gjort ved "utskiftning", då gardane fekk inn-og utmark samla i staden
for teigar her og der.
Ei lita soge om eit "Plass" og folket der, fortel Bergit
Daae i indre Haugsdalen.: "På vestsida av Haugsdalselva, rett ovanfor
der brua no er, var der eit "Plass som vart kalla "Med Garden". Eg minnest
godt det litle huset og korleis dei hadde det inne. I den vesle stova sto
det to senger, eit bort, eit par krakkar, eit skåp - og so ein ovn.
På veggane hadde dei nokre bilete: eitt av "Jesus og Maria", eitt
av "Nattverden", og så eitt av Luther. På bordet låg
det alltid ei salmebok og ein "husapostil". Ved sida av stova var der ei
bu, der hadde dei seperator, mjølk og ymse matvarer. Over stova
var "lemmen", der var det fleire senger, for det var alltid mange som budde
i huset. Utanom dei to gamle, som då var "plassfolket", hugsar eg
at både ei dotter med mann og born - og ei vaksen son budde der.
Mannen "Med garden" heitte Johannes, men vart kalla Joans
"med Garden". Me såg ofte at han gjekk etter vegen, og han prata
med folk han møtte. Men han gjekk aldri inn til nokon. Eg har tenkt
på, at dette måtte vere noko som hang att frå den tida
sjukdomen hans var "aktiv". For han Joans "med Garden" var spedalsk. Han
hadde ikkje fingrar og ikkje tær. Dei var tærde bort av sjukdomen.
Kanskje
hadde han vore til behandling på St. Jørgen Hospital i Bergen,
men i den tid eg minnest han, var såra attgrodde. Kona hans fortalde
at ho hadde "trekt bein" ut av fingrane hans. Dette var vel då sjukdomen
herja på det verste.
Sjølv om han Joans var nokså ufør,
som me ville seie, så var han alltid i arbeid. Særleg var han
svær til å fiske. Om vinteren hogg han hol i isen, og kunne
liggje timevis på isen og fiske. Når det var open sjø
rodde han og dorga. Han hadde eit lag med å bøye handleddet
over årane slik at han kunne ro. Og når han skulle ha agn på
angelen, beit han i den - og fekk agnet innpå. Han heldt huset med
fisk.
På plasset "Med Garden" hadde dei to kyr, og dei
hadde og sæter på Haugsdalsstølen. Dette sætret
var svært lite. Når ein sat på sengekanten, kunne ein
ta i veggen på hi sida. Far fortalde at ein gong han kom opp og skulle
hente mjølk, han var berre unggut då, var sætrejentene
så ivrige etter å fortelje nytt: "Veit du, i natt vart det
fødd ein liten gut borte i det vesle sætret der !
Me hadde ingen ting å leggje han i, så du
må lage vogge til han!" "Kva skal eg lage vogge av, då?" spurde
far. "Her er då ikkje så godt som ei fjøl eingong!"
Etter å ha tenkt seg om litt, spurde han: "Har ikkje de ei litt stor
mjølkostekiste?" Jau, det hadde dei - og kom med den. Han fann så
ein rund "askebotten", med ei øks kløyvde han den i to. Så
sette han ein del på kvar ende av ostekista. Dette var "meiar", så
spør om ikkje guten fekk vogge! Om dei hadde klede til barnet, visste
ikkje far.
Mor hans var dotter til Joans "Med Garden", og guten fekk
namnet Anton. Foreldra hans gifte seg året etter, og dei fekk seinare
to born til. Dei vart og buande "Med Garden". Mannen var sjukleg og døydde
tidleg, så kona og borna vart verande hjå foreldra hennar.
Ho tok ymse arbeid rundt på gardane; Flatbrødbaking haust
og vår, hjelp i onner - og når det elles var trong for henne.
Etterkvart som foreldra vart gamle, tok ho nok sin part av stellet både
ute og inne. Han Joans "Med Garden" døydde i 1921, og han var den
første som vart gravlagt på Haugsdal Kyrkjegard.
Anton, guten som vart fødd på sætra,
vaks opp til ein kjekk ungdom. Han var så uvanleg flink på
skeiser. Om vinteren var det ofte sterk is på fjorden, og både
unge og born hadde mykje moro på isen. Ein sundag kom Anton innom
til oss og spurde om onkelen min ville vere med til Matre. Det var fint
å fare på skeiser over isen. Onkelen min ville nok meir enn
gjerne vere med, men han hadde hogge seg i ein fot og kunne difor ikkje
tola "snøring" av skeisereimene. Han tykte det var "forargeleg"
at han ikkje skulle kome seg på isen, den einaste dagen i veka det
ikkje var arbeid.
Men Anton gjekk til naboen og spurde om fylgje, og der
vart Martin, ein 13-åring, med han. Seinare utpå sundagen kom
det fleire ungdomar oppe frå "Dalen" som og ville til Matre. Då
dei kom eit stykke innover, fekk dei sjå ein piggstav og ei raud
lua attmed ei råk. Dette stoppa dei så dei ikkje rende i råka.
Men nettopp det hadde Anton og Martin gjort.
Eg minnest godt då det vart sokna etter dei. Det
vart brukt lange stenger med krokar på, og begge dei omkomne vart
funne att.
Far var med og sokna, og han sa seinare at han vanskeleg
kunne gløyma ansiktet til far hans Martin då han fekk opp
liket av sonen sin. Han var så kvit i andletet som om der ikkje skulle
funnest blod i kroppen hans. Eg minnest då dei kom med han Anton
på ein kjelke, og eg var inne i stova "Med Garden"og såg han
der han låg lik. Han var endå til raud i kjakane, som om han
låg og sov. Dette hende i 1914, og han Anton var berre 19 år...
Me borna likte godt å ta ein tur innom til dei "Med
Garden". Dei prata alltid med oss, og ofte hadde dei eitt og anna merkeleg
å fortelje. Litt "overtruiske" var dei nok, både høyrde
og såg litt meir enn folk flest. Men det var vel slik at dei fleste
i den tid "tok varsel" av ymse ting: når hubroen skreik oppi lia,
når eitt eller anna lysande for over himmelen, når det ramla
utanfor veggen eller gjekk i dører utan at nokon kom -. Då
hadde folket "Med Garden" gjerne sin måte å tolke det på.
Det fanst og varsel og teikn som ein kunne finne fram til sjølv,
med bruk av heilt enkle midlar. Særleg var nyårsnatta eit viktig
tidspunkt å "ta varsel" på. Då kunne ein ugift gut gjerne
få "sjå" henne han skulle verta gift med. Og sonen deire "Med
Garden" fortalde korleis han bar seg åt: Han sette tre skåler
på bordet, ei med vatn i, ei med mjølk i og ei med øl
i. Fram mot midnatt sette han seg til å vente.
Han skulle då ikkje berre få sjå si
"tilkommande", men kva for ei skål ho tok ville fortelje korleis
dei ville få det i livet. Dersom ho tok vatn-skåla, vart dei
fattige. Dersom ho tok mjølkeskåla, ville dei få det
bra. Men tok ho øl-skåla, då ville dei bli rike.
"Eg såg at døra opna seg litt, og at det
kom ein skapning bortover golvet, men då vart eg så redd at
eg sprang i senga til han far og ho mor," fortalde han. Me var forvitne
og ville vite om denne "jenta" likna på den han seinare gifte seg
med. "Ho var ikkje ulik på kona mi, du" svarde han.
Dei "Med Garden" budde slik til at dei hadde elva nedanfor
og lia med fjellet bakanfor, så dei hadde kanskje eit litt anna tilhøve
til naturen enn me som hadde det romslegare omkring oss? At dei greidde
seg med det som den vesle jordlappen og sjøen gav, fortel vel at
det var "nøysomhet og Gudsfrykt" som rådde i heimen.
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag. |