Jordmorskyss anno 1905
Forfatter: Laura Mjanger
Dei tre Pensjonistlaga i Masfjorden har ein fellesfest
for året. Å arrangera denne festen, både praktisk og
med program, går på omgang mellom laga. I 1993 var det Masfjordnes
pensjonistlag som hadde oppgåva, og samværet var på Fjon
Grendahus. Fint ver, god mat og interessant program gjorde dagen til ein
festdag. Laura Mjanger, som leia festen, kom med denne soga som me får
lov å gje att:
"Når ein har levt så lenge at ein er vorten
pensjonist, har ein opplevt endringar på mange område. Mange
"tenester" som folk måtte gjere for kvarandre før, er bortkomne
i vår tid. Ei av desse er å hente jordmora til kvinner som
skal føde. Jordmorskyss, dei kalla. No for tida kjem alle born til
verda på sjukehus, og vert nokon i seinaste laget innom dei dørene,
så vert dei "geleida" av helsepersonell, kjørt av garde i
bil med blålys på taket. Me her i denne samlinga som er mødre,
har vel født våre barn heime, men i motorbåtens tidsalder.
Men ved vår ankomst til verda, måtte nokon ta årane fatt
for å hente kyndig hjelp.
Truleg gjekk desse skyssturane oftast bra, for me har
ikkje høyrt om så mykje dramatikk i samband med slike ferder.
Slitsamt var det nok ofte for dei som tok ut, ofte nattetider. Og langdrygt
kunne der verta for den- og dei som venta heime-. Det kan følgjande
episode frå 1905 gje eit døme på.
Tidleg sundagsmorgon den 31. januar 1905 vart det i ein
heim på Nord-Kvingo aktuelt med jordmorskyss. Ei ung kona, førstegongsfødande,
var vorten sjuk. To unggutar vart tidleg om morgonen vekte og fekk ordre
om å ro til Sandnes etter jordmor. Tur-retur Kvingo - Sandnes rekna
ein med ca. 5-6 timar.
Dei lydde ordre, men då dei vel var komne i båten,
kom det beskjed om at dei måtte ro til Søre-Kvingo og låne
ein større båt, for det bles sterkt. Dette lika dei så
passeleg, det vart eit kvarter ekstra roing. På Søre-Kvingo
skulle dei venda seg til handelsmann Ola Nygård og be om å
få låna båten. "Jau, båten kan de få låna,
men ka slags fakte er detta, å senda bansonga ut i dette veret",
fekk dei til svar. Dei var 15 og 17 år gamle, og slett ingen "bansonga",
så dei vart mildt sagt fornerma. Men dei sa ikkje noko. Nygård
var ein "mann av få ord", og dess tyngre vog dei.
"De får setja båten på sjø, så
får eg laga meg til og vera med deko", sa han og for innatt. Men,
begeret var ikkje fullt endå. Då han kom att var ein ny "bestemmelse"
teken: "Det bles for mykje no til å ta ut i open båt. Dampen
kjem snart, me får ta den til Sandnes og gå heimatt"! Dampen
var mykje forseinka på grunn av stormen. Men ikkje nok med det, han
hadde først ruta til Myking!
Vel komne til Myking tok skipparen "sin bestemmelse":
Dampen vert liggjande ved kaien til vinden løyer av. For dei som
var ute i jordmorskyss, vart ventetida lang. Men omsider gjekk Nygård
opp "på broen", og straks la dampen frå bryggja. Dei kom vel
fram til Sandnes, men der fekk dei vita at ho Lisa jordmor var i Kvamsdalen
i " embets medfør"! Ho var forlengst attventandes, så dei
vart bedne inn. Men karane hadde ikkje tid til å venta, dei lånte
båt og rodde til Hosteland og tok fatt på vegen til Kvamsdalen.
Ved nedste enden av Kvamsdalsvatnet kom ho Lisa til møtes med dei.
Så vart det retur Hosteland- Sandnes. Her vart det
eit lite "heft" før dei tok beina fatt: Ho Lisa måtte byta
klede, ho var gjennomvåt. Men ingen treng misstru henne for at ho
hefte seg unødig lenge. Det var nemleg dotter hennar som låg
sjuk på Kvingo og venta på henne. No foreslo ungdomane å
låna båt og ro heimatt, men Nygård var ikkje til å
rikka: "Me lyt gå heimatt! Han bles storm"!!
Frå Sandnes til Kvingo tek det ca, 3 timar å
gå. Dei la vegen om Hopsdalen, og for å korta litt inn, gjekk
dei over isen på Hopsvatnet. Her for den eine av gutane gjennom isen,
men dei andre fekk han oppatt. På Hope måtte dei be om å
få låna lykt, for det tok til å mørkna. Dei vart
bedne inn på mat. Dei to "bansongane" hadde til no ikkje teke til
motmæle, men no sa han som hadde fare gjennom isen: "Stoppar me her
no, så dauar eg"!!
Så vandra dei vidare, fekk skyss over Hopsvågen
og var då "landfast" med Kvingo. Etter 3/4 time var dei heime, og
jordmora kom tidsnok til sitt oppdrag"!
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag. |