Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

 
Masfjordskulen i 1993 
Forfatter: Sverre Søvde

Mest 250 år gamal er skulesoga åt Masfjorden. Utgangspunktet er då "Lindåsfundatsen" frå november 1748 som slo fast at "måtte der blive udi Lindaas Præstegield 6 omgående skoleholdere, af hvilke En skal være for hvert Sogn" (Lindås, Lygra, Austrheim og Myking)- "undtagen Sandnes Sogn, hvor der stedse maa blive 2 beskikkede, deels for Sognets vidløftighets skyld, deels for Folke-mængden udi bemeldte Sogn". 

Mangt har hendt og mykje har endra seg sidan dei to første skulehaldarane tok skreppa og staven fatt på si ferd rundt i Masfjorden, med den ansvarsfulle oppgåva det var å undervisa ein barneflokk som truleg var det doble av kva det no er i Masfjorden. 

Skal ein nemna noko av det viktigaste nye, så må det vere overgangen frå omgangsskule til fast skule sist på 1800-talet, og innføring av 9-årig skule frå 1964. Innføring av fastskule medførde ei storstilt bygging av skulebygg. Nitten skulekrinsar var det på det meste, med mest like mange skulehus. Fjorten av dei står der framleis, men no til eit anna bruk, og til dels i ei anna form. Men som skulehus gjekk dei siste ut av bruk sommaren 1976, same året som noverande skuleordning kom i gang, med sentralisert barnesteg og desentralisert ungdomssteg. Frå hausten 1976 har Masfjorden hatt tre ungdomsskular: Matre skule, Nordbygda skule og Sandnes skule. 

Elevtalet har endra seg mykje dei siste tjue åra, frå 315 i 1974 til 231 i 1993. Men denne nedgangen finn ein i mest alle kommunar, og mest markert i utkantkommunane. For Masfjorden sitt vedkommande ser det no ut til å ha stabilisert seg: Fordelinga på skulane er: Matre skule 66 elevar, Nordbygda skule 107 elevar og Sandnes skule 59 elevar. 

Når det gjeld lærarane, så har det og vore ei utvikling, både i tal og utdanning. Det er no 44 lærarar i grunnskulen. Av desse er det 3 lektorar, 27 adjunktar og 14 med grunnutdanning som lærar. Personalet omfattar dessutan 3 kontorassistentar, 3 vedlikehaldsmenn, 8 reinhaldarar og lærarassistentar. 

Sett på landsbasis har læraryrket utvikla seg til å bli eit yrke med sterk overvekt av kvinner. I vår kommune ser ein ikkje den same tendensen, enno i alle fall, med fordelinga 24 kvinner og 20 menn. 

I tillegg til grunnskulen har Masfjorden fått i gang både musikkskule og idrettskule. Begge desse tilboda har stor oppslutnad med om lag 150 elevar i musikkskulen og 120 i idrettsskulen. For å unngå ekstra skyss og mykje reising vert mest mogeleg av undervisninga i desse skuleslaga gitt innan den vanlege skuletida. Av økonomiske grunnar vert tilbodet i idrettsskulen avgrensa til born i 1. til 6. skuleår, og sameleis må ein i musikkskulen prioritera born framfor vaksne. 

Økonomien er viktig for drifta av skulen, og desse tala syner utviklinga: 

Bruttobudsjett, grunnskulen 
1940: (Førkrigsbudsjett) 75.740 
1950: (Etterkrigsbudsjett) 168.550 
1960: (Før 9-årig skule) 426.000 
1970: (Innført 9-årig skule) 1.689.000 
1993: (Grunnskulen) 14.416.500 

Kva så med administrasjonen ? 
Heilt fram til etter krigen var det skulestyreformannen og krinsformennene som stod for det heile. Ordninga med skuleinspektør, seinare skulesjef, vart først vanleg på 1950-talet, og då vanlegvis i kombinasjon med ein god del undervisning i skulen. 

I dag vert skulen i Masfjorden administrert av skulesjef i heil stilling med hjelp av pedagogisk konsulent i full post og kontorfullmektig i 80% stilling. I tillegg kjem fagrettleiarar i delpostar, og kulturkonsulent, etter som også kulturdelen av kommunaladministrasjonen er lagt til skulestyret, eller "Hovudutval for undervisning og kultur" som det no heiter. Skulestyraren er og vekke no. I staden er det ved kvar av dei tre skulane tilsett ein rektor, med ein inspektør som nestleiar. 

Er det mykje nytt, seier du ? Ny kommunelov og endring av Grunnskulelova tyder på at det er meir i vente når det gjeld organisering av kommune- og skuleadministrasjonen. Og gjerne det, berre det er til det beste for dei som bur og arbeidar i kommunen. 

Men tankane går stundom til dei to "beskikkede Skoleholdere udi Sandnes Sogn" som åleine fekk ansvaret for opplæringa av borna i Masfjorden i 1749. 

------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal