Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

 
Masfjordsong
Forfatter: Martin Hope

Tone: Du gamla, du fria. 
Eg elskar deg Masfjord, mi heimbygd so ven, 
med blånande fjell og grøne lider. 
Med fossande elvar og skogklædte grend, 
og øyar, vikar, sund og djupe fjordar. 

Ein vårdag i Masfjord, kor er han vel blid, 
når soli ho skin på fjord og vidder, 
Når sumarsol varmar og skuggane glid, 
då er det fagert i dei lune lider. 

Frå høgfjell og sætrar er utsyn so klår, 
det glitrar frå brear og tindar. 
Og havet so mektigt om øygarden går, 
og fjordane dei smyg om nes og øyar. 

Om sundag til kyrkje eg gløyma ei kan, 
med båtar i rad og i rekkja. 
Når festklædde menner og kvinner og barn, 
og slekt og vener fyllte vesle kyrkja. 

Eg elskar deg, Masfjord, der fedrane sleit, 
og stridde for seg og alle sine. 
Dei rudde og bygde så svetten rann heit, 
Dei gav oss gard og grend og gode minne. 

Og me som drog ut i frå Masfjord ein gong, 
me heimbygda aldri, aldri gløymer. 
Me minnest vår slekt og den heimlege klang, 
og tidt med lengting me om om heimen drøymer. 

Me sender vår takk for det gode me fekk, 
de rusta oss ut for lange ferdi. 
Med Gud i vårt hjarta me modige gjekk, 
med von og tru me stemnde ut i verdi. 

Me ynskjer Guds fred over heimbygdi kjær, 
Gud Signe dykk gamle og unge ! 
Og ut over livet og strevet me ser, 
til samlingsdagen stor for alle trugne. 

-------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal