Matre i gamal og ny tid
Forfatter: Jonas Riisnes
Frå dei eldste tider har det budd folk på
Matre. Det viktigaste forhistoriske minne me har om busetnad i Masfjorden
er Matrehola eller Storsetehilleren i Matredalen.
Ved ei vitskapeleg undersøking der i 1914 gjorde
ein funn frå det ein kallar førromersk jernalder som er frå
700 til år 0 før Kristus.
Frå gamalt av var Matre ei lita bondebygd i botnen
av Masfjorden utan veg, men med godt næringsgrunnlag i gardsbruk
og skogsdrift. Det var godt med fisk i fjorden og i elvane var der både
laks og aure. Dei store fjellviddene hadde gode beiter og ga høve
for jakt på storvilt og fugl. Fjorden var einaste vegen til kyrkje
og omverda elles. Ein båttur frå Matre til Bergen var 6 mil
og kunne ta frå to til seks veker alt etter kor heldige dei var med
vind og straum. Det var vanleg å ta ei byferd to gonger i året,
ei om hausten eller før jul, og ei før slåtten.
Om vinteren fraus stundom fjorden til slik at dei måtte
dra med hest og slede langt utover før dei nådde iskanten.
Det dei frakta med seg var smør og ost, kjøt og ved og så
botnar til tønner. Og heimatt hadde dei med korn, salt, kol til
smia og jarn, - varer som var nødvendige til hushaldet og til gardsdrifta.
Ein bytur i ein båt med 4 eller 5 par årar
og med råsegl, kunne vere ein verkeleg hard tørn. Det vart
ofte å måtte liggja om natta i ei eller onnor vik med berre
seglet over seg. Ja, det hende at folk fekk seg ein knekk for livet på
slike byferder. Difor vart det helst med stor takksemd dei kunne få
sende varene med dampen, eller dei sjølve kunne få sette seg
om bord og kome til byen utan å ro og utan å verte våte
til skinnet ein einaste gong. Den første dampbåten kom til
Sandnes i 1866. Den heitte Arne og gjekk ein gong for vika. Frå 1870
kom ein ny dampbåt som heitte Voss og som gjekk like til Solheim.
Ikkje før kring 1890 kom rutebåten heilt inn til Matre.
Det første ein høyrer om vegbygging på
Matre er vegen innover mot Holene som dei byrja på i 1894. Frå
kommunen fekk dei lite. Berre pengar til minering og bruer, heitte det.
Det var ca. 1/5 av pårekna kostnad. Resten måtte oppsitjarane
stå for ved å tegne seg for dagsverk. Stundom var dette opp
til 60 dagsverk årleg, og det galt alle oppsitjarane, også
dei i Kringlebotten og Stordalen. Vegen til Solheim vart begynt på
i 1912 og var ferdig i 1930. Veg frå Solheim til fylkesgrensa var
bygt før og stod ferdig alt i 1910.
Vegutløysing mot sør fekk Matre først
i 1963 med veg til Haugsdalen. Og Masfjordvegen til Duesund vart opna i
1981.
Storindustrien som ikkje kom
I 1905 hadde Birkeland og Eyde klart å framstille
salpetergjødsel av kvelstoff i lufta ved hjelp av elektrisitet.
Alt i 1906 kom ein forretningsmann frå Bergen som heitte Blaauw,
og kjøpte opp heile Matre - og heile Haugsdalsvassdraget for ein
sum av kr 192.150,- Etter kort tid selde han vidare til ein ny mann, Fr.
Hiort.
Med tanke på å byggje ein stor fabrikk kjøpte
Hiort opp det meste av gardsbruka på Matre og betalte dei med kr
78.060,-. Dette var mykje pengar den gongen, så det var kanskje ikkje
så løye at bøndene selde jorda og husa sine.
I 1906 selde Hiort vidare alt i hop for kr 600.950,- til
A/S Matrefallene og tente kr 330.740,- på handelen. A/S Matrefallene
hadde eit tysk industrikonsern, Badische Aniling og Sodafabrikk i ryggen,
som hadde planar om å produsere kunstgjødsel etter eigne metodar
i konkurranse med Norsk Hydro på Rjukan. Bøndene på
Matre rekna sikkert med at storindustrien ville komme og førebudde
seg på det.
Eigarane på bruk nr. 1 og bruk nr. 4 flytta ut or
husa sine til nye hus som dei bygde på tildelte stader. Frå
bruk nr. 2 reiste heile familien ut or bygda. Dei på bruk nr. 3 laga
murar til nye hus, men tok deretter sjansen på å verte buande
i gamlehusa, og det viste seg å gå bra. Dei to husa som vart
fråflytte den gongen, står der den dag i dag, men er no førde
attende til bruka som før åtte dei.
A/S Matrefallene fekk konsesjon på utbygging av
Matre - og Haugsdalsvassdraget til storindustri i 1908. Arbeidet starta
med kartlegging av fjellområda og det vart bygde brakker i Holene
ved Hommelfossen, i Øvredalen og i Ganglausbotnen, og dei bygde
to funksjonærboligar på Matre.
Folket i Masfjorden var svært usikre og ottefulle
over kva denne Storindustrien kunne komme til å føre med seg.
I eitt av konsesjonsvilkåra heiter det såleis:
-Det må stillast full sikkerhet for at Masfjorden
fattigvesen ingen utgifter påføres av nogen art av dette anleggs
benyttede personer eller deres familier hverken i utbyggingstiden eller
senere samt at politioppsyn må vere herredskassen uvedkommende.
Eit anna krav var at selskapet skulle betale kr 10.000,-
som tilskudd til vegen frå Matre til Solheim. A/S Matrefallene bygde
også 4 kilometer veg frå Holene og opp svingane til Fossen
gard. Og den stod ferdig i 1918. Inn til Holene hadde gardbrukarane sjølve
bygt veg tidligare.
Den konsesjonen A/S Matrefallene fekk i 1908 var den første
i sitt slag i landet, og det er sagt at den skapte mønster for seinare
konsesjonar som vart gjevne for større industritiltak i Norge.
Matre som turiststad
Alt før århundreskiftet var Matre oppdaga
av engelske turistar. Toralf Matre (fødd 1906) fekk som gut fortalt
at det heime hjå dei på Reinå hadde budd engelskmenn
om somrane som hadde fiska laks i Matreelva.
Då så planane om storindustri kom, førde
det til auka aktivitet med besøk av framandfolk både frå
inn - og utland. Desse måtte skaffast husrom og servering. Ein mann
frå Numedal kjøpte seg tomt på Matre og bygde eit stort
hus der han planla pensjonat, kafe og handel. I 1911 bygde Ole E. Sandnes
Matre hotell. Dei første åra budde det mykje
anleggsfolk på hotellet, meir eller mindre fast. Men etter kvart
kom det også sommarturistar, - mest frå Bergen, som prøvde
fiskelukka i elva og i fjorden.
Under første verdskrigen 1914 - 18 stoppa verksemda
på Matre opp, og då Tyskland tapte krigen, vart heile A/S Matrefallene
kjøpt opp av Norsk Hydro som på den måten fekk kontroll
over det som kunne ha vorte ein brysam konkurrent. Noko kraftproduksjon
på Matre var Hydro mindre interessert i. Då det etter krigen
også vart svært dårlege tider, stoppa arbeidet med å
reise storindustri på Matre, for godt.
Ein sterkt redusert aktivitet førde til at mannen
frå Numedal, Tor Videsjord, selde huset sitt og reiste frå
Matre. Huset vart seinare nytta til skulehus og lærarbustad, men
er i dag borte. (Øvste etasjen av huset vart i 1949 tatt ned og
sett opp att i utmarka på Eikemo der det vart nytta som skulehus
i mange år).
På Matre hotell vart det no heller stille om vintrane.
Men om somrane kom det turistar både frå utlandet og frå
Bergen. Frå utlandet var det mest engelskmenn som kom for å
fiske laks. Desse vart gjerne kalla lakselordar. Og mange av dei kom att
år etter år. Ja, om sommaren var ofte hotellet fullt av turistar.
Og vegen til Fossegardane og seinare Solheim og fylkesgrensa, inviterte
til utflykter.
Hotelleigar O. E. Sandnes kjøpte ei firehjuls hestetrille
til å køyre turistar i. Seinare kjøpte M. H. Matre
trilla, og sonen, Hjalmar, hugsar han køyrde turistar i den opp
gjennom Matredalen. Trilla hadde to sete med plass til 2 i kvart pluss
kuskesete framme. Betalinga var kr 5,- til Hommelfossen og kr 10,- til
Fosse.
Fleire av dei andre gardane på Matre hadde tohjuls
stolkjerre. Toralf Matre hugsar at jonsokaftan i 1922 kom det eit turistskip
til Matre med Dronning Vilhelmina og kronprinsesse Juliana av Nederland
ombord. Dei kongelege besøkte hotellet og dei køyrde tur
i Matredalen. Johannes Matre, bror til Toralf fekk æra av å
køyra dronninga og Teodor Matre køyrde prinsessa. Ved Matrevatnet
måtte dei stoppe ei stund medan dronninga teikna og måla landskapet
innover mot Klavefjellet. Turistskipet låg på Matre natta over
og det vart om kvelden brent bål på ein flåte på
fjorden.
Tidleg i 1930-åra kom første bilen til Matre
for å køyre turistar. Ein mann som heitte Solend frå
Manger var fleire somrar på Matre i turisttida og ga hotellgjestane
spanande opplevingar i drosje - langs smale kjerrevegar med stabbesteinar.
Odd Sandnes (fødd 1922) hugsar han var grindegut på slike
turar til Fosse og til Grimevatnet ved fylkesgrensa. Han måtte ofte
stå på stigbrettet, og han hadde 8 grindar å opne på
vegen til Fosse og 18 på vegen til fylkesgrensa.
Mot slutten av 1930-åra kjøpte sonen til
O. E. Sandnes, Emanuel, seg drosjebil og syrgde for transport av hotellgjestane.
Denne bilen brann opp då Karl Wagner sette fyr på buer og naust
i april 1945. Under krigen la tyskarane beslag på heile hotellet
både vinter og sommer. Etter krigen kom hotellet i meir normal drift
att med travel sommarsesong og heller stille om vinteren.
I 1949 då kronprins Olav avduka minnesteinen over
falne i Bjørn West 29. juli, overnatta han på Matre Hotell
og skreiv seg inn i gjesteboka. Det same hadde prinsesse Juliana gjort
26 år tidligare,
Då Bergenshalvøens kommunale kraftverk (BKK)
starta utbygging av elektrisk kraft i Indre Masfjorden i 1952, rykte dei
inn på Matre Hotell. BKK leigde heile hotellet i fleire år
til dess dei hadde bygt seg sine eigne hus til verksemda si. Etter dette
har hotellet ikkje vore drive som turisthotell.
Men kva med Matre som turiststad i dag ? Naturen er den
same fantastiske som før, og med Riksveg 1 rett gjennom er storbyen
Bergen komen på berre to timars avstand.
Dette har Bjørn Westmuseet nytt godt av i sin første
sesong 1993. Museet har hatt mange besøk frå Bergen og distrikta
ikring. Enkelte grupper kjem direkte til museet og reiser vidare opp Matredalen
til Stordalen fjellstove til ein god gammaldags lunch. Andre kjem vegen
om Sogn og Massnes villmarksmuseum, til Stordalen for lunch. Derifrå
kjem dei så til Bjørn Westmuseet enten direkte eller neste
dag etter å ha overnatta på fjellstova som har 30 senger og
ein matsal som kan ta 50 personar.
På Stordalen fjellstove finst mange minner frå
Bjørn West som hadde sitt siste hovudkvarter der under krigen, og
utanfor står minnestein over dei sju nordmenn som fall i fjella der
i april/mai 1945.
Ikkje langt frå fjellstova har NAF sitt Caravan-anlegg
i Stordalen. Det har straumuttak for 23 vogner og sanitæranlegg med
dusjar i eit eige NAF.bygg. I dette bygget er det også tre ferieleiligheiter
med plass til fire personar i kvar, som vert leigde ut til NAF.medlemmer
i Nordhordland.
Eit anna mål for turistar i Indre Masfjorden er
det svært innhaldsrike gardsmuseet til Olav S. Trodal, berre 2 kilometer
frå Matre. Og ca. 4 km. sør for Matre når tunnelen kjem
til Storavatn, ligg Fjon fjellkyrkje. Den er utstyrt med tanke på
ulike tilskipingar, frå enkle samlingar til lengre opphald med overnatting
og heilpensjon. Kjøkken og matsal kan ta opptil 80 personar og der
er overnattingskapasitet til 50.
Like ved ligg ei lysløype på 2,5 km. Anlegget
er ubemanna og må tingast i god tid i forveien.
Nemnast må også garden Haukeland der Alfhild
og Henning Haukeland kan ta imot turistar og servere lunch eller middag
for grupper på opptil 5o personar.
Krigstid med tyskarar og russarar på Matre.
Då tyskarane invaderte Noreg i 1940 tok dei straks
til å byggje festningsverk for kystartilleri, luftvernartelleri og
mellom anna ein svær ubåtbunker på Laksevåg i Bergen.
Til dette trong dei mykje sand, og det fann dei rikeleg av på Matre.
Tidleg i 1942 kom tyskarane til Matre med 200 russiske
krigsfangar og 30 fangevaktarar.Dermed hadde den tyske okkupasjonen nådd
heilt ut til ei avsidesliggjande , lita fjordbygd. Tyskarane rekvirerte
dei to husa A/S Matrefallene hadde bygt til funksjonærboligar. Der
budde kommandanten deira, marineløytnant Karl Wagner, og fangevoktarane,
medan ingeniørar og høgare offiserar på besøk
budde på hotellet.
Det vart bygt tre brakker til russarane i Einekavane.
Dei russiske fangane vart dagleg førde gjennom tunet til Malena
Matre, og ho har fortalt at dei var kledde i utslitne uniformer som var
mest berre filler.
Dei gjekk i kloggar og rundt beina hadde dei berre sekkefiller
og papir. Dei var alltid svoltne. På garden tok dei innvollar frå
slakt, dei tok sildemjøl som skulle nyttast til for og ein gong
hadde dei kome over tillaga grisemat i ei bøtte, som dei åt
opp. Bøtta stod att reinskrapa.
Folk på Matre var ofte vitne til at fangar vart
plaga og slegne av fangevoktarar. Fire russarar vart drepne av tyskarane.
To av dei vart skotne oppe i sandtaket, og medfangar vart ordna til å
grave dei ned i sanden. Sidan laga russarane gravstøtter og sette
opp på kameratane sine. Alle dei fire russarane er i dag gravlagde
på Solheim kyrkjegard under ein stor gravstein.
Tyskarane hadde ikkje så mykje med folk på
Matre å gjere, bortsett frå at dei kontrollerte alle som kom
og reiste. Kvar gong rutebåten kom var dei på kaien og kontrollerte
pass, og berre folk skulle innover dalen, måtte dei innom den tyske
vakta og visa passet. Ja, også dei som gjekk på stølen
om sommaren, måtte vise pass to gonger på dagen.
Den 10. desember 1944 var Karl Wagner sjølv på
passkontroll ombord på rutebåten Lygra.
Gardbrukar Johan Th. Seim frå Seim i Lindås
låg på ein benk i lugaren og sov. Wagner skreik og ville sjå
passet. Men då mannen var søvnig og litt sein, tok Wagner
pistolen og skaut han ned og drap han.
Denne hendinga skaka opp folk i heile distriktet og auka
bitterheit og motvilje mot tyskarane.
Norske myndigheiter sikra seg Wagner i 1945, og han vart
stilt for retten og dømt til 12 års tvangsarbeid ved Gulating
lagmannsrett den 26/11-1947. Han vart seinare benåda ved kgl.res.
2/3-1951 og sendt heim til Tyskland 25/5-1951.
Matre vart grenseposten mellom Bjørn West og
fienden
I oktober 1944 kom nokre kompani Linge-offiserar frå
England for å opprette Bjørn West-basen i Masfjordfjella.
Bjørn West var ei geriljaavdeling på ca. 250 mann som opererte
bak fiendens linjer.
Og nettopp her på Matre kom grensa til å
gå. Ja, Bjørn West karane som heldt til på Litle Matre-stølen
var stundom så nær at dei såg ned på huset der
Wagner budde og som no er Bjørn West-museum. I dette huset, var
også vaktkontor, og det var forbi denne vakta at Hjalmar Matre køyrde
våpen, radioutstyr og forsyningar til Bjørn West, oftast pakka
i sildekassar med ein høysekk over. Og det var her folk frå
fjellgardane Stordalen og Fosse måtte innom og vise pass når
dei skulle til handelsmannen eller postkontoret på Matre.
Då tyskarane 29. april 1945 ville angripe Bjørn
West i Kringlebotten, var det i skaret over Litle Matre at det om morgonen
gjekk opp 28 tyskarar og berre ein kom seg levande nedatt neste natt. Dei
andre 27 vart drepne ved Litle Matre-stølen av eit lag på
11 mann frå Bjørn West. Dagen etter vart alle vaksne menn
på Matre arresterte og sende til Litle Matre-stølen for å
bere ned dei falne.
-Ved første skudd frå bandittane (dvs. Bjørn
West) vert de alle skotne, ropa den tyske vaktsjefen som var med. Også
kona til Hjalmar, Åslaug, vart arrestert og måtte sitje fem
dagar som Wagner sin fange i eit rom over kontoret hans. Då dei døde
tyskarane var transporterte ned, tok han Åslaug ut og viste henne
lika og sa: -Sjå kva mannen din har gjort. Han sette fyr på
og brende ned naustet til Hjalmar pluss to buer nede ved kaien. Også
det viste han til Åslaug, og han snakka om eit nytt Telavåg
og ville brenne meir. Men det fekk han ikkje lov til hjå den tyske
sjefen i Bergen som ordna han frå stillinga si. Ein ny sjef vart
send til Matre.
Mennene som var arresterte, vart haldne som fangar i ei
russarbrakke ei vikes tid før dei vart sende til fangeleiren på
Espeland ved Bergen. Her sat dei til krigen var slutt. Men Åslaug
som hadde eit tvillingpar på tre år heime, slapp fri etter
5 dagar. I huset hennar hadde 60 tyskarar vore innlosjerte på det
meste. Det var soldatar som skulle til fjells og som tok del i dei siste
kampane på Klavefjellet 3. mai 1945. I kampane i fjellet miste 6
Bjørn West-soldatar livet. Kor mange tyskarar som fall er ikkje
kjent, men at 34 døde kom ned att til Matre, veit ein sikkert.
Tyskarane brende Fossestølen og alle husa i Kringlebotten.
Den 5. mai 1945 kom dei også til Stordalen. Der trefte dei på
Torgeir Stordal som var 76 år gamal og som ikkje hadde klart å
fylgje med Bjørn West-avdelinga då dei trekte seg ut natt
til 4. mai.
Tyskarane skaut Torgeir og brende husa ned over han.
Det er skrive tre bøker om Bjørn West:
- Rolf R. Skre: Bjørn West i aktiv innsats (1946)
- Arnfinn Haga: Jernring rundt Bjørn West (1982)
- Thomas Nielsen: Bak de tyske linjer (1992)
I 1993/94 lagar NRK i samarbeid med BKK ein TV-film om
Bjørn West.
Største sandmassane i Masfjorden
Ikkje nokon stad i Masfjorden fanst det så mykje
sand som ved utløpet til Matreelva. For 10 tusen år sidan
var det istid i Nord-Europa og havet stod då 64 m høgare enn
i dag. Etter kvart som isen smelta, steig landet og det kom stein og sand
med breelvane som vart liggjande inn mot fjellet på begge sider av
elva.
På Store Matre ser me sandhaugane ligg der urørde,
medan ein på Litle Matre har grave ut og ført bort enorme
mengder sand gjennom ein heil mannsalder. Under krigen starta tyskarane
sanddrift på Matre med russiske krigsfangar.
I 1951 overtok sandkompaniet K-71 drifta av sandtaket.
K-71 arbeidde for Bergen kommune. Det vart sett i gang eit omfattande ryddearbeid
mellom anna hogging av skog kring kantane av sandtaket.
Mange fekk seg arbeid og etter kvart vart det full drift
att med kontinuerlig utføring av sand til Bergen.
K-71 dreiv sandtaket til 1969. Frå 1. januar 1970
overtok Statens Vegvesen og dei dreiv like til det var tomt på Litle
Matre i 1985. Vegvesenet opplyser å ha tatt ut ca. 2 millionar tonn
grus etter 1970 og dei meiner det var teke ut omtrent like mykje før
dei begynte. To og eit halvt gardsbruk har gått med, og sanden er
fjerna heilt opp til den markante, kvite kanten ein ser i fjellsida.
Det meste av tangen der skulen og idrettsplassen ligg
i dag, er lagt opp av stein som er sortert ut av sanden. Etter 1985 har
vegvesenet henta sand frå eit grustak oppe i dalen, ved Storseten
der Matrehola er. Mellom 1985 og 1990 vart det teke ut 350 000 tonn sand
frå Storseten.
Framleis driv vegvesenet oljegrusanlegg på Matre.
Råmaterialet kjem i dag frå steinmassane som vert tekne ut
or tunnelen dei arbeider på mellom Matre og Storevatnet.
BKK og kraftstasjonen på Matre
A/S matrefallene ville byggje ein stor kraftstasjon som
skulle levere straum til kunstgjødselfabrikken som var planlagt
på Matre. Arbeidet på Hommelfossen kraftstasjon og den store
røyrgata av jern som kjem ned etter stupbratte fjellveggen bak stasjonen,
var nesten ferdig i 1917. Men arbeidet stoppa opp før kraftproduksjonen
var komen i gang.
Røyrgata er sett saman av element på vel
en meters lengde som er klinka saman, og for å få det til,
måtte ein mann liggje inne i røyret og halde i mot når
naglane skulle slåast i. Det er sagt at det var Anders Nilsen frå
Hest som hadde dette som eit spesialoppdrag han fekk ekstra betalt for.
Nilsen vart seinare buande på Matre der han arbeidde som skomakar.
Hommelfossen kraftstasjon vart gjort ferdig og sett i
drift av tyskarane til bruk ved sanddrifta på Litle matre i 1944.
Då tyskarane reiste sin veg i mai 1945, vart stasjonen stoppa. Norsk
Hydro hadde i 1944 selt alle sine rettar i A/S Matrefallene til -Bergen
Byting, som det heitte den gongen.
Oppsitjarane på Matre tok opp spørsmålet
med Bergen kommune om å få stasjonen i gang att og om å
få kjøpe kraft til bruk i Matreområdet. Dette gjekk
i orden og stasjonen kom i drift att i desember 1945.
Alle vassrettane i Masfjorden vart seinare overførde
til Bergenhalvøens kommunale kraftselskap (BKK) og dei starta utbyggingsarbeidet
for fullt i 1952. Utbygginga starta eigentleg i Haugsdalsvassdraget, men
Hommelfossen kraftstasjon vart først bygt ut så den kunne
levere straum nok til anleggsdrifta og Masfjorden kommune. Den stod klar
oppdatert i 1953.
Matre kraftstasjon er bygd 120 meter inne i fjellet på
Litle Matre og er faktisk to separate kraftverk plasserte i same hall:
eitt for Haugsdalsvassdraget (99 MW) og eit for Matrevassdraget (120 MW).
Det er bygd tunnel (3 km) frå denne stasjonen til
Gobotnvatnet som samlar opp nedbøren frå 7 vatn til og med
Skjerjevatn.
I 1956 vart første maskinane i Haugsdalsdelen på
Matre starta, og Haugsdalsvassdraget var ferdig utbygd i 1959. Deretter
starta dei i 1960 arbeidet på den 12,2 km lange tunellen frå
Matre og heilt inn til Stordalsvatnet. Matrevassdraget som omfattar 11
regulerte og 11 uregulerte vatn, har også to magasin som ligg høgare
enn Stordalsvatnet. Det er Krokevatnet og Kvanngrøvatnet. For å
utnytte fallhøgda (135 m) frå Krokavatnet er det ved Stordalsvatnet
bygt ein eigen kraftstasjon (26 MW).
Vatnet vert så nytta ein gong til då det
går gjennom tunnelen til turbinane i Matredelen av stasjonen på
Matre. Denne delen var ferdig utbygd i 1963.
Det same er gjort i Vemundsbotten for å utnytte
fallhøgda mellom Svartevatnet (250 m) og Gobotnvatnet. Denne stasjonen
produserer 45 MW eller 129 GWh. 1 GWh (= gigawatt-time) er ein million
kilowatt-timar eller tilsvarande det 90 personar brukar i eit år
- i arbeid, heim og fritid.
Matre kraftverk produserer totalt 1370 GWh som er nok
straum til 123.300 menneske. I Masfjorden bur der omlag 1850 personar.
Då BKK fekk seg overført alle rettane som
A/S Matrefallene hadde hatt i Masfjorden, overtok dei ikkje berre fjellvidder
og fossar. Selskapet påtok seg i realiteten ansvaret for utbygginga
av eit heilt bygdesamfunn. Selskapet fekk eigedomsretten til det meste
av dei knappe areala nede på sjølve Matre. Der har dei sett
opp sine drifts- og administrasjonsbygg og har i tillegg bygt ei rekkje
bustadhus for sine tilsette. Ein del av areala er no førde attende
til dei opphavelege eigarane.
BKK sin kinosal på Matre er det mest brukte forsamlingslokalet
i Matre-bygda, og selskapet har gjeve grunn og tilskot til både skulen
og idrettsplassen. BKK støttar også akvakulturstasjonen som
delvis er basert på kjølevatnet frå kraftverket.
Bjørn West-museet held til i eit hus som tidlegare
har vore i BKK si eige. BKK har også gjeve betydeleg økonomisk
støtte til innreiing av museet, og selskapet har i år teke
initiativet til å få laga ein TV-film om BjørnWest som
ein ventar vil verte ferdig til 50-årsmarkeringa for Bjørn
West 15. oktober 1994.
BKK er største arbeidsgjevaren i Masfjorden og
har i dag 45 tilsette. Selskapet er også den største skatteytaren
i Masfjorden kommune, og betalte i 1992 24,7 millionar kroner til kommunekassen.
Matre Havbruksstasjon
Fiskerinæringens forskningsfond starta i 1971 ein
forskningsstasjon på Matre. Det vart bygt opp stasjonsbygning med
klekkeri i kjellaren og ein del utekar langs elva, pluss eit sjøanlegg.
Seinare har stasjonen stadig vorte utvida med tilbygg og nybygg.
I 1989 vart kontorbygningen bygd opp med 1 1/2 etasje
og i 1990 vart det bygt eit stort servicebygg (oppe ved vegen) - der det
er m.a. fryserom, lager, verkstader og garasjar.
Frå 1974 har dei hatt vassledning inn frå
Matre kraftverk for å kunne gjere seg nytte av det oppvarma kjølevatnet.
I dag er det to pumpestasjonar som leverer til saman 10.000 liter kjølevatn
pr. minutt.
Matre havbruksstasjon er ein forskningsstasjon under Fiskeridirektoratets
forskningsinstitutt i Bergen. Oppgåva er å halde tilgjengeleg
forskningsmateriale for laksefisk i alle stadier frå rogn til stamfisk.
Stasjonen er avhengig av prosjekt som kan gje økonomisk støtte
til drifta, og at desse igjen gjev gode resultat slik at tenestene vert
etterspurde av næringslivet og andre interesserte. Ca. 30 personar
er i arbeid ved Matre havbruksstasjon.
E- verk - museum og Bjørn West - museum
I 1985 bygde BKK eit heilt nytt kraftverk ved Hommelfossen.
Den gamle stasjonen med røyrgate oppetter fjellet vart då
nedlagt og freda. Kring den freda kraftstasjonen og ein nyrestaurert mindre
gardsstasjon ved Brydalsfossen, bygd i 1947 for Fossegardane, vert det
nå arbeidd med å få til eit kraftverksmuseum. I opplegget
prøver ein å passe inn besøk både på den
nye Hommelfossen kraftstasjon og den store kraftstasjonen på Matre.
Bjørn West-museet på Matre vart mellombels
opna 23. august 1992, og vil verte offisielt opna 15. oktober 1994. I 1993
har museet vore ope 3 timar 2 dagar i veka og har hatt besøk av
2900 personar.
Opningsarrangementet vil verta del av 50-årsmarkeringa
for frigjering av landet med invitasjon av alle attlevande Bjørn
West-veteranar og representantar for offentlege myndigheiter.
--------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag. |