Med fjorden som skuleveg
Forfatter: Ragnhild Jung
Omtrent midt inne i Masfjorden, på nordsida, ligg
garden Bergsvik. Med fjellet i ryggen, som vern mot nordavinden, og fjorden
sør, ligg garden svært lunt og fint til. Sjølv om Bergsvik
er ein sokalla «einbølt» gard, var han rekna for ein
av dei beste gardane i Masfjorden.
Etter 1980 går Masfjordvegen gjennom innmarka, men
før var det fjellet eller fjorden som var ferdavegen. Saman med
Lauvvik, på same sida av fjorden, og Skuggedal på andre sida
(kalla Skjeidalen) utgjorde desse gardane Bergsvik skulekrins.
For borna på desse gardane var det fjorden som
vart skulevegen deira.
Sofie Låstad Lygre f. 1911 i Bergsvik og oppvaksen
der, fortel slik om skulegonga:
«I alle mine år i folkeskulen var det omgangsskule.
Enten var skulen hjå oss i Bergsvika, eller han var hjå Rasmus
i Skuggedal.
Eg kunne lesa før eg byrja på skulen, og
eg fekk ta til eitt år før eg hadde «alderen til det».
Det var då berre ei jente i skulen, og eg var mykje i lag med skuleborna
ute i leik og slikt. Så fekk eg då halde lag med Sigrid i timane
og. Me jentene hadde eit bord for oss sjølve, det var ikkje så
stort. Men gutane hadde eit stort bakstebord å setja ved. Me var
10 elevar i alt, og skulestova var oppe i 2. høgda.
Lærarinna, ho Hilda, var ei bestemt og flink dame.
Når me skulle innatt etter friminutt, måtte me stille opp,
to og to, og ho passa på at me gjekk pent og stilt inn. Treskoa sette
me frå oss i gongen før me gjekk opp troppa. Men når
me skulle ut etter timen, vart det litt «sjau» før kvar
fann sine tresko. Frå klokka 12 til 13 hadde me Middagsstund, då
åt me middag. Mor kokte middag og til dei som var frå dei andre
gardane. Dei hadde med seg fisk og pote, og ellers brødmat som dei
«styrde med sjølve».
Hjå Rasmus i Skjeidalen var dei fleire som gjekk
i skulen på same tid, så han ville helst ha skulen der. Då
slapp dei å «niste ut» så mange. Der var det og
kona i huset som kokte middag til oss. Me åt då ved same bordet
som husets folk, men læraren hadde eit lite bord for seg sjølv.
Han hadde seng i skulestova, og når me gjekk ut, såg me at
han låg i senga og las, for den stova låg litt lågare
enn huset ellers. Det var tre rom oppe på lemmen, og der som me ungane
låg, var det berre eitt glas i taket (ljore) som ikkje kunne latast
opp. Der var fem senger, og me var oftast 10 stykker som låg der.
Me var tre jenter i skulen og me låg i ei seng. Eg hugsar at eg låg
alltid i midten! ( Eg likte best når skulen var i Bergsvika, for
der hadde eg mi eiga seng).
Å bu i Skjeidalen om vinteren gav oss både
morosame og mindre morosame opplevingar. Oppe på lemmen var det iskaldt.
Når me hadde fått kleda på oss, måtte
me ut på den endå kaldare gangen, og ned på kjøkkenet.
Der gjekk det ein open vask ut om veggen, og vatnet rann ned i ei opa grøft.
Ofte var det isbetar i vaskevatnet. Men vaska oss måtte me, og etterpå
såg dei om me var reine i øyrene. Ja, då var det godt
å kome inn i den varme stova, finne «nistetina» med brød
og smør, sukker og litt gamalost.
Læraren fekk litt ekstra «stell», dei
la i ovnen i skulestova før han sto opp. Etter ei skuleveke var
det godt å kome heim til helga! Og når eg tykte «matstyret»
ikkje var så godt, var dett fint å glede seg til laurdagskvelden.
Då hadde me alltid raspekaker heime.
Eg hugsar ein gong då det låg is på
fjorden så eg vart liggjande over til sundag, Då kom far og
bror min over og henta meg. Far skjente fordi eg la meg til der borte endå
Arne Reknes (som då var lærar) var komen over til Lauvvik mellom
isflaka. Men han hadde fått skyss av Rasmus, og dei sa ingen ting
til meg at dei reiste!
Etter skuletid var me ute og leika. I Skjeidalen hugsa
eg at me hadde ein steinslede som me brukte til «kjelke», Når
me sette utfor bakken med sleden full av ungar, fekk me skikkeleg fart.
Sør for huset var ei brekke som var passeleg bratt,- med ei stor
myr nedanfor. Det gjekk alltid bra, me kom aldri så langt at me enda
i elva. Sleden var sjølvsagt tung, men me var mange til å
dra den oppatt!
Av og til gjekk me ned på Oldrebakken (ein gard
lenger nede). Særleg når Styrk var heime. Han var byrja å
fotografere, og me fekk og vere inne på mørkerommet når
han framkalla bilete. Det tykte me var svært moro. Eg hugsar godt
det fyrste bilete eg såg: Det var tanta hans, ho Sina, ho stod attmed
ein vegg og strikka- i sin finaste stas. Han la det i ei skål- i
ei væske, der såg me at biletet kom fram.
Det kom nye folk i Skjeidalen og ein annan huslyd var
flytta til Rognøy, så det minka med skuleborn. Då me
i 1925 var tre stykker som «gjekk ut», vart det slutt på
Bergsvik skulekrins. To gutar, bror min og ein annan, gjekk eitt år
til Eikemo, sidan vart dei flytta til Mollandseid. Der var det kome skulehus,
og dei budde på lemmen over skulestova. Klokke hadde dei ikkje, så
dei sto opp når dei høyrde at ho Hilda fyrde i ovnen, Noko
å varme seg på, var det ikkje på lemmen, kaldt var det
så smøret let seg ikkje smørje. Dei skar brød
og smør i «sneier» som dei la oppå. Då fekk
yngste syster mi det betre, ho var mykje sjukleg, så ho fekk bu hjå
henne Hilda. Så der hadde ho det nok godt.»
--------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag. |