Frå omgangsskule til fast skule
Forfatter: Olav Midtbø
Det er uråd å seie kor mange menneske i kommunen
vår som kunne lese og skrive til husbruk i eldre tider. I eldre tider
er her tenkt som nokre hundre år attende. Når me les på
gamle skøyte og kontraktar, så vil me jamt sjå at der
er somme som kan skrive namnet sitt. Men dei aller fleste må bruke
signet der namnet er inngravert.
I 1741 kom -Placaat om nærmere Anordning angående
Skolerne paa Landet i Norge. Denne plakaten gav dei einskilde prestegjeld
meir frie hender til å skipa skulen etter tilhøva i bygdene.
Presten, saman med medhjelparane og andre bønder
som presten kalla inn, sette opp dei såkalla -Skulefundatsar. Det
ser ut som Lindås prestegjeld har vore dei første til å
få ferdig sin fundats, i november 1748. Etter skulefundatsen må
ein gå ut frå at det vart arbeidt trutt for å gje folket
noko bokleg lærdom.
Den skulen som vart skipa ved skulefundatsen, var i realiteten
ein omgangsskule. Rett nok var løyvet til å skipa ein fast
skule halde oppe, men alle visste at det var uråd å få
til anna enn omgangsskule. No var det ikkje så at folket lika omgangsskulen
så utifrå. Gardbrukarane lika lite å måtte røma
stova si for skulen. Mange av dei hadde ikkje kjøken, og den einaste
kokeomnen dei hadde, stod då i stova.
Kona i huset tykte ho var vanhjelpen dersom ho ikkje kunne
få bruke kokeomnen. Det var og mykje anna i stova av det ho hadde
bruk for i eitt vekk.
På den andre sida klaga læraren jamt over
at det var for mykje renn og prat og ungeståk. Læraren ville
ha ordet åleine i skulestova, men det vart ikkje alltid så,
det kunne vere mangt som forstyrra arbeidet hans. På denne måten
hadde det lett for å koma til misforståingar og vantrivnad,
og til sjuande og sist gjekk det ut over skulearbeidet som ikkje kunne
gå så godt og greitt som det burde. Men åra gjekk, og
skulen vart driven mykje godt i same faret. Rett nok vart det ofte litt
flikking og vøling av dei lauga som skulen var delt inn i, og der
vart gjort mindre brigde i grenser og liknande. Men noko grunnleggjande
nytt, eller noko skjelsetjande forandringar vart ikkje gjort. Dette kom
seg kanskje mykje av at skulen hadde så lite pengar å rutte
med. Endå det var pålagd skatt både på gardmenn
og plassmenn, og dertil på ungkarar og kårmenn, så ville
det verta for lite. Det vart samla i hop pengar i bryllaup og andre samankomstar,
og pålagt ekstra avgift på gjestegjevarane i Kjelstraumen og
Brudeknappen, men noko overflod vart det såvisst ikkje. Men bortimot
1840-50 talet eller så må det visst ha vorte litt romslegare,
for då treffer me på freistnader på å styrkje skulen.
Her skal forteljast om ein slik freistnad.
Soga er knytt til ætta og garden Risnes i Frøyset
sokn i Masfjorden, og tre namn er knytt til denne freistnaden på
skifte. Det var Arne Riisnes f. 1793, Erik Arneson Riisnes f. 1819, og
Arne Gabriel Erikson Riisnes f. 1848. Alle tre var lærarar i Masfjorden,
og dei to siste enda som lensmenn. Men den som nådde høgast
av dei, var nr. 2 som var representant på Stortinget i fleire valbolkar,
og som elles hadde ei mengd tillitsyrke som ikkje skal skrivast om her.
Den fyrste av dei, Arne, var lærar og kyrkjesongar
i Sandnes. Me veit elles lite om han som lærar. Men han har nok lagt
fram tankane sine for sonen Erik. Og denne freista seg med det som folk
nok ville ha kalla litt av ein revolusjon, om dei hadde kunna omgripet
og ordet. Då Erik vel hadde vorte lærar og kyrkjesongar, og
vel var komen inn i bygde- og rikspolitikken, fekk han i stand fylgjande
ombøter : Gardane Risnes, Hosteland, Areklett, Holsøy, Raunøy,
Ytre Haugsdal, Hatlevik, Rambjør, Haugsøy, Torsvik og Frøyset
skulle vera eitt skoleholderlaug. Desse gardane vart tekne ut frå
ordninga med omgangsskule, og Erik bygde nytt skulehus for dei på
Risnes. Skuletida skulle vere lenger enn i omgangsskulen: 3 månader
i året, og kvar mann i storkrinsen skulle yta 2 ort til lærarløn.
Det Erik i røynda freista, var å ta ein del
av kommunen vekk frå ordninga med omgangsskule og over til ei ordning
med fast skule. Korleis det gjekk ? Lat oss sjå på Hosteland
til dømes.
Frå Hosteland til Risnes er det om lag 4 km. gangstig.
I førstninga er gangstigen korkje verre eller betre enn gangstigar
flest i Masfjorden, men nærare Risnes vert det verre og verre med
blaute myrar.
Det var å bykse frå tuve til tuve, balansere
over nedlagde stokkar og kroke seg fram så ein kunne unngå
dei blautaste dika. Det er ikkje ein gong å nemne at dei trudde fullt
og fast på eit spøkelse som var i Merkesdalen, ein skreppekar
frå Voss, som skulle vere røva og drepen einkvarstad i myrane
og/eller tjukke skogen der. Noja, så lenge det var tidleg på
haust, eller om våren, gjekk det så nokolunde.
Men i ruskever, og seinhaustes og vinterstid, då
vart det verre. Då måtte alltid vaksne fylgja borna: opp i
sjutida om morgonen, pjuske på seg det borna måtte ha av skor
og klede, og så lykt: ei flaggermuslykt om dei hadde, og om ikkje,
så ei onnor lykt, og så avstad. Kanskje hadde det snøa
om natta, kanskje var det vind og sturtregn. Det er lett å tenkje
seg korleis det var å vere skuleborn i det mest uframkomelege terrenget,
og korleis det måtte vera å nå fram til det einsame skulehuset,
våte og frosne. Og så var det turen attende, med vaksenfylgje
og lykt då og. Ein kan forsvare å hevde at det som gjorde skulevegen
så umogeleg, var ikkje sjølve vegen, men det at borna ikkje
hadde gummistøvlar og regnoverklede. Av skor hadde nokre det dei
kalla lersko, det var skor av ler, og dei rokk knapt opp til okla. Mot
regn og uvær hadde dei det dei kalla for stortrøye, det var
ei trøye av tjukt vadmål. Men ein må ikkje gløyma
at det var mange born som ikkje eigde lerskor, og som difor måtte
gå i tresko med tjukke ullsokkar trædd utanpå. Stortrøye
var heller ikkje kvart barns eige. Når ein tenkjer litt på
dei vilkåra skulevegen baud, får ein ikkje noko lyst bilete
av skuletida.
Det varde då heller ikkje lenge før protestane
kom. Mannen på bnr. 7 på Hosteland tok borna sine ut or skulen,
og lova å gje dei turvande undervisning sjølv. Det var likevel
ikkje alle som hadde så pass lærdom. Men klage og seie seg
misnøgde, det kunne alle. Og borna frå Holsøy og Areklett
hadde sine vanskar. Dei måtte gå tvers over øya, og
så måtte dei ro. Og det var slett ikkje alltid det var lett
å kome seg forbi Krossneset når det bles. Om lag same rovegen
hadde dei frå Raunøy. Vakse folk måtte ofte fylgje.
Også vart det misnøye.
Borna frå Haugsdal, Rambjør, Hogsøy,
Hatlevik og Torsvik hadde ikkje myrar og vasse gjennom. Men mange av dei
hadde lang veg, og gangstigen var ikkje alltid så god å gå.
Og så var det det at når dei hadde gått vegen, så
og seie, då kom dei til Risnesstraumen. Det er ei noko trong bukt
som går langt innover. Straumen går anten inn eller ut, og
der må roast over. Foreldra leit lite på at borna kunne ro
over i strid straum og overfylte, ringe farkostar,- ofte var det berre
ferjer,- og læraren på Risnes fekk høyre mykje kritikk
og lite ros for den nye skuleordninga.
I grunnen fanst det berre to måtar å bruke
for å kome ut or vansken. Den eine var at faren gav undervisning
til sine eigne born. Men det var ikkje så mange som kunne gje opplæring
som presten ville godkjenne. Den andre måten var at dei gjekk attende
til omgangsskule i den tida det var mest verhardt og mørkt. Det
vart ofte freista, men det førde med seg ugreie og rot. Fleire og
fleire såg no at den faste skulen på Risnes måtte vekk.
Kommunen hadde kjøpt skulehuset, og i 1884 vart det gjort vedtak
om at huset skulle flyttast til Rambjørsvika. Men då det bar
til stykket, var det ikkje semje om det heller. Så vart det vedteke
at skulehuset skulle flyttast over Risnesstraumen til Torsvik. Denne gongen
vart det gjort, og så vart det gamle huset sett opp for andre gong
i Torsvik.
Fyrste freistnaden på å samle fleire gardar
i Masfjorden til ein skule hadde stranda. Omgangsskulen måtte ta
over på nytt. Ja, omgangsskuleordninga hadde sigra. Året etter
at skulehuset på Risnes vart flytta til Torsvik vart det gjort vedtak
om at Risnes, Torsvik og Frøyset skulle gå attende til ordninga
med omgangsskule. Ikkje ein gong på Risnes skulle det vera fast skule
lenger.
Og likevel kom det nett i denne tida opp ein strid om
fast skule som delvis galdt dei same krinsane-skulelauga- som den faste
skulen på Risnes hadde rekna dit. Og denne gongen kom opptaket frå
ein stortingsmann, H. B. Wergeland, som budde på Løveid. Tanken
hans var at det skulle samlast born frå Torsvik, Risnes, Frøyset,
Tangedal, Sleire og Løveid.
Wergeland var ordførar i Masfjorden, stortingsmann,
vel inne i styre og stell, og med høve til å arbeide for sitt
syn innan kontor i offentleg administrasjon. Men i dei områda det
var tale om å omskipe, var motstanden massiv. Det heile samla seg
til slutt i ein tett strid med sikte på å setje Wergeland utanfor
alle tillitsyrke i kommunen, fyrst og fremst utanfor kommunestyret, og
det lukkast.
Wergeland vart sett utanfor, og tanken om ein 4-delt
skule på Frøyset vart skrinlagt.
Men no er me komne midt inn i arbeidet med å dele
kommunen inn i krinsar, og å byggje skulehus i flest mogeleg av skulekrinsane.
Dette arbeidet tok til i 1893 med skulehuset på Nørland, og
det slutta i 1950 med innviing av Eikemo skule. Men då var det straks
før det arbeidet tok til som skulle feie vekk krinsskulane og gje
bygda ei heilt ny skuleordning. Ei ny tid hadde teke til, og ikkje berre
innan skulen.
--------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden
Sogelag / Masfjorden Mållag. |