Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

 
Sju års skulegang utan veg
Forfatter: Ragnhild Jung

Då eg byrja i skulen i 1926 hadde me i Kvamsdalen ikkje bru over Storelva. Endå me budde langt frå sjøen var det likevel båt og årar som vart vårt viktigaste framkomstmiddel. Det var ikkje langt stykke bort i Vika, men "ferjene" som me brukte i vatnet, var alt anna enn stødige. 

Difor var det oftast ein vaksen person som skyssa oss over og henta oss om ettermiddagen. Slik hugsar i alle fall eg det frå første året eg gjekk i skule. Det året var det to-delt skule, dei største og dei minste hadde kvar sin dag. I minste klassen var me berre to jenter frå Kvamsdalen, 9 og 7 år gamle. Så dei "leit" nok ikkje oss to åleine med båten. Når det la seg is på vatnet, vart det andre vanskar og. Særleg før isen var sterk. Der elva kjem ut i vatnet, var straumen så sterk at det heldt seg lenge ope. 

Me vart då skyssa over der og måtte gå Liheiane. Det tok omtrent halvtimen, gjennom utmarka. Etter at det kom bru over elva i 1927, vart dette den vanlege skulevegen. Ja, utanom vinterstid med sterk is på vatnet. Då var det mykje kortare å gå beint over. 

År om anna kom det ein ny liten vegstubb frå brua og bortover. Men det gjekk seint, tykte me. Ein høg berghamar, der det måtte minast og skytast mykje, kunne stanse vegbygginga i fleire år. Så vart det bygt ein "akort" att, det meste var "pliktarbeid" på oppsitjarane. Dei hadde skrive seg for så og så mange dagsverk for året. Eg fekk ikkje oppleve å gå vegen heilt fram til skulen, for då han var ferdig, var eg "gått ut". 

Skulehuset vårt vart plassert mest mogeleg slik at alle i krinsen hadde like lang veg. Berre dei i Lia hadde det nært. Der var ingen lærarbustad i skulehuset, men attmed skulestova var det eit lite "kammers". Der kunne læraren "trekkje seg attende" i middagsstunda. Kanskje hende det at han budde der og, det veit eg ikkje. Men ute i gongen var der ei bratt trappe opp til loftet. Aslaug Kvamsdal, som var lærar det fyrste året eg gjekk i skulen, hadde fått laga til ein liten "hybel" oppå der. Det har vorte sagt at far hennar, R.N. Kvamsdal, kosta materialane som skulle til. Denne hybelen var eit rom i eine "ramen", midt under mønet. Så det var skråtak på begge sider i rommet. Eg hugsar at me fekk kome der på barneforening, og me tykte dette var storveges til husvære. Kjøkken måtte ho ha ute på den opne ganglemmen, så det kan vel tenkjast at det var noko "hustre" vinters dag. 

Frå andre skuleåret mitt vart det "samla skule", det vil seie at alle, frå 7 til 14 år, gjekk same dag og i same klasse. Det vart "turskuleordning": 14 dagar skule og 14 dagar fri. Denne skuleordninga fekk eg ha i 6 av mine sju år i folkeskulen. Han eller ho som var lærar hjå oss, hadde då ei annan skulekrins dei 14 dagane me hadde fri. 

Lærarane skifta frå år til år, ialt gjekk eg til 6 lærarar dei 7 åra eg gjekk i skulen. Sjur Duesund hadde me lengst, han var der i 3 år. Men siste skuleåret mitt vart undervisninga delt på to lærarar. Best hugsar eg det året me hadde Hilda Bauge, for ho var alltid ute og leika med oss i friminuttane ! Og så tok ho oss med på skuletur til Mollandseidet, den andre krinsen ho hadde. Me hadde aldri hatt skuletur før, så dette var "årets begivenhet". Det var no vorte ferdig veg langs stranda av Kvamsdalsvatnet, men sidan var det å gå i utmark- og ro over fleire vatn. Me starta tidleg, gjekk til Ostavatnet og hadde båt over der. Så gjekk me inn Tenndalen, over Mollandsdalen og kom ned til Molland. Der lånte me båt og rodde over vatnet, så var me framme. Ho Hilda hadde lagt opp eit fint program for dagen, både med kakao og mat, song og leik. Tida gjekk berre så altfor fort, men utpå ettermiddagen måtte me ta på heimveg. Det bar same vegen attende, og ho Hilda var med oss. 

Sjølvsagt vart det skrive stil etterpå, og den slutta "klassisk": "Me var alle samde om at det var ein gild dag"! 

For mitt "indre auga" kan eg sjå skulestova vår slik ho var i mi skuletid: Høgt under taket og svært lyst. For den eine langveggen hadde fire store vindauge, mest frå golv til tak, tyktest det. Den andre langveggen var "snau", berre ein liten stiv "plakat" hang på ein spikar i nærleiken av døra. Han hadde eit merke, ein raud dobbelkross, og med store, svart bokstavar stod det: SPYT IKKE PÅ GULVET!! Nedunder var det meir svart lester, og denne vart no lesen nokre gonger i kvart skuleår: "Et spyt utbreder smitsomme sygdomme osb..." Det var eit merkeleg språk, heilt ulikt det me lærde. 

Eine kortveggen hadde to dørar, ei til gongen og ei til kammerset. Midt mellom desse stod den store, runde ovnen som gav oss varme i kalde vinterdagar. I kråa attmed kammersdøra var det eit veggfast skåp. der var det læraren hadde kladdebøker, blyantar og viskelær, og mykje anna som me hadde bruk for. Blekkflaska sto heilt på botnen, saman med ymse slags instrument som me av og til tok fram når me hadde noko som heitte fysikk. Ja, og så hadde skuleboksamlinga ei hylle eller to. 

Den andre kortveggen var den "viktigaste". Der var tavla, kart over "metrisk mål og vekt", oftast og eit kart over Jødeland. Det siste var mykje brukt når me hadde bibelsoge. Andre kart og plansjar vart henta inn frå kammerset og hengde opp når me hadde bruk for dei. Framfor denne veggen, på midten, stod KATETERET. Det hadde som ein slags kasse nedst, denne var så "vid" at læraren kunne ha ein stol der så han slapp å stå heile tida. Fronten på kateteret var grønmåla, hadde fyllingar med gule lister, og på innsida hadde læraren ei hylle og to skuffer som var råd å låse. 

Utover golvet var pultane plasserte i rekkjer, nokon store og nokon små, etter så mange elevar der var til kvar tid. Eg tykte det var moro å gå i skulen. Lese kunne eg før eg byrja, eg måtte vel ha lært det hjå nabo-borna, for der var det to som gjekk i skulen. Eg hugsar godt fyrste skuledagen då eg møtte opp med ABC- boka i skulekassen som far hadde laga. Etter å ha lese stykket om "Veren, grisen og hanen som ville til skogs og bu for seg sjølve", fekk eg første band av Austlid Lesebok. Det var ingen andre førsteklassingar det året, så det var ingen å samanlikne seg med, og ingen å "halde lag med" i lesinga. 

Skuledagen tok alltid til med eit salmevers- eller fleire. På den måten fekk me god øving i dei salmane som me kvar vike hadde i utanboklekse. Etter song og andakt eller morgonbøn, var det alltid kristendom i første time: bibelsoge, katekisme eller forklaring. Om laurdagen var det Bibellesing og utanboks salmevers. I storskulen hadde me og litt kyrkjesoge, så me fekk litt kunnskap om "kyrkjefedrene", pavane og katolikkane. Inntrykket som sat att, var at dei to siste gruppene måtte være nokså fæle folk. 

Naturfag, der me lærde om plantar og dyr, var interessant. Litt skummelt var det med eit og anna "fysikkekspriment", særleg med "elektrisermaskina" som fekk håret til å reise seg på hovudet til den som var motig nok til å vere "forsøkskanin". Og så den kvikksølvflaska som var så forferdeleg tung. Ein gong me skulle ha noko kvikksølv på eit papir, for det på golvet. Me kraup rundt for å samle opp "perlene", men det var ikkje lett! 

Noregsoga med kongerekkjer og diverse slikt, kunne vere morosamt, særleg det om han Harald Hårfagre som lovde henne Gyda at han ikkje skulle klyppe håret sitt før han hadde samla Noreg til eitt rike. Korleis det gjekk med dette riket etter slaget i Hafrsfjord, vart ikkje så klart for oss. Mykje krangel vart det visst, og vanskeleg var det nok å verte viss på kven som var "av kongeleg byrd". 

Landkunne var eit fag som eg hadde mykje til overs for. Kartet vart studert både nøye og lenge. Me fekk skulekart (over Noreg) attåt Landkunna, dette var kanskje i 1930. Ein song om dei norske elvane gjorde at det var lett å hugse dei. Eg kan endå første verset: "Dei Norske elvane dei er mange, og sume stutte og sume lange. Dei fleste fossar i flog og flaum, men fåe flyt med ein stille draum". Så kom det tolv-tretten vers med to eller fire linjer om kvar elv. "Regla" om dei største fjordane i Finnmark, fekk namna til å feste seg for livstid: "Alle Piker Løper Til Vinduet", kjenner nokon den ?? 

Ja, stort sett var alt kjekt i skulen. Eg hadde likevel eitt problem: Skjønnskrift-, som det heitte. Det hjelpte ikkje kor mykje "Nytt System" hadde over- eller underlinjer og raud forskrift til å skrive over. Alltid var der ein eller annan F som ikkje ville fylgje "systemet", eller ein K som tok seg ein krøll over midtlinja. For ikkje å snakke om at bokstavane skulle "liggje pent på skrå" etter kvarandre. Blekk-klattar vart det og, som slett ikkje pynta opp i boka. Den einaste gongen eg hugsar at eg fekk irettesetjing, var i ein skrivetime. Me skulle sitje med RETT RYGG; og dette var særleg påpassa i skrivetimane. Eg hadde vel sokke godt saman med kul på ryggen i eit intenst strev med den gjenstridige pennen-. Då kjende eg eit fast tak i mine to lange hårfletter. Det var læraren som "heiste" meg opp og sa: "Eg skulle ha spikra dei fast her", medan han heldt flettene fast bak ryggstøet på pulten. 

Når det gjeld irettesetjing, eller skjenn, som me helst kalla det, så var vel eg heldig. Andre fekk nok meir av den sorten, særleg dei som hadde vanskar med å lære lekser. Eg minnest ein som sleit tungt med leksene, han hadde vel problem med lesinga og. 
Men så hende det av og til at læraren fortalde "historier", kanskje til utfylling, eller det var slikt som ikkje stod i våre bøker. Då kunne denne "dumme" eleven gje att soga mest ordrett. Der hadde han sitt "talent", som berre så altfor sjelden fekk kome fram. 

Ymse "straffetiltak" hadde læraren mot dei som ikkje kunne leksa, eller ikkje hadde gjort heimearbeidet. Ofte var det at dei måtte sitje inne og gjere dette arbeidet i friminuttet, når me andre var ute og leika. Meir alvorlege ting vart "løna" med attpåsitjing. Dette var ei større skam, så det gjorde knapt at lysten til skulen auka. Men "kustus" skulle det vere, leksene skulle alle gjere. Noko som me alle prøvde å unngå, var å spørje om å få gå ut i timen (på do). Slike ting skulle me passe på å gjere i friminuttet. Men- når leiken gjekk som best, var det lett å gløyme seg bort. Ja, det var no ikkje alle lærarar som var like strenge på dette. Det var helst berre ein som me knapt våga å spyrje. Det var som å be "om dårleg ver". 

Skykkja stod eit lite stykke frå skulehuset, nede i Hagen, me kalla. I den bygningen var og tre slike nødvendige rom: eitt for gutar, eitt for jenter og så eitt for læraren. Det var ingen hage der, men kanskje hadde plassen ein gong vore etla til skulehage, men det vart aldri noko av den. Elevar i storskulen måtte yta ymse arbeidsoppgåver i samband med skulen. Etter som det var "krinsen" som sytte for brensel, fyring og reinhald, måtte store skuleborn ofte leggje i ovnen og kanskje også vaske, når det var deira huslyd som hadde "tur". Etter tur måtte og kvart gardsbruk skaffe 1/4 mål ved. Den store runde ovnen måtte ha noko å "ete" om han skulle gje varme til frosne ungar som hadde vassa gjennom snøfenner og fått naglebit både på hender og føter. 
Det var så ymse stell med den veden, turr var han slett ikkje alltid. Dei som skulle leggje i ovnen, bar ofte "kveiksle" med seg heimanfrå. 

Elles bar me ungane inn ved og stabla opp rundt ovnen så han skulle turke. Dei dagane det skulle vaskast, vart det fyrt under den store jerngryta i gongen. Innlagt vatn var der ikkje, så det var ofte strevsamt å få tak i det. Om vinteren vart det vel oftast at ein fyllte gryta med snø, og så måtte det påfyllast etter kvart som han "sokk ihop". Ei råd hadde me i turketider og: Gå opp i Lia til oppkoma hans Erik, der var det alltid vatn. Om våren måtte skulestova rundvaskast, og det var "fellesarbeid". Då samla kvinnfolka seg til ein vaskedag, kanskje var der mannfolk med og. For det var høgt under taket, så det måtte "stillas" til. Det vanlege med husevask var "bukkar" med plankar oppå, men det strakk vel ikkje til her. Både golv, veggar og tak (loft) var umåla tømmer, og når det vart vaska med grønsåpe og vatn lukta det veldig godt ! Golvet vart etter kvart slite og tungt å vaske. Det veit eg av eiga røynsle-. 

Skulekrinsen gjekk og saman om andre samkomer av det meir festlege slaget. Julefesten vart oftast utsett til skulen byrja att etter nyttår. Det var læraren som "styrde" med den, og når han (eller ho) ikkje budde i krinsen, måtte me ta omsyn til det. Men så vart det og som ei ekstra julefeiring, og det var det ingen som hadde imot. Å skaffe juletre gjekk og på "omgang". Og det var viktig at det var stort og velvakse, helst skulle det rekkje under taket! Nokon av dei største elevane, kanskje og nokre ungdomar, hjelpte til med pynting. Juletrepynten hadde ofte hatt besøk av mus sidan sist år, så det måtte lagast nye korger og lekkjer. Skulestova vart og pynta med fargeglade lekkjer av krepp-papir, norske flagg og grøne greiner. Kateteret vart flytta bort i ein krok, og lampen hengt over. For ein viktig del av programmet, iallefall for oss som gjekk i skulen, var opplesinga! Me fekk velje oss stykke frå Norsk Barneblad, Magne eller julehefte som det ofte var mange av i juletida. Litt sommarfuglar i magen gjorde vel at me stotra litt, men når det var vel overstått og alle klappa, hadde me ei god kjensle i bringa. Elles gjekk me mykje om juletreet. Julesongane vart gjerne sunge oppatt fleire gonger. Det vart kokt kakao på ovnen i gongen, mat hadde alle med, den vart lagt på fat og "blanda", så me fekk smake dei andre sin mat og. Så flytta dei juletreet litt til side, og det vart leika "eg gjekk meg over sjø og land", eller "reven raskar over isen" og meir slikt. Dei "store" hadde rett som det var ærend ut for å sjå om det kom nokon. Og sanneleg, kom ikkje julenissen dette året og, med ei appelsine til kvar av borna. Det vart alltid "gissa" på kven som var julenisse. Så lenge me var små, skjøna me lite av dette, julenissen var no julenissen, han.. 

Om våren var det eksamen. Den skriftlege var no viss for dei som "gjekk ut". Men enkelte år hadde me noko som vart kalla "muntleg eksamen", Då kom ein annan lærar saman med presten på besøk. Foreldre og alle som ville kunne då kome og høyre på, kva skuleborna i krinsen "kunne". Helst var det nok i kristendom me vart "overhøyrde". Eg hugsar ein gong eg fekk høve til å "framføre" eit stykke frå Bibelsoga om ein som heitte kong Jeroboam eller var det Rehabeam ? Litt spursmål i andre fag fekk me no og, og så måtte me vel lese høgt så alle fekk høyre kor det stod til med den kunsten. 

Leselysten varierte vel litt hjå elevane, då som no. Men hjå nokon av oss var den stor. Skulebiblioteket utgjorde kanskje to hyller i skåpet i kråa, utvalet var ikkje så stort, og såvidt eg hugsar var det dei same bøkene i alle mine sju skuleår. Men me las dei oppatt og oppatt, særleg dei som gjerne var berekna på eldre lesarar. Først tok eg vel fatt på "Smågutar", det var helst berre ei fille att av den, så var det "Veslefrikk med fela" og fleire som det fanst stykke i lesebøkene or. "Onkel Toms Hytte" var mest uuthaldeleg spanande, men du, kor trist det var med desse stakkars slavane! Eg sat på sengekanten og las og gret, las og gret. Jakob B. Bull's "Folkelivsskildringar" gløymer eg ikkje så lett. Dei gjorde inntrykk! Særleg den soga om taterane / omstreifarane som måtte dra vidare endå om gamlemor var døyande. Løysinga ga ho sjølv, såvidt eg hugsar. Ein flåte vart slepa ut på djupt vatn, gamlemor sett på flåten med steinar bundne til føtene, og når døden kom, så gjekk det som det måtte gå. Men fylgjet for vidare, det var den måten dei løyste eit slikt problem på-, etter det boka fortalde. 

Torgeir Bjørnarå's "Dyresogor" og Svein Moren's "Den store tømmerdrifta" var av det meir "barnslege" utvalet. Men så var der ei som heitte "Raudsjøen", ei onnor "Ramnagrø", dei hadde me som eit inntrykk av att det var litt "ulovleg" lesnad, om forelsking / friing og meir slikt. Det vart ikkje snakka med ungar om slike ting i den tida ! 

I alle mine sju år i folkeskulen hadde eg funne meg godt til rette. Det hadde vore gode år. Då eg våren 1933 hadde min siste skuledag, var eg tung i hugen. Nokre tårer trilla det og, for eg hadde så lyst å gå meir på skule, lære meir ! 

Men utsiktene til det var ikkje store- i den tida. 

-------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal